M23 – ein milits FN slår fast er støtta av Rwanda – har okkupert ein kongolesisk storby, Goma. No er militsen på veg vidare til neste by i Kongo, Bukavu.
Ein storkonflikt har herja i hjartet av Afrika i meir enn 30 år – og no er den verre enn på lenge.
I denne saka finn du følgande tema:
- Hutuar og tutsiar – folkemordet som tok ein ny form
- Rwandas to ansikt
- Kongos mineralrikdom er folkets forbanning
- Kongolesarane sitt raseri mot Vesten
- Gjer Rwanda noko liknande det Putin gjorde
- Kongo kunne gjort meir
- Diplomatane står i kø med forslag til løysing
Hutuar og tutsiar – folkemordet som tok ein ny form
Folkemordet i Rwanda i 1994 er for lengst skrive inn i historiebøkene som eit av dei verste noko sinne.
Ei regjering leia av folk med hutu-etnisitet drap tutsiar og moderate hutuar i stor skala. Dei verste tala fortel om over ein million døde på 100 dagar.
Paul Kagame får ofte ein god del av æra for å ha stansa folkemordet, fordi han leia soldatane som kasta ut dei som styrte Rwanda då folkemordet fann stad. Mange av desse flykta over grensa til Kongo.
Deretter tok Paul Kagame makta i Rwanda, og han har halde på den i 31 år.
Rwanda og Kongo grensar til kvarandre, og ulike folkeslag har i årevis kryssa grensa mellom landa.
Folkemordet er over for lengst. Men konfliktane mellom desse folkeslaga lever framleis.
Samtidig som Rwanda har klart å unngå nye konfliktar og skapt økonomisk vekst, så har landet stadig blitt skulda for å bidra til etnisk konflikt aust i Den demokratiske republikken Kongo.
Det var til desse områda folka bak folkemordet flykta til. Sidan den gong har dei halde til, rett på andre sida av grensa til Rwanda. Der har mange av dei blitt med i FDLR - ein milits beståande av folk med hutuetnisitet, og som Rwanda har forsøkt å stanse sidan folkemordet tok slutt i 1994.
Hutu-militsen FDLR er altså ein av grunnane til at Rwanda støtter M23 – ein milits som i stor grad består av tutsiar. Rwanda påstår at det er behov for å beskytte tutsiar i det austlege Kongo, og at Kongo gjer for lite for å stanse FDLR-militsen.
Så sjølv om folkemordet tok slutt har altså konfliktane mellom etnisitetane halde fram – i Rwandas naboland, Kongo.
Rwandas to ansikt
Eg har møtt folk over heile Afrika som hyllar Rwanda, og ønsker seg ein president som Kagame. Dei har lest dei mange sakene som er laga om «annleislandet» mellom dei tusen åsar, og dei elskar det dei les.
Dei har fått med seg dei fascinerande historiene om søppelfrie gater, om ein nasjonal dugnadsdag i månaden, og om tech-huben Kigali. Rwanda er gode på imagebygging, og har blitt ein slags favoritt for mange.
Også i sportsverda har vesle Rwanda markert seg. I september skal verdas sykkelelite bryne seg på Rwandas bølgete landskap i det første sykkel-VM i Afrika noko sinne. Nyleg vart det kjent at Rwanda også vil få formel-1-sirkuset til landet.
Og i London spring Martin Ødegaard og hans lagkameratar rundt med reklame på overarmen for turisme i Rwanda.
Gorilla-safari er noko av det mest unike Rwanda kan tilby turistar.
Foto: Felipe Dana / APMen Rwanda har også eit anna rykte, som eit autoritært diktatur. Presidenten har ikkje vore bytta ut sidan 1994 og i boka «Do not disturb» fortel gravejournalist Michela Wrong om eit land som drep politiske motstandarar – også langt utanfor Rwandas grenser.
Rwanda meiner dei blir utsett for uverdig kritikk, og at Wrong og andre kritikarar fortel løgner.
Kongos mineralrikdom er folkets forbanning
Den litt tabloide forklaringa på Kongos komplekse problem er mineralrikdommens forbanning. I din mobiltelefon eller elbil finst det kanskje blodmineral frå Kongo, og kanskje har ikkje ein einaste kongolesarar fått ei krone for mineralet.
Smugling og ulovleg gruveverksemd er det masse av i området kor verken statsapparat eller rettsapparat er særskild til stades. Væpna grupper er gjerne på jakt etter minerala, eller ønsker å kontrollere delar av vegnettet og krevje avgifter frå dei som driv med gruveverksemd.
Veldig unge gruvearbeidarar, av og til barn, har vore et av fleire problem med gruveindustrien i Kongo.
Foto: SCHALK VAN ZUYDAM / ApOgså Rwanda er skulda for å delta i ulovleg handel, mellom anna har FN-rapportar peika på at eksporten av ulike mineral ikkje står i stil med Rwandas eigen produksjon av same mineral. Kor har dei då fått minerala frå?
Kongos mineral spelar ei rolle, men det er langt frå einaste forklaring på kvifor Aust-Kongo er heimsøkt av konflikt. Området slit også med etniske konfliktar, mangelen på ein sterk stat og fleire tiår der konfliktar for ofte er forsøkt løyst med våpen.
Kongolesarane sitt raseri mot Vesten
Dagen etter at Goma falt i hendene til M23 vart fleire ambassadar angripne langt, langt unna, i Kongos hovudstad Kinshasa. Mange retta sinnet sitt mot land som Belgia, Frankrike og USA.
Demonstrantane meiner Vesten har beskytta Rwanda, nokre meiner til og med Vesten er delaktig i angrepa frå Rwanda.
Mange i Kongo har i årevis meint at Rwanda må bli møtt med sanksjonar og krass kritikk for sin aktivitet i Aust-Kongo. Men i staden for er det mange land som gjerne samarbeider med Rwanda, og investerer i ein av Afrikas veksande økonomiar.
Gjer Rwanda noko liknande det Putin gjorde?
Kva vil M23 eigentleg? Det er ikkje kjent. Ein fersk leiarartikkel i The Economist samanliknar det som skjer med Putins plan i Ukraina.
Rwanda – som nektar å stå bak M23 – seier at tutsiar er i livsfare i Aust-Kongo. Putin har på si side hevda at russarar i Ukraina treng reddast.
Soldatar dukkar opp inne i nabolandet, utan at det eigentleg er heilt tydeleg kven dei er og representerer. I Ukraina var «russiske separatistar» aktive lenge før Russland offisielt gjekk til angrep.
Deretter blir det teke kontroll over store landområde med militærmakt. The Economist meiner det heile føyer seg inn i rekka av tilfelle kor landegrenser og nasjonal suverenitet ikkje vert respektert. Kina og Taiwan, og Trumps prat om å ta over både Canada, Grønland og Panama, vert vist til som døme.
Kongo kunne gjort meir
For den gjengse nordmann kom kanskje erobringa av Goma ut av det blå, men noko har vore i gjære lenge. Samtaler har blitt forsøkt, gong på gong, men partane har stått steilt på kvar si side.
Kongo får kritikk for å vere for hard og lite løysingsorientert i samtalane som har blitt forsøkt, og president Tshisekedi får kritikk for å snakke nedsettande om tutsiar.
Og Kongo har heller ikkje følgt opp sentrale punkt frå fredsavtalen som vart inngått førre gong M23 gjekk inn i Goma.
Avtalen sa mellom anna at kongolesiske tutsiar skulle bli sikra retten til å vende heim att til sine heimeområde, og soldatar frå M23 skulle integrerast i den kongolesiske hæren.
Diplomatar står i kø med løysingsforslag
M23 har invadert Goma også tidlegare. I 2012 tok dei over byen, men etter sterkt internasjonalt press trakk dei seg ut.
Dette kan bli ei løysing no også. Militsen og deira støttespelarar i Rwanda er ikkje store nok til å stå mot press frå omverda om mange nok land – både stormakter og afrikanske naboar – presser på.
Så er spørsmålet kva som kjem til å skje, og kva kort som blir spelt i dei diplomatiske prosessane.
Flyktninger i Kongo bærer madrasser på hodet.
Eurovision NewsM23 forsøker i alle fall å skaffe seg så godt kort på handa som det er mogleg å få, og med kontroll over Goma har dei posisjonert seg bra før eventuelle forhandlingar.
Ein rwandisk minister seier han trur M23 kjem til å halde fram sin offensiv, mot neste storby Bukavu, og kanskje heilt mot hovudstaden i DR Kongo, Kinshasa.
Samtidig utviklar ei humanitær krise seg, dag for dag. Millionar er på flukt. Dei hadde lite, og har no endå mindre.
Ein madrass og nokre kokekar er det einaste folk har med seg når dei flyktar til fots langs vegen. Men eit tak over madrassen, og mat til grytene – det har dei ikkje.
Publisert 01.02.2025, kl. 14.50