Golanhøgda er ein del av Syria, men har vore okkupert av Israel sidan 1967, etter den såkalla seksdagarskrigen med arabiske land.
Så annekterte Israel området i 1981, i strid med folkeretten. Det er berre USA, under Donald Trump, som har anerkjent Golanhøgda som israelsk territorium.
No har den israelske regjeringa vedtatt å utvide dei israelske busettingane i området og «doble populasjonen».
Israelske soldatar på Golanhøgda, 11. desember.
Foto: Det israelske forsvaret / via ReutersRegjeringa har sett av 11 millionar dollar til utdanning, fornybar energi, opprettinga av ein studentby i området, skriv The Times of Israel.
«Strategisk viktig»
Etter den arabisk-israelske krigen i 1967 blei det oppretta ei buffersone mellom Israel og Syria som FN har overvaka i 50 år, ikkje ulikt buffersona i Sør-Libanon.
Kartet viser den okkuperte Golanhøgda.
Hermon-fjellet, som er Syrias høgste fjell og i tillegg det høgste punktet i regionen, ligg i buffersona.
No har israelske styrkar tatt seg inn i området og opp på fjellet, og grunngitt det med at «sikkerheitsavtalen blei oppheva» då Assad-regimet fall for litt over ei veke sidan.
Israels forsvarsminister Israel Katz kallar fjellet strategisk viktig, og har bedt dei israelske styrkane om å førebu seg på å bli verande der gjennom vinteren.
Israelske soldatar står ved Alpha-linja, buffersona som skal skille Israel og Syria frå kvarandre.
Foto: Matias Delacroix / APPå Golanhøgda bur det 20.000 israelarar i ulovlege busettingar. Det bur også 20.000 syrarar der, dei fleste etterkommarar av drusarar som ikkje flykta då Israel okkuperte området i 1967.
Fleire syrarar nyheitsbyrået AP har snakka med, seier at dei ønsker fred med Israel, men at dei ønsker at Golanhøgda skal bli ein del av Syria att.
– Vi har allereie nok av problem
Tidlegare statsminister i Israel, Ehud Olmert, seier at det er ingen grunn til at Israel skal ta meir land av Golanhøgda.
– Vi har allereie nok av problem, sa han til radioprogrammet BBC World Service.
Olmert og forsvarsminister Israel Katz stod på kvar si side også i 2004, då Katz feilaktig annonserte ei utviding av busettingane på Golanhøgda, noko Olmert avviste.
Syriske drusarar feira på den okkuperte Golanhøgda då regimet fall 8. desember. Dei ønsker fred med Israel, men at området skal vere syrisk.
Foto: Stoyan Nenov / ReutersDen siste veka har også israelske styrkar angripe hundrevis av mål i Syria.
Israel kallar det sjølvforsvar «i møte med den politiske usikkerheita» etter regimets fall.
Den nye de facto-leiaren i Syria, Ahmed al-Sharaa, kallar angrepa for ei opptrapping, men legg til at landet er for utmatta til å gå inn i ein ny konflikt.
Ifølge observatørgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) har Israel angripe fleire militære mål i kystregionen Tartous søndag. Det skal vere dei kraftigaste angrepa mot regionen på over ti år.
Dei sameinte arabiske emirata har fordømt dei israelske militæroperasjonane i Syria den siste veka, og utvidinga av busettingane.
– Dette er ein del av ein pågåande sabotasje av moglegheiter til å gjenopprette sikkerheit og stabilitet i Syria, skreiv Saudi-Arabias utanriksdepartement i ei fråsegn.
Publisert 16.12.2024, kl. 07.58 Oppdatert 16.12.2024, kl. 08.28