KI-selskapa stuper i USA

3 months ago 20


KI-assistenten til DeepSeek ser ut til å overraske teknologiinvestorar over heile verda.

I løpet av måndagen gjekk appen forbi ChatGPT som den mest lasta ned gratis-appen til Iphone i USA.

Programmet brukar billegare databrikker og mindre datakraft enn konkurrentane, ifølgje selskapet. Dei opplyser at dei utvikla KI-assistenten på to månader og at det kosta under 6 millionar dollar, ifølge CNBC.

Deepseek and ChatGPT logos are seen in this illustration taken January 27, 2025.

Kinesiske DeepSeek sin KI-assistent har tatt opp kampen med amerikanske ChatGPT.

Foto: Dado Ruvic / Reuters

IT-rågjevar i Otte, Torgeir Waterhouse, påpeikar at dette er mykje mindre pengar enn OpenAI brukte på å lage ChatGPT.

Han trur dette har overraska marknaden, men meiner det er for tidleg å seie om DeepSeek kjem til å konkurrere ut ChatGPT.

– Eg trur vi må sjå bruken over tid. Tala no får veldig merksemd, noko som leiar til mykje bruk, som igjen gir meir merksemd og meir bruk, seier Waterhouse.

Torgeir Waterhouse
Torgeir Waterhouse

Torgeir Waterhouse er partner i konsuletselskapet Otte og har jobba med rågjeving inna IT i ei årrekke.

Foto: Hanna Johre / Hanna Johre / NRK

Nvidia stuper

I førhandelen måndag gjekk verdien til Nvidia ned 11,4 %.

Etter svært gode år for amerikanske teknologiaksjar har Nvidia vore det mest verdifulle selskapet i verda, målt i børsverdi.

Verdiauken har i stor grad kome av at databrikkene deira har vore rekna for å vere best eigna til å drive kunstig intelligens.

Nvidia

Foto: AP

Det norske oljefondet eig 1,17 prosent i Nvidia. Ved nyttår var eigardelen verdt rundt 377 milliardar kroner. Oljefondet har også milliard-eigarskap i ei rekke andre amerikanske selskap som Microsoft, Meta og Amazon.

Brei teknologinedgang

KI-selskapa Broadcom og Marvell Technology får også gjennomgå før børsopning. Begge er ned rundt 11 %.

Publisert 27.01.2025, kl. 14.56 Oppdatert 27.01.2025, kl. 15.29

Read Entire Article