Det kjem fram i ei pressemelding frå Bremnes Seashore, selskapet som produserer det kjente varemerket.
Avviklinga av Salma-produksjonen vil føra til at 100 tilsette i konsernet blir direkte råka, heiter det i pressemeldinga.
Kommunikasjonsdirektør Simon Nesse Økland stadfester overfor NRK at dette betyr at dei mister jobben.
Kor mange av desse som jobbar i Noreg, er uklart.
– Dei jobbar i heile verdikjeda vår. Uvisst kor mange av desse som er i Noreg på noverande tidspunkt, men det er mellom anna på Bømlo, seier han.
PAKKING: Pakking av Salmalaks på Bømlo, fotografert i 2022.
Foto: Oddgeir ØysteseUnderskot
I pressemeldinga skriv Bremnes Seashore at Salma-satsinga har gått med underskot dei siste åra. Prognosane viser at dei vil gå med titalls millionar kroner i minus kvart over framover.
Derfor legg dei ned varemerket.
– Salma har vore eit eventyr som har sett norsk laks på verdskartet og skapt stor stoltheit i heile organisasjonen. Men økonomiske realitetar gjer at me ikkje lenger kan forsvara vidare satsing på Salma, seier, konsernsjef Linda Litlekalsøy Aase i pressemeldinga.
Dyrtid og kritikk mot regjeringa
Selskapet peiker på høge råvareprisar og auke kostnader etter at dei investerte i ein ny fabrikk.
Samstundes har salet gått ned.
– Dyrtid gjer at ikkje alle kan ta seg råd til høgforedla lakseprodukt, skriv dei.
Samtidig kjem dei med kritikk mot regjeringa.
– Det hadde heller ikkje vore til ulempe om styresmaktene hadde lagt betre til rette for norsk eigarskap og foredling i Noreg, mellom anna ved å unngå auka skattar og ved å styrka rammevilkåra for foredling, skriv selskapet i pressemeldinga.
Publisert 10.12.2024, kl. 10.39 Oppdatert 10.12.2024, kl. 10.50