Presidenten i Mexico, Claudia Sheinbaum hadde ein telefonsamtale med Donald Trump måndag ettermiddag.
På ein pressekonferanse sa Sheinbaum at ho hadde hatt ein god samtale med president Trump.
Straffetollen skal etter planen vere på 25 prosent på varer frå Mexico.
Etter Sheinbaum sin pressekonferanse, stadfesta Trump at han vil vente ein månad med å innføre straffetollen.
I mellomtida skal Mexico sende 10.000 soldater til grensa til USA for å hindre at det blir innført og hindre ulovlie innvandring.
Donald Trump har også varsla 10 prosent tilleggstoll på varer som blir importerte frå Kina, og 25 prosent på varer frå Canada. Dette skal også gjelde frå tysdag.
Då Trump møtte journalistane på flyplassen i Washington D.C. i morgontimane måndag, sa Trump at fleire land står for tur.
– Det kjem definitivt til å skje med EU, det kan eg fortelje dykk, sa han.
– Dei har verkeleg utnytta oss. Dei tek ikkje bilane våre, dei tek ikkje gardsprodukta våre, dei tek nesten ingenting.
Publisert 03.02.2025, kl. 16.59