Innehavar av kafeen og cateringsbedrifta Herr & Fru kjenner seg irritert, dum og trist.
– 250 smørbrød av beste sort gjekk ut døra. Kor dei har hamna, det er eit mysterium, seier Christian Wernersen.
Christian Wernersen, som driv Herr & Fru, meiner han er utsett for smørbrødsvindel.
Foto: Robert Hansen / NRKHan smiler, sjølv om han er oppgitt over det som har skjedd.
– Det er ikkje noko hyggeleg å bli svindla på den måten i det heile, seier han.
Wernersen hadde eit ekstra team som jobba halve natta for å komme i hamn med den store bestillinga som var lagd inn på nettsida i begynninga av desember.
Meiner han er svindla
Smørbrøda, med ein verdi på nær 40.000 kroner, skulle betalast før overlevering. Men da ein bodbil kom for å hente maten 17. desember, skjedde det ein glipp:
I julestresset blei den tilsette som bar ut maten, overtalt til å sende faktura. Så forsvann bilen.
Denne bestillingsoversikta med firmanamn, organisasjonsnummer og eit telefonnummer, er det Wernersen sit igjen med.
Foto: Robert Hansen / NRK
Denne bestillingsoversikta med firmanamn, organisasjonsnummer og eit telefonnummer, er det Wernersen sit igjen med.
Foto: Robert Hansen / NRK
Alt Wernersen sat igjen med, var ei rekning med ei nedskribla adresse i Lillestrøm, og telefonnummer og organisasjonsnummer til eit firma som dreiv med «pensel og vask»
– Eg skjønte med ein gong at eg var svindla, seier han.
Skjedde fleire
Ein observant tilsett såg også esker frå eit anna cateringfirma i Tønsberg, Tunsberg Mathus, i bodbilen.
Wernersen ringde det selskapet med éin gong, og fekk beskjed om at dei nettopp hadde levert ut smørbrød til ein verdi av 14.250 kroner.
Til saman hadde dei levert mat for 52.740 kroner til bodbilen.
Bedrifta Herr & Fru driv med kafé og catering i ein gammal trevilla på Teie.
Foto: Robert Hansen / NRK– Det er sure pengar, seier dagleg leiar ved Tunsberg Mathus, Alexander Mostad-Zetlitz.
Han bekreftar at dei hadde same bestillar som Herr & Fru, per telefon. Det var eit firma registrert i Lillestrøm.
Firmaet, om det er det som står bak, sende ein bodbil dei 123 kilometrene til Tønsberg for å hente smørbrød.
Eit reke- og eit roastbeefsmørbrød frå Herr & Fru.
Foto: Robert Hansen / NRK
Eit reke- og eit roastbeefsmørbrød frå Herr & Fru.
Foto: Robert Hansen / NRK
Etter å ha sendt fleire fakturaer som ikkje er betalte, har rekninga frå Tunsberg Mathus gått til inkasso.
– Det er kjedeleg å bli lurt, fastslår Mostad-Zetlitz.
Wernersen melde saka til politiet.
Saka lagd bort
Politiinspektør Guro Siljan ved Sør-Aust politidistrikt seier saka er lagd bort.
– Den er lagd bort fordi vi vurderer at det ikkje er ei straffesak. Det er i utgangspunktet ei sivil sak og eit pengekrav som blir inndrive sivilt, seier ho.
Guro Siljan er leiar for Fagseksjon for straffesakstyring i påtaleeininga.
Foto: Robert Hansen / NRKSiljan seier bedrageri blir definert som å bevisst lure nokon så dei taper pengar.
Sør-Aust politidistrikt får inn 43.000 meldingar i året. 40 prosent av desse blir oppklarte.
– Vi kan ikkje etterforske alle saker vi får inn. Vi prioriterer det som er mest alvorleg og som går ut over særleg sårbare grupper, seier ho.
Ingen svar
Wernersen kjem ikkje til å klage på bortlegginga. Han tar tapet som ein sur lærepenge.
Han har også prøvd å ringe telefonnummeret.
– Eg har ringt han fleire hundre gonger. Éin gong fekk eg kontakt, men da var han i bilen og kunne ikkje snakke.
Kokken og kafédrivaren har fleire gonger prøvd å ringe nummeret som er oppgitt.
Foto: Robert Hansen / NRK
Kokken og kafédrivaren har fleire gonger prøvd å ringe nummeret som er oppgitt.
Foto: Robert Hansen / NRK
Han har også ringt andre selskap som held til på same adresse på Lillestrøm, men dei kjenner ikkje til firmaet.
– Eg har slått opp firmaet på 180.no, og der er det mange som klagar, seier han.
NRK har også prøvd det oppgitte nummeret, og dessutan tre andre mobilnummer som er knytte til firmaet i ulike bedriftregister.
Tre av nummera går rett til ein innspelt beskjed på engelsk, som oppgir at nummeret ikkje svarer og at ein må prøve igjen seinare.
Nummeret skrive ned på rekninga, går til ringetone, men ingen svarer. NRK har sendt SMS til dette nummeret med beskjed om at vi ønsker kontakt i samband med saka, men har ikkje fått svar.
– Var naive
– Dei 40.000 kronene ville eg heller ha gitt i julebonus til mine tilsette. Men vi skal klare å overleve. Eg håpar dette kan åtvare andre bedrifter, seier Wernersen.
– Vi var naive, men vi lever av å ha tillit til kundane, påpeikar han.
Han trur ikkje det var tilfeldig at bestillinga blei lagt til ei travel førjulstid. Han antar nokon har sett sitt snitt til å utnytte hastverket.
– Dessverre, sånn er det. Der var dei pengane borte. Neste gong googlar eg nye kundar. Det kan du vere sikker på, seier Wernersen.
Publisert 21.01.2025, kl. 11.58 Oppdatert 21.01.2025, kl. 12.06