Nettselskapa vil endre beredskapen: – Vi må førebu oss på krig

5 months ago 25


– Vi må førebu oss på krig, seier sjef for nettselskapet BKK, Kristin Aadland.

Utsegna kjem i kjølvatnet av ein stadig meir usikker situasjon i Europa.

Under Statnett sin haustkonferanse denne veka, der sikkerheit var hovudtema, oppmoda Aadland nettselskapa til å tenke nytt

Europower omtalte saka først.

– Vi kjenner samfunnsansvaret vi har, både i fredstid, i krise og i krig. På Vestlandet kjenner vi på ansvaret vi har for straumforsyningane til kritiske nasjonale installasjonar. Når det er sagt, så krev tida vi står i at vi førebur oss på eit heilt anna bilete, seier BKK-sjefen.

Sabotasje-trusselen har auka

Førre månad åtvara PST kraftselskapa om at sabotasje-trusselen frå Russland har auka dei siste åra.

– Dei har til hensikt å skape frykt og usikkerheit. Usikkerheit på om myndigheitene er i stand til å levere sikkerheit og tryggleik, sa PSTs direktør for kontraetterretning, Inger Haugland, under Energidagene.

Kristin Aadland, sjef i nettselskapet BKK

– Gjennom det vi har erfart i Ukraina, så veit vi at straumforsyninga er eit kritisk mål, seier BKK-sjef Kristin Aadland.

Foto: Tobias Sjåfjell

Tidlegare i år har Nettselskapet AS i Trøndelag, som eig og drifter straumnettet som dekker Noregs kampflybase, Ørland flystasjon, funne fleire gjenstandar som ikkje høyrer til i kraftnettet, ifølge Teknisk Ukeblad.

Blant gjenstandane var ein GSM-sendar, som blei funne inni ein stasjon i same område som flybasen.

Dei fann aldri ut kven som eigde sendaren.

Samstundes ber MDG regjeringa om å trykke på alarmknappen etter fleire skadar på undersjøiske kablar i Østersjøen.

Regjeringa seier dei tek situasjonen rundt kraftforsyninga på største alvor.

– Vi arbeider kontinuerleg med dette og har tett dialog med NVE som har det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen. Vi har også kontakt med sikkerheitstenestene, seier statssekretær i Energidepartementet, Elisabeth Sæther.

Dei meiner systema for å vareta beredskap for kraft er gode.

– Systema er robuste og kan handtere ekstremvêr og tilsikta handlingar, seier Sæther.

Les heile svaret til Energidepartementet lengre nede i saka.

Dei som jobbar med beredskap i Forsvaret er ikkje samd i dette.

– På høg tid

Orlogskaptein og forskar ved Sjøkrigsskulen, Tor Ivar Strømmen, meiner det er på høg tid å tenkjer beredskap rundt installasjonane.

Han meiner beredskapen på dei fleste samfunnsområda i Noreg er «hårreisande dårleg».

Orlogskaptein og forsker ved Sjøkrigsskolen Tor Ivar Strømmen

– Vi burde sett i gang ei aktiv oppbygging av beredskapen allereie frå 2013 med Krim, og i alle fall etter fullskalainvasjonen til Russland i Ukraina i 2022, seier orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Vi har ei viss evne til å tole vêrskade, men er frykteleg dårlege til å tole skadar frå ynskte handlingar. I dag er veldig mykje digitalisert. Då må ein også sjå meir på cybertryggleik og korleis ein kan reparere skade, seier han.

Oberstløytnant Palle Ydstebø er sjef for seksjon for landmakt ved Krigsskulen, og blant landets beste ekspertar på krigen i Ukraina. Han er samd i betraktningane om å styrke beredskapen rundt kritisk infrastruktur.

Både for at den skal tole miljøskapte skader, som ved flaum eller ras, men også for å sikre mot fysisk eller digitalt skadeverk og sabotasje i fredstid, seier han og minner om at ein godt sikra infrastruktur toler ein krig betre enn ein som berre er billig i drift.

Palle Ydstebø, hovedlærer i seksjon for landmakt ved Krigsskolen.

Forhåpentlegvis er krigsførebuingane så gode og overbevisande at vi unngår krigen, og slepp å bruke det mangedobbelte på å utkjempe krigen, seier oberstløytnant Palle Ydstebø.

Foto: Hanna Johre

Orlogskaptein Strømmen seier sabotasje er eit verkemiddel for å redusere både evna og viljen til å støtte Ukraina i krigen.

– Før var spionasje og etterretning noko russarane prøvde å halde skjult. No er dei mykje meir aktive, og vågar å ta sjansar, seier han.

Bør sjå til Sverige

BKK-sjefen meiner at ein må ha ein gjennomgang av korleis nettselskapa vernar sine installasjonar, men også ein ny tenking rundt den nasjonale beredskapen.

Aadland er glad for den ambisiøse langtidsplanen for Forsvaret, men etterlyser meir heilskaplege planar på nasjonalt nivå.

Ho håpar at Noreg kan la seg inspirere av Sverige, som har aktivert ei sivilplikt mot elforsyninga, og har peika på ressursar som skal drive reparasjonsarbeid i krise.

– Dei har kartlagt ressursar i Sverige som kan kallast på i ein reparasjonsfase i ein krigssituasjon inn mot elforsyningsbransjen. Med å ha dedikerte ressursar som dei no byrjar å kurse og øve til å kalle på om ein skulle komme i ein krigssituasjon, seier ho.

Publisert 01.12.2024, kl. 20.55

Read Entire Article