Måtte på legetime 13 gongar på 24 dagar til Arne Bye

5 months ago 24


Etter kvar time gjekk eg ut i bilen og tenke «kva i svarte var det eg var med på no?»

Det seier ei kvinne at ho tenkte etter fleire av dei hyppige legetimane hos Arne Bye.

Ho er ei av dei 94 fornærma kvinnene i rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune.

Over ein periode på 24 dagar var ho til den tidlegare fastlegen sin 13 gongar.

– Han sa at eg måtte komme tilbake i morgon. Og eg gjorde jo det.

Bye seier i retten at det kan stemme at kvinna var så mange gongar på legetime hos han.

Blei undersøkt på toalettet på kveldstid

Kvinna var i 40-åra då ho gjekk til legen på grunn av underlivsproblematikk.

Og under ein legetime på kveldstid enda kvinna opp med å bli undersøkt av Bye medan ho sat på toalettet og tissa.

Først skal kvinna ha fått beskjed om å sitte i gynekologstolen og tisse for at Bye skulle undersøke korleis strålen oppførte seg.

– Eg fekk jo ikkje til å tisse då eg sat i den stillinga som eg gjorde. Det er veldig unormalt å sitte sånn.

Deretter skal Bye ha foreslått at dei kunne gå bort til eit toalett på legekontoret.

– Det var etter arbeidstid, så det var berre oss to på legekontoret. Då gjekk eg frå undersøkingsrommet, ute i gangen og inn på toalettet i berre t-skjorte.

Og inne på toalettet sat kvinna seg på toalettet, medan Bye sat seg på kne framfor toalettet.

– Medan eg tissa tok han to fingre i skjeden. Det var veldig ubehageleg, forklarar kvinna.

Bye seier etter kvinna si forklaring at også dette skjedde i samråd med kvinna.

– Kor alminneleg det er veit eg ikkje. Men eg hadde diskutert det med ho på førehand og journalført at me hadde tenkt å gjere det.

Tiltalte legg til at det blei gjort for å undersøke om vidare behandling kunne vere til nytte.

Et bilde tatt fra utsiden og inn mot rettssal 5 i Trøndelag tingrett, Steinkjer. Vi kan lese at det står rettsal 5 på en vegg. Det er noe gjenskinn i vinduet. To vannrette og oransje spiler dekket deler av vinduet.

Saka mot Arne Bye går for retten frå 5. november til 18. februar.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen

– Tøft å høyre kva mamma har vore gjennom

Då kvinna skulle forklare seg i retten hadde ho med seg si vaksne dotter som støtte.

– Det har betydd alt. Ein må ha nokon, seier kvinna til NRK om støtta frå dotter si.

Etter ho har forklart seg i retten er dei begge to rørte over støtta dei har i kvarandre.

– Det er tøft å høyre kva ho har vore gjennom. Men eg synest det er bra at ho er her og snakkar mot Arne Bye, seier dottera.

Kvinna seier det er takka vere dotter si at ho klarte å møte opp i retten i dag.

– Det er ein styrke å vere seg sjølv og open med dottera si. Det er alfa og omega for meg. Elles hadde eg ikkje klart å kome hit.

Kvinna seier ho håpar at ho gjennom å forklare seg i retten kan bidra til at det som har skjedd med ho ikkje skal skje med andre i framtida.

Det var veldig skummelt, men eg gjer det ikkje berre for min del. Eg gjer det for oss alle som har vore gjennom dette. Og for å unngå at det skjer igjen.

Til slutt legg kvinna til at både ho og Frosta-samfunnet skal kome seg gjennom dette.

Me skal klare det og me står saman heile gjengen på Frosta. Dette skal me klare.

Masserte klitoris

– Eg måtte fokusere på ting sånn at eg ikkje fekk orgasme.

På nesten kvar av dei 13 gongane hos legen smurde Bye underlivet hennar inn med legemiddel, forklarte kvinna i retten.

– Det var jo smørjing og eg følte at han heldt på i alle fall i eit minutt. Så var det å kle på seg, prate litt skit og så var det opp i stolen igjen.

Kvinna forklarar at ho etter legetimane gjekk ut i bilen og lurte på kva ho hadde vore med på.

– For meg som låg der, så var det berre å prøve å fokusere på ting, sånn at eg ikkje fekk orgasme.

Bye erkjenner ikkje straffskuld for å ha valdtatt kvinna, men han erkjenner å ha misbrukt stillinga si overfor ho for å skaffe seg seksuell omgang.

– Smørjinga er inadekvat både i forhold til lokalisasjon, intensitet og varigheit, seier Bye i retten etter at kvinna har forklart seg.

Men tiltalte meiner det ikkje er masturbasjon, slik det står i tiltalen.

– Behandlinga skjedde i samråd med pasienten, legg Bye til.

Bye barberte underlivet hennar

Den fornærma kvinna seier ho fekk beskjed av Bye om å barbere underlivet før ho skulle til legen igjen allereie neste dag.

– Eg gjorde så godt eg kunne, men det var ikkje godt nok. Han spurde om han kunne barbere og han fekk lov til det.

Dette skal ha vore ein av dei første av dei 13 legetimane på 24 dagar.

– Det var første gongen han begynte med smørjinga, legg ho til.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 10.12.2024, kl. 16.28

Read Entire Article