Rettssaka som har sjokkert Frankrike sin vinindustri, har blitt kjent som «den skamfulle druehaustinga», melder The Guardian.
Sesongarbeidarar skal ha blitt utnytta og levd under uverdige buforhold.
Tre tilsette er tiltalt for menneskehandel og grov utnytting av sesongarbeidarar under fjorårets druehausting.
Dei risikerer opptil ti års fengsel, melder det franske tidsskriftet Le Nouvel Obs.
Rettssaka er ei av dei største arbeidsskandalane i Frankrike sin vinindustri.
Umenneskelege forhold
Hausten 2023 blei det oppdaga at 57 arbeidarar levde under tronge og uhygieniske forhold, på ein vingard i byen Reims, nordaust i Frankrike.
Fleirtalet av arbeidarane kom frå land i Vest-Afrika, og hadde ikkje gyldige dokument.
48 menn og ni kvinner i alderen 16 til 65 år jobba på vingarden.
Arbeidarane blei rekruttert gjennom appen Whatsapp, og var lova «godt betalt arbeid», melder BBC.
Men realiteten var ein heilt anna.
VG har også omtala saka.
Sesongarbeidarane jobba i byen Reims i Champagne- regionen.
Drueplukkarane blei stua inn i forfalne og uisolerte bygningar, der dei måtte sove på skitne oppblåsbare madrassar.
– Sjølv dyr blir behandla betre, seier Diadia Korera (33) til Le Nouvel Obs.
Dei hadde ikkje tilgang til reint vatn, og menyen bestod av ris eller rotne brødskiver.
– Vi blei traumatisert av opplevinga. Vi hadde ingen psykologisk støtte. Utan papir har du ingen rettar.
Det sa Doumbia Mamadou (45) til den franske lokalavisa L'Union.
– Vi var som slavar, sa han under rettssaka.
På vingardar i Champagne regionen blei drueplukkarar utnytta. Biletet er frå 19. september 2024.
Foto: FRANCOIS NASCIMBENI / AFP / NTBBetalte for å arbeide
Ifølge påtalemyndigheita arbeidde drueplukkarane i opptil ti timar om dagen med berre ein pause på 30 minutt.
Til og frå jobb betalte arbeidarane 10 euro, for å sitte på huk bak på eit fullstappa lasteplan.
Ingen av arbeidarane skal ha hatt arbeidskontrakt, og lønna samsvarte ikkje med arbeidsmengda.
– Dei tiltalte viste fullstendig mangel på respekt for menneskeverdet.
Det seier Maxime Cessieux, som representerer fleire av arbeidarane, ifølge BBC.
Ønsker endring
Rettssaka har reist spørsmål om utnytting av sesongarbeidarar på franske vingardar.
Fagforeininga CGT ønsker ein slutt på utnyttinga.
Dei reiser rundt på vingardar for å opplyse arbeidarar om rettane deira.
Fagforeininga CGT opplyser sesongarbeidarar på franske vingardar om deira arbeidsrettar.
Foto: FRANCOIS NASCIMBENI / AFP / NTBÅrleg blir kring 120.000 sesongarbeidarar rekruttert til å handplukke druer.
Det har tidlegare vore rapportert om uverdige levekår, heteslag og dødsfall, melder nyheitsbyrået AFP.
Seinast i 2023 døde fire sesongarbeidarar i Champagne under druehaustinga, som følge av arbeid i ei hetebølge, melde The Guardian.
– Offentlegheita bør få vite kor omfattande menneskehandelen i landbrukssektoren er.
Det sa David Desgranges, visepresident i Comité contre l'esclavage moderne, til AFP.
Interessert i meir frå utanriks? Høyr podkasten vår her:
Publisert 20.06.2025, kl. 16.20