Kraftig jordskjelv i Myanmar - registrert i fleire naboland

1 month ago 19


Det tyske GFZ melder også om jordskjelv i Myanmar på ein styrke mellom 6,9 og 7,4. Episenteret skal vere 28 km sør før millionbyen Mandalay.

Fleire kontor og butikkar er evakuerte i Bangkok etter skjelvet, melder AFP. Videoar på sosiale medium viser at ei høgblokk som er under bygging har kollapsa i byen.

Også i den kinesiske provinsen Yunnan er skjelvet registrert.

Det amerikanske geologiske instituttet USGS har registrert to skjelv fredag morgon. Eitt klokka 07.20 og eitt klokka 07.32. Desse skal ha ein styrke på 7.7 og 6.4 ifølgje USGS.

Det er ikkje meldingar om skadde foreløpig.

en mengde mennesker på fortauet

Folk i Bangkok, Thailand evakuert etter skjelvet.

Foto: Chutima Lalit / AP / NTB

Publisert 28.03.2025, kl. 07.49 Oppdatert 28.03.2025, kl. 08.15

Read Entire Article