Nord‑Noreg: – Tilflytting utanfrå er nødvendig for at bygdene skal fungere

7 hours ago 3


Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Klimaendringar og fråflytting set kystsamfunn i nord under press. Forskarar undersøker korleis dei kan bli meir robuste.

Båtar ligg ved kai på Husøy i Troms. (Foto: Jørn Berger Nyvoll)

I fleire kystsamfunn i Nord‑Noreg ser ein ein tydeleg trend: folketalet går ned og det blir fleire eldre.

Skular og barnehagar blir lagde ned, og barnefamiliar må flytte. Det blir færre som kan halde samfunnet i gang. Helsetilbodet blir svekt, og fritidsaktivitetane forsvinn.

– Difor må vi diskutere korleis kystsamfunna skal klare seg, seier Marit Aure, professor i sosiologi og kjønnsstudium ved UiT.

Det hadde kanskje vore enklast å berre flytte til byen. Der er det nærleik til sjukehus, mykje fritidstilbod og alt vi kan tenkje oss.

– Ta imot folk, bli kjent med dei. Vi må óg anerkjenne at menneske har ulike ressursar og kan bidra på forskjellige måtar, seier professor Marit Aure. (Foto: Stina Guldbrandsen / UiT)

Men skal vi berre la bygdene i Nord‑Noreg lide ein naturleg død?

– Nei, mange kjenner sterk tilhøyrsle til natur, kultur og historie på desse stadene. Det er her dei opplever at dei høyrer til, seier Aure. 

I tillegg er det geopolitisk viktig for Noreg at det bur folk i Finnmark, og då må vi sørgje for at folk trivst her, påpeikar ho.

Kampen for levande lokalsamfunn

For å få til det, er det mykje som må vere på plass. Ifølgje Aure er det aller viktigaste å halde oppe levande lokalsamfunn – det skal både vere noko å leve av og noko å leve for.

– Eg har forska på innvandring frå utlandet til kystsamfunna, og vi ser at tilflytting utanfrå er nødvendig for at bygdene skal fungere, seier ho.

Ikäheimo og Aure har forska på korleis kystsamfunna kan bli meir motstandsdyktige – kvar på sitt felt.

Aure har hatt fokus på flytteprosessar, fiskeindustri og innvandring, og Ikäheimo på klima og arbeidsplassar.

Føresetnaden er at dei som kjem hit, blir ein del av dei lokale fellesskapa, understrekar Aure.

Samfunna treng både kompetanse og eldsjeler

– Ta imot folk, bli kjent med dei. Vi må óg anerkjenne at menneske har ulike ressursar og kan bidra på forskjellige måtar, seier ho.

Kva skjer dersom vi ikkje ønskjer innvandrarar velkomne og ikkje lukkast med integreringa?

– Då vil det bli stadig færre unge i bygdene, og på sikt vil lokalsamfunna krympe, seier Aure.

Det eine fører til det andre. Når det blir færre folk, blir det óg vanskeleg å halde oppe både tenestetilbod og sosiale møteplassar.

Ho peikar på at vi treng både kompetanse og eldsjeler. Og at folk må snakke saman og samarbeide på tvers av sektorar, både offentleg og privat.

Deltakarar på drop‑in‑broderiverkstad under Festspela i Nord‑Noreg, der UiT‑forskar Marit Aure og tekstilkunstnar Marsil Al‑Mahamid frå Tromsø (og Serbia) formidla forsking og inviterte til broderiverkstad. (Foto: Stig Brøndbo)

Arbeidslivet som står i stormen

Tiina Ikäheimo har forska på korleis klimaendringar påverkar arktiske område, inkludert nordlege kystsamfunn og særleg dei som har arbeidsplassar der ein jobbar ute.

Ekstremvêr rammar spesielt dei som arbeider utandørs, og klimaendringane gjer vêret både meir uforutsigbart og meir krevande å handtere.

– Vi har funne ut at arbeidsplassar på kysten allereie opplever auka vêrendringar, seier professor Tiina Ikäheimo. (Foto: Privat)

Gjennom intervju har ho fått eit tydeleg innblikk i korleis ulike arbeidsplassar utandørs opplever situasjonen.

– Vi har funne ut at arbeidsplassar på kysten allereie opplever auka vêrendringar. Dei treng difor meir tid til førebuingar og vedlikehaldsarbeid, forsinkingar og kanselleringar, seier Ikäheimo.

Klimaendringar skaper meirarbeid i havbruket. Auka algeoppblomstring og lakselus krev meir oppfølging. Varmare og ustabile havtilhøve gjer både fiskevelferd og produksjon meir krevjande.

Samtidig fører tøffare vêr til større belastning og høgare ulukkesrisiko for tilsette på sjøanlegg.

Turistnæringa lid òg under klimaendringane. Denne veteranbåten er eit populært tilbod for turistar i Tromsø. (Foto: Jørn Berger-Nyvoll)

Meir stress i turistbransjen

Turistbransjen seier at lengre somrar og kortare, mindre snørike vintrar gjer at fleire turar blir avlyste.

Det krev meir planlegging og skaper meir stress for guidane, spesielt når kundane sine forventningar ikkje samsvarar med kva som faktisk er trygt i det uforutsigbare vêret.

– Vi ser at alle dei nye utfordringane óg kan skape psykososiale belastningar for verksemdene, seier Ikäheimo.

Sjølv om det er glattare vegar, dårlegare sikt på hav og land, meir uvêr og ekstreme temperaturar, må samfunnet haldast i gang.

Målet med forskinga er å styrkje beredskapen med utgangspunkt i menneska som står i feltet.

Det betyr å utvikle betre kompetanse, tydelegare beslutningsstøtte og tryggare arbeidsforhold, slik at tilsette kan handtere eit stadig meir uforutsigbart og risikofylt vêr i kvardagen.

– På den måten skaper vi eit meir motstandsdyktig samfunn, seier Ikäheimo.

Referanse:

Marit Aure mfl.: Will migrant workers rescue rural regions? Challenges of creating stability through mobility. ScienceDirect, 2018. D 10.1016/j.jrurstud.2018.03.005

Nasjonal havkonferanse om forskning og framtid

I sommer skal forskarar, myndigheiter og næringsliv diskutere korleis havområdane i nord påvirker Norges sikkerheit, beredskap og framtidige verdiskaping. Dette skjer under havkonferansen Blått Kompass i Tromsø 8.–9. juni.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article