– Hadde eg komme ut for 40–50 år sidan hadde eg vel blitt stempla som sjuk. No skriv folk: «Vi heiar på deg!»
Rolv Sandra Rougnø (80) frå Tønsberg er ein av dei eldste i Noreg som har gått frå mann til å bli kvinne.
Det har ho gjort med ei openheit og ein ærlegdom som imponerer dei fleste ho møter.
Hemmeleg avtale
Rolv Sandra blei fødd som gut i Øygarden utanfor Bergen rett etter krigen, og fekk namnet Rolv Svein Rognø. Tidleg merka han ei spesiell kjensle innvendig.
– Frå eg var 4–5 år likte eg veldig godt å ha på meg kvinneklede.
Men han torde ikkje å vise det til andre.
Rolv Svein fekk eit «vanleg» liv. Han blei lærar og gifta seg med Berit. Det blei eit lykkeleg ekteskap på Vestlandet med tre barn.
Kona Berit og Rolv Svein gifta seg og fekk tre barn.
Foto: Privat
Kona Berit og Rolv Svein gifta seg og fekk tre barn.
Foto: Privat
På 80-talet blei han vald til ordførar i Øygarden. På møta hadde han slips og dress. Men i det skjulte hadde han på seg kvinneklede og sminke.
Ingen visste om hemmelegheita, før kona ein dag oppdaga kvinneklede som ikkje var hennar i skapet.
– Da måtte eg innrømme alt.
Berit godtok situasjonen, og han fekk lov til å fortsette å vere kvinne aleine i det private rommet.
– Men IKKJE saman med barna og Berit. Da var eg familiemannen Rolv Svein.
Dei inngjekk ein avtale om at han ikkje skulle komme ut av skapet så lenge ho levde.
– Den avtalen heldt vi.
Openheit og ærlegdom
Dei siste 25 åra hadde Rolv Svein og Berit eit fint pensjonisttilvære i einebustaden i Tønsberg, med barn og barnebarn i nærleiken.
Men da kona døydde i fjor sommar skjedde det noko inne i Rolv Svein. Han bestemte seg for å sette fri Sandra, i ein alder av 79 år.
Han førebudde seg godt før han tok steget.
– Eg kalla inn alle naboane i Tønsberg til eit møte mens eg framleis var mann. Først snakka vi om generelle ting i nabolaget. På slutten fortalde eg om Sandra.
Openheit og ærlegdom har vore viktig for Rolv Sandra.
Foto: Robert Hansen / NRK
Openheit og ærlegdom har vore viktig for Rolv Sandra.
Foto: Robert Hansen / NRK
– Openheita og ærlegdommen gjorde at eg blei møtt med forståing. Da blei det ikkje grobotn for sladder og baksnakking.
Dei tre vaksne barna blei også kalla inn. Sjølv om det kom som eit lite sjokk med ein gong, skjønte dei korleis pappa hadde hatt det.
På julaftan i fjor var han mann for siste gong. Det var litt vemodig og rart, spesielt for sonen Svein Morten.
– Eg kjenner ikkje at eg har mista han. Det er ein annan situasjon berre, seier sonen Svein Morten Rognø med ein klump i halsen.
Svein Morten Rougnø fortel om kjensla da faren var mann for siste gong på julaftan.
Dottera Marianne Bateman synest pappaen har gjort alt rett, og hyllar han for den positive og opne haldninga si.
– For meg er det berre glede å sjå at han har det så bra. Kontakten har kanskje blitt endå sterkare enn før. Fordi no han spør meg om jenteting, som hår og sminke og sånt.
– Du seier «han»?
– Ja, for det er jo pappa!
Rolv Sandra saman med to av barna, Svein Morten Rougnø og Marianne Bateman.
Foto: Robert Hansen / NRK
Rolv Sandra saman med to av barna, Svein Morten Rougnø og Marianne Bateman.
Foto: Robert Hansen / NRK
Eit viktig forbilde
Det finst ikkje offisielle tal over kor mange som skiftar kjønn i Noreg.
– Det er veldig vanskeleg å telje noko som er så skjult. Men ein går ut frå at 4–5 prosent av befolkninga kjenner seg fødde i feil kropp. Det svarer i så fall til innbyggartalet i Trondheim.
Det seier Marion Arntzen. Ho har jobba med lågterskeltilbod til transpersonar sidan 1996.
– Rolv Sandra er ein av dei eldste som har komme ut av skapet. Den openheita og tryggleiken ho har vist er utruleg viktig for andre som enno ikkje har tort å stå fram, seier Arntzen.
Nyleg fekk «heile» Noreg sjå og høyre historia hennar i Lørdagsrevyen. Innslaget kan sjåast nedst i denne saka.
Tidlegare har ho fortalt om forvandlinga si i lokalavisa Vestnytt og Bergens Tidende.
Reaksjonane har vore mange og varmande. Rolv Sandra fortel om mange gode meldingar både på tekstmelding og på Facebook.
Ei av meldingane som har komme inn til Rolv Sandra.
Foto: Robert Hansen / NRK– Det er heilt overveldande. Eg fekk ein lang og fin SMS frå ein eg ikkje har høyrt frå sidan 60-talet.
Ein annan tok kontakt for å få råd til å komme ut av sitt eige skap, fortel ho.
– Det betyr veldig mykje å kunne hjelpe andre. Mange slit med det å vere seg sjølv.
– No er eg eit heilt menneske
Ho er glad for at Sandra ikkje kom ut før.
– Hadde eg gjort noko anna, så hadde eg øydelagt familien. Sandra skjønte dette, og la lokk på den saka. Og eg angrar ikkje på nokon ting av det.
– Har du ikkje møtt noko motstand?
– Det er nokre få tidlegare venner som har reagert negativt, stort sett av religiøse overtydingar. Eg kan skjønne dei, men det plagar meg ikkje. Eg håpar å finne tilbake til dei etter kvart.
Responsen etter at ho fortalde historia si har vore mange og varmande. – Då er eg heile meg, seier ho.
Foto: Robert Hansen / NRK
Responsen etter at ho fortalde historia si har vore mange og varmande. – Då er eg heile meg, seier ho.
Foto: Robert Hansen / NRK
– Kva trur du kona di hadde sagt om ho hadde sett deg no?
– Den støtta eg fekk av henne undervegs var heilt fantastisk. Eg trur ho ville sagt: Ver deg sjølv!
Openheita og ærlegdommen har gitt ein ny fridom.
– Det er heilt vedunderleg når eg no «får lov til» å vere den eg er og blir akseptert. Da er eg heile meg, og da er eg lykkeleg, for å seie det med eit enkelt ord.
Sjå innslaget frå Lørdagsrevyen.
Publisert 25.04.2026, kl. 08.12












English (US)