Milliardær om storslått Carlsen-plan: – Eg treng ikkje meir pengar

3 months ago 15


– Eg har starta nok bedrifter i livet mitt. Eg blei akkurat 60. Eg treng ikkje meir pengar. Eg gjer dette for spelarane sitt beste, seier Jan Henric Buettner til NRK.

Det er nok fleire som dreg kjensel på namnet til den tyske milliardæren.

Buettner og turneringa hans, Freestyle Chess, spelar hovudrolla i ein opprivande konflikt med Det internasjonale sjakkforbundet (Fide), som er i ferd med å splitte sjakkverda i to.

I dette intervjuet med NRK opnar gründer Jan Henric Buettner opp om korleis han blei venn med Magnus Carlsen, at han har samla dei sju beste spelarane i verda i éin chat og korleis dei saman ønsker å revolusjonere sporten.

Jan Henric Buettner

LIDENSKAP OG MORO: Slik skildrar Buettner arbeidet med Freestyle Chess.

Foto: Lennart Ootes / Freestyle Chess

Møtte Carlsen i Qatar

Buettner fortel at han kom inn i sjakkverda då han ønskte å lære seg noko nytt – som i utgangspunktet ikkje skulle vere forretningsrelatert. Han ringde nokre stormeistrar, som kom på besøk.

Då kom ideen om å ha ei turnering i heimbyen Weissenhaus i Tyskland.

– Eg sa: «La oss ha den beste sjakkturneringa verda kan tenke seg». Og då treng du den beste sjakkspelaren gjennom tidene. Då fekk eg kontakt med Magnus og spurde kva han ønskte å gjere. Han sa at han ville spele fischer-sjakk på høgaste nivå, med normal områdingstid og mot dei beste spelarane i verda, seier tyskaren.

Preparations for Carlsen v Niemann Speed Chess Championship semi-final in Paris

MEDEIGAR: Carlsen eig sjølv ein mindre del av Freestyle Chess.

Foto: Julien Pretot / Reuters

Buettner, som tyske medium tidlegare har anslått har ein formue på minst 100 millionar euro, drog deretter til Qatar for å møte verdseinaren frå Lommedalen.

Dei trefte omgåande tonen.

– Det tok oss tre månader, før vi starta med turneringa i februar i fjor. Responsen var såpass god at vi tenkte: «Ok, la oss halde fram med dette», seier tyskaren.

Sidan har dei to blitt gode venner. Buettner var blant anna til stades i Carlsens bryllaup i Oslo i starten av januar og fortel at dei er mykje saman.

I dag er Buettner hovudeigar i Freestyle Chess-selskapet, der Carlsen også har ein mindre eigarpost.

Men oppstarten av selskapet har blitt prega av konfliktar og dramatikk.

Stridens kjerne

I år møtest sjakkstjernene fem gonger – på fem kontinent – under Freestyle Chess-turneringa. Vinnaren blir kåra på slutten av året til ein storslått finale i Sør-Afrika.

Men kva skal vinnaren titulere seg som? Verdsmeister i Freestyle Chess? Det er her noko av kjernen i konflikten mellom stjerneturneringa og Fide ligg.

Det mektige forbundet varslar no rettslege steg viss Freestyle Chess ikkje droppar ordet verdsmeisterskap.

– Eg synest det var utruleg tåpeleg. Eg såg det komme, så det var ikkje overraskande, men framleis tåpeleg, seier tyskaren.

Den hittil siste utviklinga i saka kom tysdag, då Buettner sende eit ope brev til Fide-leiinga, etter at Fide-sjef Emil Sutovsky tidlegare på dagen gav klart uttrykk for at Fide var klare for krig, dersom det er det Freestyle Chess-leiinga ønsker.

Norway Chess

STJERNE: Hikaru Nakamura vurderer å gi seg med langsjakk som følge av striden med Fide.

Foto: Carina Johansen / Carina Johansen / NTB

I konflikten mot Fide har dei to stjernene Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura stått samla. Dei vurderte begge å trekke seg frå lyn- og hurtigsjakk-VM i forkant og dei kritiserte begge Fide under den stormfulle meisterskapen i romjula.

«Vennskapen» mellom dei to rivalane meiner Buettner er takka vere turneringa hans.

Hikaru og Magnus har ikkje snakka så mykje tidlegare, når dei har møttest på turneringar. Dei sa berre «hei» og «ha det». Kanskje er dette første gongen dei har koordinert saman, seier Buettner.

Eiga WhatsApp-gruppe

I tillegg til å lansere ei ny turnering, har den tyske gründeren samla nokre av dei beste spelarane i verda i ein nyoppretta Freestyle Chess-klubb.

Han fortel at han ønsker å legge til rette for at dei beste sjakkspelarane i verda skal samarbeide så mykje som mogleg om felles interesser, sjølv om dei er konkurrentar.

– Eg tenker det er veldig viktig at spelarane saman får éi stemme. Vi har Freestyle Chess-klubben og vi har ein gruppesamtale på WhatsApp med topp sju i verda. Vi snakkar mykje i den gruppa, og så har vi heile gruppa med Freestyle Chess-medlemmene og så har vi ei eiga gruppe for Grand Slam-turneringane, seier han.

– Dei vil alltid vere konkurrentar, men eg kan representere deira felles interesser. Eg kjem ikkje til å snakke på vegner av spelarane, men eg prøver å organisere det slik at spelarane kan snakke med ei felles stemme til Fide, seier han vidare.

Buettner trur turneringa hans vil revolusjonere sjakken. Han meiner hardnakka at vanleg sjakk – der brikkene har faste plassar på brettet – vil døy ut.

– Når vi er suksessfulle og millionar ser på og speler, så vil sjå tilbake på det og seie: «Kan du tru at brikkene berre hadde éin posisjon og dei analyserte den opp i mente? Det gir inga meining». Vi har så mange startposisjonar, og du ser ferdigheitene og kor gøy spelarane har med det, seier han og legg til:

– Det er det eg trur Magnus innsåg raskt, lenge før eg blei ein del av det, og som han fortalde til Fide da han bad om at VM-formatet skulle endrast. Ønsker vi å finne ut kven som er den beste sjakkspelaren, eller skal vi halde fram med dette formatet?

Carlsen sa sjølv til Financial Times før jul at «vi har ei ibuande tru på at dette er eit betre spel ein klassisk sjakk».

NRK-Bae skeptisk

Torstein Bae, NRKs sjakkekspert, er ikkje like sikker på at fischer-sjakk er framtida. Han seier det ville vore fantastisk for sjakken om Buettner og Carlsen lykkast, men meiner duoen har ein lang veg å gå.

– Utan Magnus hadde dette vore heilt dødfødd. Det vil eg seie at er nokså klart. Men det er noko med det at Magnus, som er med og alt rundt han, gjer at folk kjem til å ha lyst til å sjå Magnus i aksjon, seier Bae.

Sjakkekspert Bae peikar på at det er svært få som speler fischer-sjakk på nett.

– Spørsmålet blir om allmenta og folk flest har den tenninga på fischer-sjakk? Eg veit fleire som tenner litt på dette, men eg er noko skeptisk, seier Bae.

Publisert 29.01.2025, kl. 16.19

Read Entire Article