Må betale 600.000 for å vise VM på storskjerm

12 hours ago 3


På fredag var det elektrisk stemning i Jærhallen på Bryne då rundt 1000 personar var samla for å sjå Noreg mot Frankrike.

Skuffelsen var likevel stor hos mange då Erling Braut Haaland ikkje var å sjå på banen.

Fest på Bryne - redigert av Waage

Det var fotballfeber på Bryne før kampen mellom Noreg og Frankrike på fredag.

Foto: Erik Waage / NRK

Nå får dei truleg ikkje sjå jærbuen på storskjermen under resten av meisterskapet.

Det kostar nemleg store summar å vise VM på storskjerm.

– Det er veldig synd. Vi hadde lyst til å vise Noreg sine kampar framover, seier marknadssjef i Bryne, Bjørn Hagerup Røken.

Blei førespegla ei rekning på 600.000

Bryne FK fekk eit krav på 300.000 kroner for rettane til å vise kampen på storskjerm.

Dette beløpet gjaldt for eit såkalla «ikkje-kommersielt» arrangement, som betyr at det ikkje blir tatt inngangspengar og at det ikkje er sal av alkohol.

Haaland

Erling Braut Haaland var ikkje på banen då Noreg møtte Frankrike.

Foto: AP

Då Bryne undersøkte moglegheitene for å generere inntekter for å dekke kostnadene, auka lisensavgifta ytterlegare.

– Vi har sett på moglegheita for å vise VM, med skjenking og full rulle. Men då kostar det 600.000 kroner å vise 16.-delsfinalane. Då må nok folk heller sjå kampen heime, seier Hagerup Røken.

Bjørn Hagerup redigert av Waage

Det var storrigg og spent stemning i Jærhallen før kampen mellom Noreg og Frankrike.

Foto: Erik Waage / NRK

Prisane har vore kjende lenge

Det er TV 2 som viser 16.-delsfinalen mellom Noreg og Elfenbeinskysten på tysdag.

Allente distribuerer TV 2s kampar, og opplyser på nettsidene sine at avgifta for storskjermvisning blir rekna ut frå publikumskapasiteten til staden.

Dei krev at ein må ta direkte kontakt for å få oppgitt ein pris.

Folk ser fotballkamp på storskjerm utendørs ved sjøen i solnedgang.

Arrangørane er også plikta til å vise reklame om ein ønsker å vise kampane på storskjerm. Dette er i samsvar med FIFA sitt regelverk, seier Sæter i Viagroup.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Pressekontakt Jon Edmund Sæter i Viagroup, som eig Allente, stadfestar likevel at prisnivået marknadssjefen skisserer er riktig.

– Prisar og rammevilkår baserer seg på visningsrettar for alle TV 2 sine kampar i meisterskapet. Desse har vore kjende lenge, og er like for alle, seier han.

Må betale for heile meisterskapet

Allentes lisensordning gjer det ikkje mogleg å plukke ut enkeltkampar, og lisensen gjeld for heile meisterskapet.

– Mange små og store aktørar har tatt ein sjanse og satsa på å vise heile VM, og då ville det vore uheldig om desse skulle mista kundar til fordel for aktørar som berre ønsker å vise enkeltkampar, seier Sæter i Viagroup.

Folk foran storskjerm

Viagroup fryktar at aktørar som berre viser enkeltkampar under VM, skal ta kundar frå dei som har satsa stort på å sende heile meisterskapen.

Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Hagerup Røken forstår at ein må verne om dei som har betalt for å vise heile meisterskapet. Han meiner likevel at regelverket er for lite fleksibelt.

– Nå har dei som sit på fotballrettane ei moglegheit til å bygge engasjement rundt fotballen. I staden vel dei å dempe entusiasmen rundt sitt eige produkt ved at det ikkje er mogleg å kjøpe enkeltkampar, seier han.

NRK krev vederlag viss festen blir for stor

NRK krev også betaling viss publikummet er av ein viss størrelse.

NRKs kampar er i utgangspunktet vederlagsfrie for ordinære pubar og ikkje-kommersielle arrangement.

NRK krev likevel vederlag for offentleg vising ved kommersielle arrangement som har ein kapasitet på over 300 personar.

Det har vore innvendingar mot dette, og saka har mellom anna blitt tatt opp på Stortinget (ekstern lenke).

– Event-arrangørane må betale ut frå storleiken til arrangementet på same måte som prisstrukturen til Allente, seier sponsorsjef i NRK, Christian Petersen.

NRK vil ikkje svare på kva det kostar å vise NRK sine VM-kampar på eit kommersielt arrangement for rundt 1000 personar.

– Prismodellen er fastsett av NRK og er lik for alle bransjeaktørar. Vi ønsker ikkje å dele den konkrete prismodellen, seier Petersen.

Utelivsarrangør Øivind Eikeland seier at dei betalte rundt 300.000 kroner i vederlag til NRK for å vise kampen mellom Noreg og Frankrike i Bjergsted i Stavanger.

Fotballfest i lyn og torden

Eikeland seier at billettinntektene akkurat dekka utgiftene til opprigg og TV-rettar, men at mat- og alkoholsalet gjorde at dei gjekk i overskot.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Dette var eit kommersielt arrangement med kapasitet til 7000 personar. Her blei det kravd inngangspengar. Det var også sal av alkohol og mat.

– Dumt når interessa er så stor

Sidan Bryne FK hadde eit «ikkje-kommersielt» arrangement, fekk dei vise kampen mellom Noreg og Frankrike gratis.

Viss Noreg tar seg til ein 8.-delsfinale, skal kampen gå på NRK.

Vil de vise denne kampen på storskjerm?

Bilde fra treningshallen til Bryne fotballklubb.

Jærhallen på Bryne er pryda med bilde av tidlegare Bryne-spelarar Tuva Hansen og Erling Braut Haaland.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Nei, nå har vi dessverre rigga ned i Jærhallen, seier Hagerup Røken.

– Det er utselt på dei fleste offentlege visningar nå. Det er dumt når interessa er så stor, legg han til.

Publisert 30.06.2026, kl. 10.54

Read Entire Article