Må betale ein million per hytte for å få straumen tilbake

4 hours ago 3


Ein gong var Gåsvær eit levande fiskevêr med fleire fastbuande. Sånn er det ikkje lenger.

Men det er framleis 29 fritidsbustader i øyværet ytst i Herøy på Helgelandskysten.

No risikerer alle desse å bli straumlause for all framtid.

Hausten i fjor blei det brot i sjøkabelen som forsyner det vesle øysamfunnet med straum.

No vil nettselskapet Linea avvikle straumforsyninga permanent.

Det er fordi det vil koste over 30 millionar kroner å legge ny kabel, ifølge selskapet.

Skulle dei 29 hytteeigarane ha tatt den rekninga ville det vorte om lag 1 million kroner kvar frå eigen lomme.

Dette får Gåsvær-folket til å sjå raudt, fortel huseigar og gåsværing, Øyvind Mathisen.

– Vi er veldig misfornøgde.

Utan straum er han redd øya går ei mørk tid i møte.

– Det er negativt for Gåsvær som stad, eit gammalt fiskevêr med historie bak seg. Ein stad vi er veldig glad i.

Helgelands Blad skreiv om saka først.

Øivind Mathisen

Øyvind Mathisen (70) er oppvaksen Gåsvær. – Øya betyr mykje for meg, og det trur eg ho gjer for familien min òg. Eg trur eg har mange med meg. Så vi er skuffa.

Foto: Øystein Nygård

– Ein nedtur

Mathisen har vakse opp på Gåsvær og øya betyr mykje for han.

– Eg har gått med barneskoa mine der. Gått på skule og jobba på fiskemottaket.

Etter at dei flytta frå øya har han og familien vore der kvar sommar, og no er han rundt 70 år.

et lite rødt hus på Gåsvær

I 2016 fekk nettselskapet Linea fritak frå leveringsplikta til fritidsbustadene i Gåsvær.

Foto: Egil Johan Mathisen

Familien hans har hus der, og har det siste halve året fått kjenne på korleis det er å vere der utan straum.

– Det er mykje vanskelegare. Vi må ha med aggregat og mange liter drivstoff utover, i tillegg til gassflasker til oppvarming og koking. Det gjer også fritidsbustadene mykje mindre attraktive, seier han og legg til:

– Det er klart at viss straumen blir kutta, må vi jo tilpasse aktivitetane våre med gass og solceller, som både er dyrt og samtidig arbeidsamt. Det blir ein nedtur.

Mathisen og hytteeigarane står ikkje aleine i kampen for straum til øya. Denne veka blei det gjort eit samrøystes vedtak i formannskapet i Herøy, kor dei går i mot at Linea skal sleppe å bygge ny straumkabel:

– Er det rettferdig?

Men er det rettferdig å bruke så mange millionar på ein straumkabel til 29 abonnentar som er på øya halvparten av året?

Det er jo folk på Helgeland som eventuelt må betale for det her?

– Det er alt etter korleis ein ser det. Det er jo også eit næringsliv her, både fiskeoppdrett og fisketurisme. Tar vi bort leveringa av straum, så vil jo alle desse tinga forsvinne, seier han.

Oppdrettsselskapet Seløy Sjøfarm har tre anlegg på øya. Dei har allereie gjort seg uavhengig av landstraum.

Gåsvær ligg i Herøy kommune på helgelandskysten.

– Vi har to lokalitetar i Gåsvær. Vi har investert i hybriddrift på begge lokalitetane, som betyr at vi ladar batteri med aggregater, seier dagleg leiar Jan Erik Jakobsen.

Og legg til:

– Dette blei nokre millionar, og da ønsker vi ikkje bruke mange pengar på landstraum.

Flere hus på øya Gåsvær på Helgeland

Ein gong var Gåsvær eit levande fiskevêr med fleire fastbuande. Sånn er det ikkje lenger.

Foto: Egil Johan Mathisen

Fellesskapen må betale

Ifølge Frode Dorp, kommunikasjonsansvarleg i Linea har dei vore innom fleire alternativ for å få ned kostnaden, som å reparere den 60 år gamle og øydelagde kabelen, men konkludert med at risikoen for at han ryk igjen er for stor.

I tillegg har nettselskapet prøvd å få til eit spleiselag for å minske på kostnadane. Då har dei tatt kontakt med både kommunen og oppdrettsselskapet Seløy Sjøfarm, men det førte ikkje fram.

– Dei sa at dei dessverre ikkje kunne vere med på eit sånt type spleiselag.

Derfor konkluderer Linea med at dei vil kutte straumen til øya. Det blir for dyrt å legge ein kabel til over 30 millionar kroner for 29 fritidseigedommar.

Øya Gåsvær utenfor Helgeland i solnedgang

Øyværet Gåsvær utanfor Helgeland i solnedgang. Mathisen fortel at hytteeigarane har ei velforening og har overtatt ei kyrkje som dei reparerer og held arrangement i

Foto: Egil Johan Mathisen

– Då er det fellesskapen og Helgeland som må vere med og betale den kostnaden. Vi får auka kostnader, og nettleiga vil gå opp. Det er jo ein samfunnsøkonomisk bit i dette.

Er det fleire øyar på Helgeland som kan få same skjebne som Gåsvær?

– Det som er litt spesielt med denne øya er at det berre er fritidsbustader der. Hadde det vore fastbuande, så hadde vi hatt leveringsplikt, og det hadde vore vanskelegare å få gjennom eit sånt type fritak.

Eit eksempel på at det lønner seg å ha fastbuande, er situasjonen på øya Myken i Rødøy kommune. Der fekk dei 12 fastbuande ny straumkabel til 40 millionar kroner.

Dorp seier han håpar hytteeigarane på Gåsvær finn alternative løysingar.

– Oppgåva til eit nettselskap er å prøve å halde kostnaden nede. Vi synest det er synd sjølv at dei mistar straumen der ute, men så kan det hende at dei kan finne andre alternativ.

Publisert 19.05.2025, kl. 08.48

Read Entire Article