Mange døde etter at luftballong tok fyr i Brasil

4 hours ago 3


Minst åtte personar er døde etter at ein luftballong tok fyr i lufta og styrta i delstaten Santa Catarina sør i Brasil laurdag.

Luftballong som brenner og styrter.

STYRTA: Mange er døde etter at ein luftballong begynte å brenne og styrta sør i Brasil.

Foto: Skjermbilde / X

Publisert 21.06.2025, kl. 16.08 Oppdatert 21.06.2025, kl. 16.12

Det skal ha vore 22 personar om bord varmluftsballongen.

Guvernøren i Santa Catarina Jorginho Mello meldte laurdag at minst åtte er stadfesta døde, og at to personar er funne i live.

Redningsmannskap leitar framleis etter overlevande og sakna i området der ballongen styrta.

Det er ikkje kjent kva som er årsaka til at ballongen begynte å brenne.

Publisert 21.06.2025, kl. 16.08 Oppdatert 21.06.2025, kl. 16.12

Read Entire Article