Lokal skredekspert: – Har vore ustabile forhold

3 months ago 36


NRK har møtt den lokale skredeksperten Alain Duclos i Val Cenis. Han har jobba i området i over 35 år, og kjenner fjella betre enn sin egen lomme.

– Men lommene mine er ikkje like kompliserte, seier Duclos.

Han seier at det har vore fleire snøskred enn vanleg i området der fire norske ungdommar omkom i snøskred 29. januar.

– Sidan desember har det vore ustabile forhold, og eit tynt og sårbart snødekke, som har gitt store skred, seier han.

3D-kart som viser byen Val Cenis og skiheisen opp toppane Pointe de Cugne og Signal de Petit Mont Cenis og fjellpasset Col de Sollieres.

Grafikk: NRK / Kilde: Google Earth

Grafikk: NRK / Kilde: Google Earth

Nysnø i mange lag

Dei erfarne skikøyrarane gjekk på eit kurs om ski og skred ved folkehøgskulen i Alta. Ein del av undervisninga er eit opphald i den franske alpebyen Val Cenis.

Sju av dei var no på ferie, og på eiga hand utan lokal guide, då skredet gjekk mellom fjelltoppane Point de Cugne og Signal du Petit Mont Cenis.

Den franske skredeksperten seier at denne vinteren skil seg ut frå tidlegare år.

– Det har vore ein heilt spesiell vinter så langt. Vi har fått nysnø i mange lag, utan varmeperiodar imellom, seier Duclos.

Fire nordmenn omkom da de onsdag ble tatt av dette snøskredet

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Han forklarer at du difor får ein svak sole som aukar risikoen for snøskred. Når ein då i tillegg får dagar med mykje vind, blir risikoen endå større.

3D-kart som viser toppane Pointe de Cugne og Signal de Petit Mont Cenis og fjellpasset Col de Sollieres. Skredet er markert mellom Pointe de Cugne og Signal de Petit Mont Cenis.

Grafikk: NRK / Kilde: Google Earth

– Eg veit at dei var erfarne skigåarar, så eg er overraska over at dei valde å dra dit. Eg skulle gjerne visst kva slags grunnlag dei tok den avgjerda på, seier Duclos.

– Eg vil ikkje kritisere, men eg lurer på kvifor dei valde å stå på ski akkurat der, når skredfaren var så stor, legg han til.

Rektor for folkehøgskulen dei omkomne ungdommane gjekk på i Alta, fortel at dei ikkje har fått snakka med elevane som overlevde skredet enno.

– Me antar at detaljar om hendinga vil koma fram i politiet sin rapport om ulykka, seier Andreas Granerud, til NRK.

Ti omkomme så langt i år

I fjor døydde 16 menneske i snøskred i dei franske alpane.

Berre i januar i år har 10 personar omkome i snøskred, inkludert dei fire nordmennene.

– Dei fleste skredulukkene skjer utanfor skiløypene, seier Duclos.

Det er til dømes skigåarar som køyrer offpiste eller randonee.

Mellom fjelltoppene Pointe de Cugne og Signal du Petit Mont Cenis i de franske alpene gikk det onsdag den 29. januar 2025 er snøskred. Fire norske skikjørere mistet livet i skredet.

Snøskredet var fredag framleis godt synleg, to dagar etter at det gjekk.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Eg er uroa for korleis skisesongen vil utvikle seg vidare, fordi forholda er så ustabile i dei franske alpane, seier Duclos.

Skredeksperten seier at han nyleg sjølv har stått på ski i det same området, når forholda har vore gode.

– Snakka med skigåarane

Redningskaptein Paul Bellon og kollega Nicolas Bézard seier til VG at nordmennene hadde generelt god utrusting, som skredsøkarar, spader, og søkestenger. Dei hadde ikkje oppblåsbare skredsekker.

– Dei førebudde seg så godt dei kunne, seier redningskaptein Paul Bellon til VG.

Duclos seier at han snakka med nordmennene.

– Eg møtte dei for nokre dagar sidan. Vi slo av ein prat i fem minutt, seier han.

Duclos kallar ulukka ein tragedie, og seier at ho har gått inn på han.

Publisert 01.02.2025, kl. 08.27

Read Entire Article