«Eg føler meg ikkje velkomen her på skulen, og det har eg ikkje følt på over seks år fordi det starta i barnehagen».
Dette står skriven i notatboka til 23 år gamle Maren Søfferud frå då ho gjekk i 6. klasse.
Gjennom heile barndommen i Fluberg i Søndre Land kommune vart ho mobba.
Maren Søfferud håper ho kan hjelpe andre ved å vere open som mobbing og ein krevjande barndom.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKPå skulen var ho einsam og redd.
– Kvardagen min bestod av frykt, slag, spark og baksnakking, fortel ho.
Ho vart slått i magen av medelevar så ho mista pusten, sekken vart gøymd, og ho vart kalla stygge ting.
– Eg hadde ingen vener på skulen. Kvardagen var veldig vanskeleg.
- Etter fleire år med auke i mobbetala, har dei no stagnert. Les meir om tala her.
Prøvde å seie frå
Allereie det første året på barneskulen, prøvde å ho å seie frå til dei vaksne på skulen om det ho vart utsett for, fortel ho.
– Eg lærte raskt at eg ikkje vart høyrd. Mobbinga heldt fram og vart berre verre.
– Då eg sa frå til vaksne ved skulen vart det berre verre dagen etter fordi då hadde mobbarane fått vite at eg hadde sladra, seier ho.
I boka si skreiv 23-åringen korleis ho hadde det på skulen.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKHo slutta å seie frå. Mobbinga heldt fram.
I notatboka si på skulen skreiv ho det ho følte på, og om mobbinga.
«Eg er meir sårbar i friminutta» og «Eg blir så redd for eg veit ikkje kven eg kan stole på», er døme på det ho skreiv ned.
Ein lærar las det og kvitterte på det ho hadde skrive.
Men det vart aldri tatt vidare, verken til rektor eller foreldra hennar. Læraren meinte skriveboka var i fortrulegheit mellom eleven og læraren.
I staden skreiv læraren i boka at Søfferud måtte seie frå til lærarane.
Maren Søfferud blar i fotoalbumet som ho ikkje har opna på mange år.
FOTO: LARS ERIK SKREFSRUD- Les også om Peder Angel som tok sitt eige liv. No kjempar foreldra hans mot mobbing.
Vann fram i retten
Etter over 3,5 år og fleire rundar i rettssystemet, er ansvaret for mobbinga ho vart utsett for endeleg plassert.
Søndre Land kommune må betale millionerstatning til Søfferud etter ein barndom prega av mobbing.
– Det har vore ein lang kamp gjennom fleire år, seier 23-åringen.
23-åringen og familien hennar har fått fleire blomsterbukettar og mykje støtte i kampen mot kommunen.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKTingretten slo fast at Søfferud sin rett til eit trygt og godt skulemiljø vart krenka, og at det var Søndre Land kommune sitt ansvar.
I dommen frå tingretten står det mellom anna:
Kommunen anka dommen frå tingretten, men 16 timar etter fristen hadde gått ut. Lagmannsretten avviste difor anka.
Då anka kommunen vidare til Høgsterett. No har også dei avvist anka.
– Det har vore tungt, men absolutt verdt det, seier 23-åringen.
Det måtte sjølvsagt feirast med kake at Høgsterett avviste anka frå Søndre Land kommune. Foreldra Monica og Hans Martin har vore gode støttespelarar for dottera Maren gjennom ein krevjande kamp.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK- Les også om Caroline (31) som fekk livet øydelagt av mobbing.
Kommunen vil ikkje seie unnskyld
Pål Rønningen er konstituert kommunedirektør i Søndre Land. Han ønsker ikkje å stille til intervju eller svare på spørsmål frå NRK.
I ein e-post til NRK skriv han at kommunen forheld seg til dommen.
– Saka er endeleg avgjort. Kommunen forheld seg sjølvsagt til dommen frå tingretten og er opptekne av at alle involverte i saka blir varetatt på ein god måte, skriv han.
Søndre Land kommune anka dommen frå tingretten, men vart ikkje høyrd. Ingen i administrasjonen ønsker å stille til intervju med NRK.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKHan forklarar at kommunen anka saka til lagmannsretten fordi dei var ueinige i deler av dommen frå tingretten.
På spørsmål om dei vil seie unnskyld til Søfferud, svarar Rønningen:
– Eg viser til e-posten vi sende. Vi har ingen ytterlegare kommentar, seier han.
Håvard Eriksen er kommunalsjef for opplæring og inkludering i kommunen. Han seier dei no jobbar systematisk for å redusere mobbing blant elevar i kommunen.
– Vi har styrka støttefunksjonar på skulane og etablert eigne skulemiljøteam. Ein plan for godt barnehage- og skulemiljø skal opp til politisk behandling. Tiltak som blir sett i verk er i tråd med nasjonale anbefalingar, seier Eriksen.
– Vil kommunen seie unnskyld til Maren?
– Vi ønsker ikkje å kommentere dette i media. Vi har avtalt eit møte med familien Søfferud neste veke, skriv han i ein SMS til NRK.
– Sprunge frå ansvaret
23-åringen sin advokat, Simen Skjønsberg, meiner kommunen har handtert saka dårleg.
– Tilsette har visst om dette og unnlét å agere på den informasjonen dei hadde. Dokumentasjonen i denne saka er veldig tydeleg og talar sitt klare språk.
– Slik vi ser det, har kommunen sprunge frå sitt ansvar som skuleeigar, seier advokaten.
Advokat Simen Skjønsberg omtalar saka som alvorleg. Biletet er frå ein annan rettssak.
Foto: Lise Åserud / NTBHan omtalar saka som alvorleg, mellom anna fordi mobbinga har fått store konsekvensar for Søfferud.
Ho er diagnostisert med posttraumatisk stressliding (PTSD), og er ikkje i arbeid.
– Det er veldig alvorleg at ein elev i norsk skule har fått sine rettar krenka så alvorleg har det får stor betydning for hennar liv som vaksen, seier advokaten.
Ser framover
Etter å ha vunne fram i retten, kan 23-åringen endeleg sjå framover.
– Eg ønsker å få meg ein jobb og ein bustad. No vil eg ta vare på meg sjølv og ta tilbake mitt eige liv.
– Eg har mange utfordringar som følgje av mobbinga, men no håper eg at eg kan ta livet mitt tilbake, seier Maren.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKFleire av dei som mobba ho har beklaga i ettertid. Nokre av dei vitna også for ho i retten.
– Dei tok på seg ansvar, og det står det respekt av, seier Søfferud.
Men ei unnskyldning manglar.
– Eg håpar kommunen kjem med ei unnskyldning. Dei har nekta å ta ansvar og oppført seg dårleg, seier ho.
Det tok fleire år før Maren ville opne fotoalbumet frå då ho var lita. Minna frå tida då ho følte seg utanfor har gjort det vanskeleg for ho å røre den.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKVed å fortelje sin historie, håpar ho å kunne hjelpe andre og sette fokus på mobbing.
– Det er mange i dag som blir mobba. Sjølv om det er vondt, må det bli prata om.
Publisert 22.01.2025, kl. 17.52 Oppdatert 22.01.2025, kl. 18.05