Miljøorganisasjonane krev at Noreg bidreg og ikkje bremsar på viktig klimamøte

1 week ago 19


Fredag samlar representantar frå over 54 land seg i Santa Marta i Colombia.

Saman med Nederland skal vertslandet leie arbeidet med å finne ut korleis verda skal finne ein veg bort frå kol, olje og gass.

– Eg ser dette som ei veldig viktig og positiv utvikling innan internasjonale diskusjonar om korleis vi taklar klimaendringane, seier klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero.

Sa ikkje noko om utfasing

Møtet i Santa Marta er ikkje ein del av dei internasjonale klimaforhandlingane under Parisavtalen.

På klimatoppmøtet i Dubai i 2023 blei landa einige om ei slutterklæring som forpliktar landa i verda til å omstille seg vekk frå fossil energi.

Trass i at det har vore to klimatoppmøte sidan Dubai, har verda ikkje komme lenger.

Ved klimatoppmøtet i Brasil i fjor haust blei det ikkje sagt noko om utfasing av kol, olje og gass i slutterklæringa.

To kvinner

Susanne Waage frå WWF (til venstre) og Elise Åsnes frå Greenpeace har reist til Colombia for å vere til stades under konferansen.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

– Kjem til å følge nøye med

I statsbudsjettet i fjor haust blei dei raud-grøne partia einige om å setje ned ein omstillingskommisjon.

Det er forskjellige tolkingar om kva kommisjonen skal gjere, men fagrådgivar Elise Åsnes i Greenpeace seier at ein samla miljøbevegelse lenge har kravd at regjeringa lagar ein plan for utfasinga.

– Dette møtet, denne store, historiske hendinga, er eit unikt moment og eit handlingsrom for å starte med akkurat det, seier ho.

– Vi krev at Noreg bidrar godt der og ikkje bremsar. Vi kjem til å følge nøye med på korleis Noreg bidrar i diskusjonane og håpar verkeleg at dei bidrar konstruktivt, legg Åsnes til.

Dramatisk start

Møtet i Colombia blei lansert på klimatoppmøtet i Brasil.

– Det blei lansert midt under ein brann inne på klimaforhandlingane, som var symbolsk og sterkt i seg sjølv, seier Åsnes.

Ho seier at det har vore utruleg frustrerande å sjå korleis kjernen til problemet ikkje får den merksemda det fortener under klimaforhandlingar.

Tar ikkje med «fossile bremser»

FN sitt klimatoppmøte er avhengig av at alle land blir einige.

Det har gjort at nokre få oljeproduserande land i praksis har vetorett og kan stoppe vedtak. Denne gongen er ikkje dei landa med.

– Det er heilt med vilje at ein no ikkje inviterer med dei store fossile bremsene i klimaforhandlingane. At Saudi-Arabia, Russland og USA ikkje deltar, gjer jo heller at ein no får eit rom til å diskutere den fossile energiomstillinga, som ein ikkje har hatt tidlegare, seier leiar for fossil utfasing i WWF Verdas naturfond Susanne Waage.

Klimaforskar Samset meiner det er viktig at deltakarane i Colombia kan arbeide utan at representantar frå oljeproduserande land kan stoppe dei.

Det er positivt at nokon har sett seg leie på det og seier at dei skal sjå kva som går an dersom vi ønsker å samarbeide i vår eiga gruppe, uavhengig av FN, seier Bjørn Samset.

Mann snakker i mikrofon

Colombia sin president, Gustavo Petro, har vore viktig for at møtet finn stad. Han må gå av etter at landet har valt ny president 31. mai.

Foto: Luisa Gonzalez / REUTERS,NTB

Store oljeprodusentar deltar

Sjølv om Saudi-Arabia og andre oljeproduserande land i Persiabukta ikkje deltar, er ei rekke oljeland med. Det skriv The Guardian.

Nigeria, Angola, Mexico, Brasil – og Noreg – er alle med. Det er også fleire av dei største utsleppsnasjonane i verda, som Storbritannia, EU, Canada og Australia.

Waage i WWF meiner at når det er så få oljeproduserande land til stades, så er det spesielt viktig at Noreg deltar aktivt.

– Det vil vere et ekstra fokus på land som Noreg, Canada og Australia, som store produsentland, seier Waage som ventar at det blir eit stort press på Noreg i samtalane.

Også ein del av landa som er mest sårbare for klimaendringar, som øystatar i Stillehavet, er med på konferansen.

– Må skru opp tempoet

I motsetning til under klimatoppmøtet i fjor, er ikkje klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til stades i Colombia. I staden sender Noreg statssekretær Astrid Hoem.

Ho seier at Noreg deler ambisjonen om å skru opp tempoet i den globale energiomstillinga for å nå 1,5 grader.

– Samtidig vil omstillinga ta tid og krevje dialog om korleis vi kombinerer klimaomsyn, energisikkerheit og samfunnsutvikling, seier Hoem.

Tankskip i solnedgang

Køen av tankskip som håpar å få komme gjennom Hormuzsundet har gjort møtet i Santa Marta endå meir aktuelt.

Foto: Asghar Besharati / AP,NTB

I skuggen av Iran-krigen

Konferansen i Santa Marta skjer samtidig som verda går gjennom si største energikrise på mange år.

Åsnes i Greenpeace seier krigen gjer konferansen viktigare enn nokosinne.

Ho meiner at krigen viser kor sårbart det er å ha ein økonomi som er så avhengig av fossil energi.

– At så mange land no skal samlast, viser at det er ein koalisjon av villige som vil noko med dette, midt i ei krise, som er direkte knytt til fossil energi, seier Åsnes.

CO₂ i atmosfæren målt i deler per million partikler (ppm)

Gå til NRKs Klimastatus

Publisert 24.04.2026, kl. 19.30

Read Entire Article