Kommunen anar ikkje når vatnet blir trygt

9 hours ago 3


Etter det oppheita folkemøtet på Kyrkjebø skule sit innbyggjarane framleis att med store spørsmål om framtida til drikkevatnet sitt.

Svaret frå kommunen er at situasjonen vil ta tid.

– Kommunen kan ikkje på noverande tidspunkt seie noko om når drikkevatnet på Kyrkjebø vert friskmeldt, men følgjer situasjonen tett, seier kommunalsjef for samfunn, Jan Kaare Hellevang til NRK.

Et vakkert landskap viser en fjord med fjellsider i bakgrunnen. Flere hus ligger spredt i terrenget, noen i en liten landsby. Fargene er dempede, men sterke gule blomster lyser opp i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Slik ser det ut på Kyrkjebø, der tilliten til det offentlege drikkevatnet kollapsa etter det oppheita folkemøtet denne veka.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Hellevang opplyser at kommunen får ekstern bistand i arbeidet med å sikre reint og trygt drikkevatn, og at det blir jobba med konkrete tiltak for å justere drifta av det omstridde vassverket.

I mellomtida opprettar kommunen fleire drikkestasjonar der innbyggjarane kan hente vatn.

Helsesjefen: – Ikkje grunn til stor bekymring

Kommunalsjef for helse, Bente Nesse, kjem med ei tydeleg formaning om at vatnet ikkje skal drikkast eller nyttast til matlaging. Ho understrekar samstundes at målingane ikkje gir grunn til panikk:

– Vatnet er framleis innanfor sikkerheitsmarginen, men det er viktig å få ned nivået, seier ho.

Nesse står fast på avgjerda om å ikkje kalle inn dei yngste barna til generelle helseundersøkingar, og meiner det ikkje ligg føre noko «klart fagleg føremål» for dette.

– Slike undersøkingar kan skape falsk tryggleik hjå foreldre, ved at dei gir inntrykk av at ein veit kva teikn eller tilstand ein skal leite etter, medan det i realiteten ikkje finst fagleg grunnlag for dette, seier Nesse.

Bente Nesse, rådmann i Hyllestad

Kommunalsjef for helse i Høyanger, Bente Nesse, meiner det ikkje er grunn til stor bekymring for innbyggjarane på Kyrkjebø.

Foto: Geir Ivar Ramsli / Firda

Som snytt ut av eit Ibsen-drama

Den fastlåste situasjonen i Høyanger har den siste veka fått fleire til å dra historiske parallellar.

I Henrik Ibsen sitt skodespel En folkefiende hamnar ordføraren Peter Stockmann i ein real skvis når hans eigen bror oppdagar at vatnet i kystbyen er forgifta.

Parallellen til Høyanger, der ordførar Petter Sortland har same initialar, har ikkje gått upåakta hen.

Petter Sortland

Ordførar Petter Sortland (Ap) seier han er skamfull over at innbyggjarane har fått ulovlege aluminiumsverdiar i springen i 15 år, men meiner FHI har skapt unødig frykt.

Foto: NRK

I Ibsen-stykket blir vass-skandalen «løyst» ved at maktapparatet snur seg mot varslaren og erklærer han som ein folkefiende som spreier frykt og panikk.

På tilsvarande vis har Høyanger-ordføraren gått til frontalangrep på Folkehelseinstituttet (FHI).

Bakgrunnen er at FHI først åtvara mot irreversible nerveskadar, før dei seinare modererte seg til å seie at drikkevatnet på Kyrkjebø «kan vere uheldig for små barn».

– Dei har vigla opp stemninga, seier Sortland.

– Dei har skapt frykt, sinne, uro og frustrasjon hos innbyggjarane, og har sett kommunen i eit svært dårleg lys.

Til dette svarer Folkehelseinstituttet at dei vil evaluere sin eigen kommunikasjon i saka:

– Vi tek til oss den kritikken, og skal sjå på det i etterkant. Men dette er eit svært komplekst område å driva kommunikasjon på.

  • Badoverlege dr. Thomas Stockmann oppdagar at det luksuriøse sunnheitsbadet sjølve livsgrunnlaget for byen er infisert av giftige bakteriar. Han trur i sin naivitet at maktapparatet vil takke han for oppdaginga.

    Badoverlege dr. Thomas Stockmann oppdagar at sunnheitsbadet – sjølve livsgrunnlaget for byen – er infisert av giftige bakteriar.

  • Ordførar Peter Stockmann (P.S.) konfronterer bror sin. For ordføraren handlar saka ikkje om vitskap, men om kva det vil koste byen i dårleg PR og tapte inntekter om sanninga kjem ut.

    Ordførar Peter Stockmann konfronterer bror sin. For ordføraren handlar saka ikkje om vitskap, men om kva det vil koste byen i dårleg PR og tapte inntekter om sanninga kjem ut.

  • Dr. Stockmann prøver å tale til barna og innbyggjarane på eit ope folkemøte. I staden for å lytte til åtvaringane, blir han avbrote av maktapparatet som skuldar han for å spreie unødig frykt og panikk.

    Dr. Stockmann prøver å tale til barna og innbyggjarane på eit ope folkemøte. I staden for å lytte til åtvaringane, blir han avbrote av maktapparatet som skuldar han for å spreie unødig frykt og panikk.

  • Den kompakte majoritet snur ryggen til varslaren. For å verne om ryktet til byen, vel forsamlinga og lokalavisa å kåre den samvitsfulle legen til ein folkefiende.

    Den «kompakte majoritet» snur ryggen til varslaren. For å verne om ryktet til byen, vel forsamlinga og lokalavisa å kåre den samvitsfulle legen til ein «folkefiende».

  •  Den sterkaste mannen i verda, det er han som står mest åleine mot makta.

    Isolert frå fellesskapet, dreg dr. Stockmann sin verdskjende konklusjon: Den sterkaste mannen i verda, det er han som står mest åleine mot makta.

Publisert 30.06.2026, kl. 13.33

Read Entire Article