– Dei har tappa så mykje vatn at vasstanden har gått under det som er lovleg. Det meiner vi er svært alvorleg, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for miljøtilsynet i NVE.
Hendinga dei reagerer på skjedde i 2021. Tappinga av vatnet gjekk føre seg i 27 dagar.
– Vi skal sjå på vedtaket i ro og fred, og så kjem vi tilbake med meir, seier dagleg leiar Sindre Øvrebø i Gjølanger Settefisk AS til NRK torsdag ettermiddag.
Det er same kommentar han har gitt til avisa Firda. Utover det ønsker han ikkje å kommentere milliongebyret noko meir no.
Det er Tyssedalsvatnet, som ligg i Gjølangervassdraget, som har blitt tappa ned. Det ligg i Fjaler kommune i Vestland.
Det er Tyssedalsvatnet i Gjølangervassdraget som er tappa ned.
Største gebyr til eit settefiskanlegg – nokosinne
Hegg Gundersen seier at Miljøtilsynet aldri før har gitt eit like stort gebyr til eit settefiskanlegg.
Dei har rekna seg fram til summen på 20 millionar kroner ved å sjå på antatt forteneste selskapet har hatt av å kunne ha meir fisk i anlegget fordi dei på ulovleg vis har tappa meir vatn.
Verdien på fisken har dei rekna til å vere på om lag 16,5 millionar kroner.
– Og så har vi lagt på litt utover fortenesta, fordi vi veit at anlegget er godt kjende med dei krava som er stilte og det konsesjonsfritaket dei har, seier Hegg Gundersen.
Anlegget har drive med produksjon av laksesmolt sidan 1974.
Økonomisk vinning ved å ha senka vasstanden
Den ulovlege uttakinga av vatn er brot på konsesjonsplikta etter vassressurslova.
Det er i strid med føresetnadane som blei gitt då settefiskanlegget fekk konsesjonsfritak i 2021.
– Gjølanger Settefisk har hatt ein betydeleg økonomisk vinst ved å ha senka vasstanden i Tyssedalsvatnet. Uttaket har gitt dei moglegheit for å ha meir fisk i anlegget, seier Kristian Markegård, direktør for tilsyn- og beredskapsavdelinga i NVE.
Hegg Gundersen seier anlegget har hatt ein million ekstra fisk som følge av at dei har tatt ut meir vatn enn dei har hatt løyve til.
– Det er ulovleg og alvorleg. Både for vassdraget, men også fordi det undergrev heile konsesjonsordninga, seier ho til NRK.
Slik ser laksesmolt ut. Arkivbildet er frå 2018 og er ikkje frå Gjølanger Settefisk sitt anlegg.
Foto: VossolaugetGjølanger Settefisk skal tidlegare ha søkt om å få auke anlegget og fått nei på det.
– Det er alvorleg når ein bryt føresetnadane for eit konsesjonsfritak. Dei har fått eit fritak for å ta ut noko vatn, ikkje så mykje vatn. Så har dei tatt ut meir, og det er eit konsesjonspliktig tiltak.
Vasstanden i vassdraget var på det meste 24 centimeter lågare enn kva anlegget hadde løyve til.
Har seks veker på seg til å klage
Tilbake i 2001 vedtok NVE at anlegget ikkje trong konsesjon etter vassressurslova, men at føresetnadane for fritaket var at vassuttaket ikkje skulle overskride 25.000 liter i minuttet og at Tyssedalsvatnet ikkje skulle tappast meir ned enn 1,43 meter. Det skriv iLaks.
NRK har ikkje fått svar på kor mykje vatn per minutt anlegget tok ut på det meste.
– Kva konsekvensar har den ulovlege tappinga?
– Det er verdifullt naturmangfald i området. Det er alvorleg å tappe ned og tørrlegge strandsoner. Jo lenger den nedtappinga varer, jo meir alvorleg er det. Sannsynet for alvorlege negative konsekvensar er til stades, seier Hegg Gundersen.
Seksjonssjefen for miljøtilsynet i NVE seier dette er ei alvorleg sak. Dei har aldri tidlegare gitt eit så høgt lovbrotsgebyr til eit settefiskanlegg.
Foto: Jon Petrusson / NRKGjølanger Settefisk har seks veker på seg til å eventuelt klage på vedtaket. Dersom dei klagar, blir den behandla av Energidepartementet.
– Vi forventar at vatnet no er på lovleg høgde, seier Hegg Gundersen.
NRK har gitt dagleg leiar Sindre Øvrebø høve til å kommentere denne saka utover innleiande kommentar. Han har ikkje svart på spørsmåla våre. Vi har også kontakta styreleiar Peter Olav Midthun, som viser til Øvrebø for kommentar.
Publisert 19.12.2024, kl. 20.48