– Dei har heldigvis ikkje begynt å bruke det over alt.
Det seier den regjerande olympiske meisteren i lengdehopp Miltiadis Tentoglou til NRK etter å ha tatt ein andreplass i franske Liévin forrige veke.
STJERNE: Miltiadis Tentoglou i aksjon.
Foto: AFPFor på innandørsstemnet i Frankrike blei ikkje den nye regelen for «take off zone» – eller satssone – brukt.
Satssone er Det internasjonale friidrettsforbundets (World Athletics) nyvinning for å gjere lengdehopp meir underhaldande.
Tidlegare har hopp blitt målte frå planken til kor utøvaren landar i sandgropa. Nå kan utøvarane ta sats frå ei sone på 40 centimeter, og hoppa blir målt frå staden dei hoppa frå.
– Om dei hadde hatt det her, så ville eg aldri vore her, seier Tentoglou om den nye regelen.
– Øydelegg øvinga
Satssone i lengde blei brukt for første gong under ISTAF-stemnet i Düsseldorf førre helg. EM-sølvvinnaren frå i fjor, Larissa Iapichino, nekta å delta på stemnet på grunn av satssona.
– Eg er kraftig motstandar av dette. Lengde blir definert av dei tekniske utfordringane, og ei slik sone endrar heile sportens natur. Dersom denne endringa blir innført, blir lengde til ein heilt annan sport, skreiv italienaren på Instagram.
Nokre dagar seinare trekte EM-vinnar Annik Kälin seg frå eit stemne i Berlin.
– Eg kan ikkje støtte dette prosjektet, sa ho.
20 år gamle Ida Andrea Breigan har tidlegare uttrykt skepsisen sin til NRK. Eitt år seinare, når satssona for alvor gjer sitt inntog i friidretten, har ho ikkje endra standpunkt.
TALENTFULL: Ida Andrea Breigan.
Foto: PRIVAT– Eg var veldig skeptisk til endringa da vi snakka om det i fjor, og det står eg framleis ved. Eg meiner det øydelegg øvinga og i praksis gjer det til ei ny øving, seier det norske stortalentet og fortset:
– Samtidig er eg open for å teste det ut og høyre korleis utøvarar som allereie har prøvd det opplevde det. Men eg meiner framleis at det finst betre måtar å skape merksemd rundt lengdehopp utan å endre sjølve øvinga.
Breigan har fått ein fin start på innandørssesongen, med eit hopp på 6,50 meter tidlegare i februar. Det er åtte centimeter bak hennar eigen noregsrekord innandørs.
Positiv OL-vinnar
Men ikkje alle er negative til satssona. World Athletics har grunngitt endringa med at satssona gir færre døde hopp. Ingen trakkar over planken lenger, men får gyldige hopp frå innanfor satssona.
Tyske Malaika Mihambo, som har både VM og OL-gull, var positiv etter å ha testa nyvinninga i Düsseldorf.
– Momentumet er mykje betre, det er som om du berre hoppar med ei halv fotlengde frå brettet, sa ho ifølge AP.
SIGER: Mihambo vann det første stemnet der satssona blei brukt.
Foto: APTrenaren hennar Uli Knapp støttar også regelendringa frå det internasjonale forbundet.
– Det var ein svært spennande konkurranse for tilskodarane fordi det var færre døde hopp. Det gjer øvinga meir underhaldande. Eg er open for endringar, akkurat som Malaika.
NRK har kontakta Det internasjonale friidrettsforbundet for å høyre kor dei planlegg å nytte seg av satssone denne sesongen, og kva dei tenker om den negative tilbakemeldinga, men foreløpig ikkje fått svar.
Skandalescener i Algarve rundt – bilder fra Max 01:24
Publisert 20.02.2025, kl. 10.46 Oppdatert 20.02.2025, kl. 11.10