Kutta Oslo-leilegheit med 1 mill.: – Rentekutt vil påverke kjøpslysta

4 hours ago 2


Tett på Frognerparken, på «beste» vest i Oslo, står eigedomsmeklar Fredrik Dyve i ei 3-roms leilegheit med både heis, garasje, balkong og peis.

På starten av året kunne slike leilegheiter gå som eld i tørt gras. Men utover våren har det stilna noko, etter at fleire fekk ein kalddusj då Noregs Bank valte å ikkje kutte renta i mars.

– Skikkeleg oppsving

Etter ein månad på marknaden vart prisen kutta med 1 million kroner. No har det gått to månader, og ingen har så langt gitt det Dyve kallar realistiske bod på leilegheita til 12,5 millionar kroner.

Bilde frå bustadannonse

Bilde av stova i leilegheita på Frogner.

Foto: Zovenfra/Privatmegleren

Han erkjenner at to månader på marknaden ikkje er lenge, men konstaterer at slike leilegheiter gjekk raskare å selje før.

Men med dagens rentekutt trur eigedomsmeklaren det vil snu.

– Det vil gjere noko med kjøpslysta, det vil nok gjere at nokre vil tørre å kjøpe i desse usikre tidene, seier Dyve.

– Bruktmarknaden kan få eit skikkeleg oppsving, og eg trur vi vil sjå ein del høgare prisar framover, seier han.

Se hvor mye du må betale når renta settes ned. I dag er den effektive boliglånsrenta i snitt på 5,6 prosent.

Rente

Ditt lån

Nedbetalingstid nå

Månedlige utgifter 16 846 kr

Endrede utgifter -1 757 kr

Det vil si en total utgift på 16 846 kroner i måneden. Altså en endring på -1 757 kroner i renteutgifter.

Varslar «tjohei-stemning»

Han får støtte frå sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea. Og han trur prisane vil hoppe ganske raskt.

– Det blir tjohei-stemning i bustadmarknaden framover, seier Olsen.

– Når det kjem rentekutt no, og Noregs Bank varslar fleire kutt framover, er eg ganske trygg på at farta i bustadmarknaden og bustadprisane vil kome ganske kraftig opp igjen.

en mann med skjegg

Sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Det er ikkje lenge sidan fleire økonomar lanserte prognosar om ein bustadprisvekst på 25–30 prosent dei komande to-tre åra, i alle fall i storbyane.

Olsen trur dagens rentekutt, og dei komande varsla rentekutta, vil kunne blåse nytt liv i desse spådommane.

Det trur også Nejra Macic, sjeføkonom i Prognosesenteret. Men det vil avhenge av kor mange fleire rentekutt som faktisk vil kome.

– Kjem det eit rentekutt i haust og enda fleire gjennom neste år, så trur eg det vil styre tempoet i bustadprisoppgangen i ganske stor grad, seier Macic.

– Men vil ikkje også rentekuttet føre til meir bustadbygging, som kan påverke prisane?

– Det vil i lita grad påverke prisane med det første, for det tek lang tid å få nye bustader ut på marknaden. Men nybustadsalet vil mest sannsynleg ta seg opp og bustadbygginga kjem til å skyte ganske bra fart utover hausten, seier Olsen.

– Må nok meir til

Der ein snakkar om at to månader ute på marknaden er lenge på Frogner i Oslo, er situasjonen ein heilt annan på bygda i Seljord.

Elisabeth Rett sitt funkishus har snart ligge ute for sal i eitt år. Også ho har kutta prisen 1 million kroner til 4,5 millionar, men så langt utan hell.

Når NRK ringer og spør om ho trur dagens rentekutt gir salshåp, er kommentaren følgjande:

– Eg har jo eit lite håp, men trur ikkje dette vil setje i gang noko skred akkurat, i alle fall ikkje på landet. Det må nok meir til enn som så, seier Rett.

Elisabeth Rett selger boligen sin

Elisabeth Rett håper nokon snart vil kjøpe funkishuset hennar i Seljord.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Ho fortel at det er mykje aktivitet på Finn-annonsen, men lite i verkelegheita. Og no har dei ikkje rom for å kutte meir i prisen.

– Ein byggmeister var innom og såg på huset, og sa at dersom vi skulle bygge dette nytt, så hadde det kosta mellom 8 og 9 millionar kroner. Slik er det dessverre på landet, seier Rett.

Bilde av huset som Elisabeth Rett prøvar å selje

Foto: Hjort media

Andre drivarar på bygda

Ho veit ikkje om ho skal flire eller grine når ho tenker på at dottera si eittromsleilegheit på Rosenhoff i Oslo er meir verdt.

Sjeføkonom Prognosesenteret

Sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret.

Foto: Peter Von Tangen-Jordan / NRK

Sjeføkonom Macic underbygger situasjonsbildet til Rett, at det truleg skal meir til enn eitt rentekutt for å skape betydeleg oppsving i etterspurnaden på bygda.

– Det er demografien som styrer etterspurnaden i slike kommunar i stor grad. Dei mest rentesensitive finn vi i dei største byane, spesielt i Oslo. Difor har rentekutt mest å seie i storbyane, seier Macic.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Publisert 19.06.2025, kl. 18.06

Read Entire Article