– Stakkars Nils, han er redd han!
Det sa Therese Johaug då ho fekk spørsmål om kva ektemannen sa til NRK i eit intervju fredag.
For den tidlegare roaren – no lege – føler seg ikkje så sikker på at kona set punktum etter VM i Trondheim.
– Nei, eg er aldri trygg på noko som gjeld henne, sa Hoff med eit smil – og heldt fram:
– Ho seier jo at ho har lyst til å gå VM, og så skal det vere slutt etter det. Men plutseleg er det ikkje så lenge til OL, så eg veit ikkje.
Ektemannens spøk: – Lever i konstant frykt
Det er ikkje meir enn dryge 14 månader til OL i Milano/Cortina startar, 6. februar 2026. Johaug, som vann individuelle OL-gull for første gong i karrieren i 2022, vil vere 37 år under OL i 2026.
– Eg elskar det eg driv på med. Eg får mykje energi av det, men det er over etter VM, svarte Johaug på spørsmål om ektemannens vesle tvil.
– Ho kunne trygge deg med at det blir punktum. Kva tenker du om det, Hoff?
– Eg lever i konstant frykt, sa den tidlegare roaren med eit stort glis, før han heldt fram:
– Vi tek eitt løp om gongen. I dag (laurdag) var ein god dag. Vi får sjå om ho kjem til VM og kor vidt det går bra, og så tek vi det derifrå.
Logistikk i fokus
Hoff og Johaug vart 17. mai i fjor foreldre til dottera Kristin. For å legge best mogleg til rette for Johaug si satsing, er Hoff no ute i pappapermisjon til over vinteren.
Logistikken rundt korleis dei eventuelt skulle løyst familielivet ved ei OL-satsing er dermed noko som i tilfelle må avklarast.
Både Hoff og dottera var til stades under sesongopninga på Beitostølen. Dei to budde på rom i lag, medan Johaug hadde sitt eige.
– Du stolar ikkje heilt på at Therese lovar å slutte etter VM?
– Eg tenker at dersom ho skal ha sjansen til å gjere noko meir enn å gå denne sesongen, så må vi tenke oss nøye om med tanke på logistikk og slikt. Men du veit aldri, sa Hoff.
Uansett kor langvarig comebacket til Johaug blir, viste ho utvilsamt på Beitostølen at ho er tilbake på eit høgt nivå. Laurdag vann ho 10 kilometeren 39,6 sekund framfor Heidi Weng.
– Det er ein god indikasjon på at ho har gjort ein god jobb og er der ho skal vere. Så kjem det til å endre seg utover i sesongen og det blir ny helg neste helg med internasjonale konkurrentar. Det er ein god start og så får vi bygge derifrå, sa Hoff.
Ein indikasjon på at det framleis er litt å jobbe med kom på søndag. Då måtte Johaug sjå seg slått med seks tidelar av Heidi Weng.
Teknikken vekker oppsikt: – Må revurdere 00:37
Publisert 26.11.2024, kl. 06.13