Jimmy Carter (100) er død

4 months ago 20


Jimmy Carter er død, det meldar Reuters.

Etter fleire sjukehusopphald valde USAs tidlegare president Jimmy Carter å vere den siste tida heime i Georgia, der han fekk lindrande behandling i sluttfasen av livet. Han døde med familien rundt seg.

Demokraten Jimmy Carter var USAs president frå 1977 til 1981 og er USAs lengstlevande president nokosinne. Tidlegare president George H.W. Bush, som døydde i 2018, vart 94 år.

Carter heldt ein låg profil etter at pandemien braut ut, men skreiv ein kronikk i The New York Times i 2022 der han frykta at demokratiet i USA vil bli borte.

– Det er veldig vemodig at Carter er død, men ikkje uventa. Han var svært gammal og har vore sjuk den siste tida, seie tidlegare statsminister Kjell-Magne Bondevik.

Bondevik og Jimmy Carter hadde eit profesjonelt forhold basert på deira felles engasjement for fred og menneskerettar. Dei møttest først i samband med internasjonale konferansar og arrangement knytt til fredsarbeid og demokrati.

– Eg har hatt glede av å møte han fleire gonger, og har besøkt han på Atlanta-senteret i USA, som var litt av inspirasjonen til å starte Oslo-senteret i si tid, seie Bondevik.

 Fredsprisvinner Jimmy Carter møtte onsdag morgen statsminister Kjell Magne Bondevik på statsministerens kontor.

Bondevik seie han har hatt glede av å møte han Carter fleire gonger. Her på statsministerens i 2002.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

Fekk stemt på Harris

Femten dagar etter at han fylte 100 år, gav den tidlegare amerikanske presidenten Jimmy Carter si stemme i det amerikanske presidentvalet 2024.

Carter fortalde familien sin tidlegare i år at han ønskte å leva lenge nok til å støtta presidentkandidat Kamala Harris.

Jimmy Carter vart 100 år 1. oktober 2024

Et eldre ektepar sitter på en hvit benk og snakker sammen.

I 2021 feira Jimmy og Rosalynn Carter 75 års bryllaupsdag.

Foto: John Amis / AP

Fekk Nobels fredspris

Året etter at Carter gjekk av som president, oppretta han saman kona si eit eige fredssenter, The Carter Center.

I 2002 fekk han Nobels fredspris for innsatsen sin for fredelege løysingar på konfliktar og for å fremje demokrati, menneskerettar, økonomisk og sosial utvikling.

– Han er ein mann som har utretta veldig mykje for fredens sak og menneskerettane, og han fekk fortent Nobels fredspris, riktig nok etter mange år. Eg synest han er ein av dei enkeltpersonane som har fortent den best, seie Bondevik.

Kong Harald av Norge, til venstre, gratulerer USAs tidligere president Jimmy Carter, til høyre, som ble tildelt Nobels fredspris i 2002 tirsdag 10. desember 2002 i Oslo. I sentrum står leder av Den Norske Nobelkomité, Gunnar Berge.

Kong Harald av Noreg, til venstre, gratulerer USAs tidlegare president Jimmy Carter, til høgre, som vart tildelt Nobels fredspris i 2002 tysdag 10. desember 2002 i Oslo. I sentrum står leiar av Den Norske Nobelkomité, Gunnar Berge.

Foto: BJOERN SIGURDSON / AP

I presidentperioden bidrog Carter blant anna som meklar i Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt, som la grunnlaget for samtalar som førte fram til ein fredsavtale mellom dei to landa.

Og i åra etter at han gjekk av som president var den tidlegare presidenten fredsmeklar i konfliktar på fleire kontinent.

I grunngjevinga for fredsprisen skreiv komiteen at Carter heldt fast på prinsippet om at konfliktar best blir løyste gjennom mekling og internasjonalt samarbeid basert på folkeretten og respekt for menneskerettane og økonomisk utvikling.

Peanøtter og politikk

James Earl Carter jr. blei fødd 1. oktober 1924 i Plains i delstaten Georgia, men han brukte sjeldan sitt fulle namn.

Han var utdanna ved United States Naval Academy, og tenestegjorde i den amerikanske marinen fram til faren døydde i 1953.

Då søkte han avskjed for å ta over familieverksemda i Plains, som produserte peanøtter. Dette gjorde Carter til ein velståande mann.

Etter kvart engasjerte han seg i politikken. Han sat to periodar i senatet i Georgia. I perioden 1971 til 1975 var han guvernør i delstaten, der han blant anna utmerka seg ved å legge vekt på miljøvern og bygge ned raseskilje.

I 1977 blei han innsett som USAs 39. president.

Mann i mørk frakk vinker til en folkemengde.

I 1977 blei Jimmy Carter sett inn som USAs 39. president.

Foto: Suzanne Vlamis / AP

Vanskelege presidentår

Som president fekk Carter inflasjon, høg arbeidsløyse og ei energikrise i fanget. Men arbeidet blei vanskeleg fordi han ikkje hadde den naudsynte støtta frå Kongressen.

Då han gjekk av etter fire år, hadde han likevel bidrege til å skape 8 millionar arbeidsplassar og redusert budsjettunderskotet, ifølge heimesida til Det kvite hus. Men inflasjonen og rentene var rekordhøge, og forsøket på å redusere dei, førte til ein nedgang i økonomien.

Tre menn i dress gir hverandre hånden i forbindelse med inngåelsen av en avtale.

Camp David-avtalen var Jimmy Carters største utanrikspolitiske suksess som USAs president. Her er han saman med Egypts president Anwar Sadat (til venstre) og Israels statsminister Menachem Begin då avtalen blei underteikna i 1979.

Foto: AFP

I utanrikspolitikken var hans største suksess Camp David-avtalen.

I tillegg fekk han gjennomført avtalen som førte Panamakanalen tilbake til Panama og Salt 2-avtalen mellom Sovjetunionen og USA, som tok sikte på å avgrense produksjon og utplassering av strategiske atomvåpen.

Carter sette også i gang eit større arbeid for å få betra menneskerettane i fleire land, men dette blei møtt med ei kald skulder i Sovjetunionen og landa i Latin-Amerika.

Rosalynn Carter og Jimmy Carter avbildet i Det hvite hus 17. februar 1977.

Rosalynn og Jimmy Carter avbilda i Det kvite hus 17. februar 1977. Førstedama fekk ei sterk stilling og ho fekk særleg æra for å setje psykisk sjukdom på den politiske dagsorden.

Foto: Charles Tasnadi / AP

Gisselkrisa i Iran

Men det største nederlaget i utanrikspolitikken kom med gisselkrisa i Iran i 1979. I samband med at sjahen blei styrta, blei 66 amerikanarar tekne som gislar i Teheran.

Carter kutta dei diplomatiske banda med Iran, og innførte handelsboikott. Men folket meinte han ikkje var tøff nok, og populariteten hans dalte. Eit mislykka forsøk på å redde gislane, førte til at åtte amerikanske soldatar blei drepne.

Svart-hvitt bilde av fire menn som går mot kamera. En av dem har bind for øynene.

I 1979 blei over 60 amerikanarar tatt til fange ved den amerikanske ambassaden i Teheran. Gisselsituasjonen varte i 444 dagar, og var ein viktig årsak til at Jimmy Carter ikkje blei attvalt.

Foto: AP

I presidentvalet i 1980 vann Ronald Reagan ein solid siger, med ein kampanje der Carter blei framstilt som lite handlekraftig i internasjonal politikk.

Gisselsituasjonen varte i over 400 dagar, og Iran sette dei amerikanske gislane fri same dag som Carter gjekk av.

Engasjerte år etter presidentperioden

I åra etter at han gjekk av som president, heldt Carter fram med å engasjere seg i arbeidet for menneskerettar og fred.

Det har blitt sagt at han var betre som tidlegare president enn han var som president.

I 1994 leia han ein delegasjon som prøvde å overtale militære leiarar i Haiti til å overgi makta. Han mekla også fram ei våpenkvile i Bosnia, som bana veg for ein framtidig fredsavtale der.

I 1999 var han i Noreg, blant anna i Bergen kor han fortalde om sin kjærleik til Grieg.

Jimmy Carter i Bergen i 1999

I 2007 etablerte Carter og Nelson Mandela ei gruppe med tidlegare statsleiarar, The Elders, der Gro Harlem Brundtland er blant medlemmane.

En eldre kvinne og tre eldre menn står sammen i en gruppe. Kvinnen ser rett fram, mens mannen som står ved siden av kikker på noe høyt oppe. De to andre mennene i bakgrunnen smiler.

Gro Harlem Brundtland og Jimmy Carter i forbindelse med eit møte i gruppa The Elders.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

Rosalynn døydde før han

Dei siste åra var prega av sjukdom. I 2015 blei Carter operert for leverkreft. Sjukdommen spreidde seg seinare til andre delar av kroppen. Han bestemte seg for å flytte heim for å ha den siste tida der saman med ektefellen, Rosalynn.

Dei var gift i over 77 år, og ho var gjennom heile samlivet ein viktig rådgjevar for mannen. Fleire meinte at dei politiske instinkta hennar var betre enn hans.

Pressa i Washington gav henne kallenamnet «Stålmagnoliaen», då hennar sterke vilje stod i kontrast til den noko blyge framtoningen og mjuke sørstatsdialekten.

– Rosalynn er min beste venn. Den perfekte forlenginga av meg, sannsynlegvis den mest innverknadsrike personen i mitt liv, sa Jimmy Carter om kona si.

Jimmy Carter var til stede ved den offentlige minnestunden for sin ektefelle Rosalynn Carter i Glenn Memorial Church i Atlanta.

Jimmy Carter var til stades ved den offentlege minnestunda for ektefellen sin Rosalynn Carter i Glenn Memorial Church i Atlanta. Familien var klar på at dette var hans siste framferd og at også hans liv gjekk mot slutten.

Foto: EVELYN HOCKSTEIN / Reuters

19. november døydde Rosalynn Carter.

I den offentlege minnestunda som blei halden til ære for den tidlegare førstedama, var ektemannen til stades, tydelege svekt. I fanget hans i rullestolen, låg det eit kvitt og blått teppe, brodert med eit smilande portrett av Rosalynn.

Jimmy Carter blir gravlagd ved sida av ektefellen i heimbyen Plains.

En eldre mann sitter ved et bord og drikker kaffe sammen med en yngre mann.

Jimmy Carter følgde med i amerikansk politikk til det siste. I 2020 møtte han Pete Buttigieg, som prøvde å bli Demokratanes presidentkandidat, til ein kaffi.

Foto: Matt Rourke / AP

Publisert 29.12.2024, kl. 22.02 Oppdatert 29.12.2024, kl. 22.36

Read Entire Article