Kronprins Haakon besøker Kyiv

6 hours ago 2


Den norske kronprinsen kom med tog til den ukrainske hovudstaden tysdag morgon.

På stasjonen blei han møtt av den norske ambassadøren Helene Sand Andresen, samt ein delegasjon få Ukraina.

Energiminister Terje Aasland er også med til Kyiv.

en mann i blå dress

Kronprins Haakon besøker Kyiv i dag. Bildet er ikkje frå Kyiv i dag, men tatt 12. mai i år.

Foto: Eirik Leivestad Hall / NRK

Første besøk

Dette er første gong norske kongelege besøker Ukraina etter starten av fullskalainvasjonen.

Av andre kongelege besøk til Ukraina etter at krigen starta, finn vi berre grevinne Sophie, søstera til britiske kong Charles. Ho besøkte hovudstaden våren 2024.

Sist Noregs kongehus var på offisielt besøk i Ukraina var då kronprinsesse Mette-Marit besøkte Kyiv i oktober 2008.

Kronprinsparet møtte Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj til audiens då han besøkte Oslo i mars.

Han var i audiens hos kong Harald og dronning Sonja i desember 2023.

Publisert 20.05.2025, kl. 07.33

Read Entire Article