Kommentatorane sett ut av ny «bisarr hending»: – Ein kontroversiell ting å gjere

20 hours ago 4


Det enda uavgjort mellom Bayern München og Barcelona i det første semifinaleoppgjeret i Meisterligaen. Berre minutt før slutt skjedde det noko uventa.

– Bisarr hending på bisarr hendig i Meisterligaen denne sesongen, seier Disney+-kommentator Endre Lübeck.

Bayern Münchens Franziska Kett har akkurat fått raudt kort for å ha dratt Salma Paralluelo i flettene.

Det same skjedde i ein av dei tidlegare kampane i årets Meisterliga.

– Det er ein merkeleg situasjon som skjer runde etter runde i Meisterligaen, legg han til.

To fotballspillere kjemper om ballen på en bane. En spiller i gul og lilla drakt er i ferd med å miste ballen til en motspiller i rød drakt. Publikum sitter på tribunen i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LUGGING: Franziska Kett drog i håret til Salma Paralluelo.

Foto: Robin Rudel / REUTERS,NTB

– Det er ein kontroversiell ting å gjere

I kvartfinalen mellom Chelsea og Arsenal skjedde det noko liknande. Arsenals Katie McCabe greip tak i håret til Alyssa Thompson og drog ho i hestehalen. Den gongen fekk ikkje Chelsea-spelaren frispark.

I laurdagens semifinale fekk lugginga større konsekvensar. Franziska Kett, som skåra målet for Bayern München, fekk raudt kort og måtte forlate banen. Bayern-trenar José Barcala reagerte så kraftig på utvisinga at også han fekk det raude kortet.

– Det er ein kontroversiell ting å gjere. Veldig merkeleg situasjon. Berre «røskar til» i flettene der, seier Lübeck.

Han kommenterte kampen i lag med ekspert Melissa Bjånesøy.

– Det er fasinerande at me ser same situasjon igjen, seier ho og legg til:

Football, Toppserien, Brann - Stabæk

TIDLEGARE STABÆKSPELAR: No ekspert, Melissa Bjånesøy.

Foto: BILDBYRÅN

– Det kan hende ho prøvar å dra i drakta, men får tak i noko anna. Det er ikkje heldig.

Etter kampen er Bayern München-trenaren tydeleg på at han er ueinig i dommarens avgjerd.

– Salma har så langt hår. Det er ingen intensjon der om å ta tak i håret hennar. Det kan vere at ho prøver å dra i drakta, men håret er i vegen og ho får tak i det, seier han til Disney+ .

– Eit gult kort kunne eg ha forstått, men aldri eit raudt.

Barcala meiner ein er nøydde til å ta ein diskusjon om slike hendingar i kvinnefotballen.

– Hadde vore rasande

Også i utlandet skapar lugginga reaksjonar:

– Eg har ikkje peiling på kvifor me ser det så mykje oftare i kvinnefotballen. Det er nesten som om me ser at «copycat-situasjonar». Det er så merkeleg, seier tidlegare landslagsspelar for England, Lianne Sanderson på Disney +.

Men det er ikkje berre i kvinnefotballen dette skjer:

Den tidlegare fotballproffen fortel at ho av og til skjønar når folk seier «eg gjekk etter skjorta», men held fram:

– Det er også ganske krenkande å bli dratt i håret.

– Eg hadde vore rasande om nokon hadde gjort det på meg, seier Sanderson til ESPN.

– Må nyanserast

NRK-ekspert Carl-Erik Torp følgjer kvinnefotballen tett. Han blir litt betenkt når han får sjå bileta frå laurdagens meisterligasemifinale.

– Kva skal ein seie om dette då? Eg har jo høyrt argument tidlegare når dette skjer om at man eigentleg prøver å dra i drakta, men er uheldig og dreg i håret, seier Torp.

Han meiner me ikkje kan ta for gitt at Franziska Kett gjorde dette med vilje.

en mann med skjegg

EKSPERT: Carl-Erik Torp

Foto: Geir Olsen / NTB

– I dette tilfellet ser det for meg ut som at ho prøver å stoppe motstandaren ved å halde i drakta, som ville gitt gult kort, men endar opp med å halde fast i håret sidan det er langt. Men konsekvensen blir jo då ei heilt anna, seier Torp.

Han meiner kvinnefotballen internasjonalt utviklar seg i stort tempo og at halding har blitt ein meir naturleg del av spelet dei siste åra.

– Dette må nyanserast. Dersom det er tydeleg halding i håret for å ta ein motstandar, då er det forkasteleg. Men ein skal vel heller ikkje oppnå ein fordel om ein har langt hår som slår rundt seg, seier han.

Et fotballag står oppstilt på gresset. Ti kvinnelige spillere i lyse trøyer og mørke shorts er synlige. En spiller i grønn drakt står lengst til venstre. Bak dem sitter publikum på tribunen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

KJEMPAR OM FINALE: Barcelona med Caroline Graham Hansen kjempar om ein plass i finalen i Meisterligaen.

Foto: Robin Rudel / REUTERS,NTB

Kampen mellom Bayern München og Barcelona er den første av to kampar i semifinalen i Meisterligaen.

Begge laga står no likt før returoppgjeret. Vinnaren møter enten Arsenal eller Lyon i finalen i Meisterligaen, som blir spelt på Ullevaal stadion i Oslo 23. mai.

Publisert 25.04.2026, kl. 22.28 Oppdatert 25.04.2026, kl. 22.44

Read Entire Article