Nær halvparten fekk medhald då dei klaga på parkeringsbota

2 weeks ago 9


– Det er ei kraftig auke, seier Halgeir Jansen, rådgjevar i Statens vegvesens parkeringstilsyn.

Frå 2023 til 2024 har andelen klagarar som har fått medhald gjort eit byks, viser tal frå Parkeringsklagenemnda.

I fjor gjaldt det heile 41 prosent. Året før var andelen 30 prosent.

– Er det lurt å klage?

– Dersom du ikkje forstår kvifor du har fått bot eller er ueinig i at du har fått bot, skal du absolutt klage, seier Jansen.

1 million parkeringsbøter

Totalt blei det i 2024 skrive ut om lag 1 million parkeringsbøter i Noreg, viser tal frå Parkeringsklagenemnda. Også dette er ei auke.

Til samanlikning blei det i 2017 skrive ut 711.000 bøter.

Av alle klagene som fekk medhald, blei tre av fire trekt tilbake av parkeringsselskapet.

Skjerpa regelverk er grunnen, meiner Jansen.

For i desember 2023 blei parkeringsforskrifta endra.

Sveip og les om parkeringsbøtene til desse tre som NRK møtte på ein parkeringsplass i Haugesund:

  • ein person som bruker briller fortel om ein parkeringsbot ho fekk i Haugesund

    Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

    Tove Annie Gård

    – Eg prøvde å betale med myntar, kort og mobil, men ingenting verka, så måtte eg berre gå og handla. Og så kom rekninga i posten. Eg sende inn klage, men kom ingen veg med det.

  • ein mann som står på ein parkeringsplass

    Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

    Svein Ramsnes

    – Eg hadde vel så vidt gått ut av bilen på Voss og leita etter parkometer, men då var eg for sein allereie. Og det skjedde to gonger. Det såg nesten ut som dei låg i buskane og venta. Men det var min feil altså.

  • ein mann med hatt snakkar om parkeringsbøter på ein parkeringsplass i Haugesund

    Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

    Torleif Kvandal

    – Eg har køyrt bil i 50 år og berre fått ei bot. Når du fordeler den over alle åra, så er det billig. Sånn tenker eg.

    – Var det din feil?

    – Sjølvsagt! Eg stod på taxiplass.

Folk forstod ikkje kvifor dei fekk bot

Dei formelle krava til parkeringsselskapet er skjerpa.

Halgeir Jansen, rådgiver Statens vegvesens parkeringstilsyn

Halgeir Jansen i Statens vegvesen.

Foto: Simen Narjord/Statens vegvesen / NRK

– Grunnen til endringa var vel at folk ikkje klarte å forstå kvifor dei hadde fått bot. Difor måtte regelverket presiserast for å gi betre rettstryggleik for dei som parkerer, seier Jansen.

Ei parkeringsbot skal blant anna innehalde informasjon om korleis du kan kontakte parkeringsselskapet, kva du har gjort feil, korrekt registreringsnummer på bilen, korleis du kan klage og kva fristen er.

Og dersom parkeringsområdet ikkje er registrert i parkeringsregisteret er bota ulovleg.

En gruppe biler i et parkeringshus

Reglane for parkeringsselskap blei skjerpa på tampen av 2023. I 2024 blei tre fjerdedelar av bøtene Parkeringsklagenemnda skulle behandle, trekt av parkeringsselskapa.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

Treng ikkje gå på treningsstudio

Tor Gusdal går mellom 23.000 og 28.000 skritt kvar dag i jobben som parkeringsvakt i Eigersund parkering.

– Det er ein fantastisk fin jobb med mosjon og frisk luft. Eg slepp å gå på treningsstudio, seier han.

en person iført en gul jakke og står på en parkeringsplass. Tor Gusdal - parkeringsvakt Eigersund parkering

Tor Gusdal er ute på jobb for Eigersund parkering. – Vi må behandle alle likt. Står dei feil eller ikkje har betalt, får dei lapp på ruta, seier han.

Foto: Eigersund parkering / NRK

I høgre handa har han mobiltelefonen han bruker for å fotografere og registrere regelbrot.

Oppsettet i appen dei bruker er endra slik at dei møter krava i ny forskrift og bøtene som blir skrivne ut er lovlege.

Men dei som finn gul lapp på bilen sin har framleis dei klassiske unnskyldningane.

– Eg skulle berre! Det er den mest vanlege. Dei skulle berre inn på polet eller hente take away. Andre gonger har dei ikkje fått det til. Appen fungerte ikkje eller telefonen var tom for straum, fortel Gusdal.

Nye reglar kom raskt

Norges parkeringsforening, Norpark, seier medlemmane deira ikkje har opplevd endringane som særleg krevjande.

– Den største jobben har vore å endre oppsettet betjentane bruker. Det var tidkrevjande å få på plass og sikre at alt var riktig, seier dagleg leiar Espen Johansen.

en mann i dress

Dagleg leiar i Norpark, Espen Johansen.

Foto: Norpark / NRK

At så stor andel av krava blei trekt handlar om at regelendringane kom raskt og seint på året, meiner han.

– Dei sakene som kjem til nemnda er alltid nokre veker gamle. For å unngå å bruke ressursane til klagenemnda på å behandle saker vi kom til å tape uansett, valte selskapa å trekke dei sakene, seier Johansen.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre saker eg burde lage? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 13.04.2025, kl. 16.31

Read Entire Article