Nordic Mining får halde fram å tømme gruveavfall i Førdefjorden

1 day ago 1


Høgsterett slo fast 17. juni at tillatinga til det omstridde prosjektet er ugyldig.

Klima- og miljøminister Bjelland Eriksen (Ap) let likevel selskapet halde fram å tømme gruveavfall i fjorden medan ny søknad blir behandla.

Avgjerda skaper reaksjonar.

– Dette er heilt absurd. Her prøver regjeringa seg på ein omkamp fordi dei er misnøgde med ein klar dom i Høgsterett, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen til NRK.

Han legg til:

–Det er totalt manglande respekt for rettsstaten og for at Høgsterett dømmer i siste instans.

E24 melde om utviklinga først.

Skal gjere ny vurdering av dommen

– Staten vil naturlegvis følgje opp Høgsterett sin dom lojalt. Det tyder at vi så raskt som mogleg skal gjere ei ny vurdering av tillatinga frå 2016, skriv Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

Departementet vil behandle søknaden så fort som mogleg, og reknar at han vil vere ferdig behandla over sommaren.

– Eg meiner det er urimeleg å be selskapet om å stanse deponeringa i den korte perioden medan vi vurderer søknaden om mellombels tillating, slår statsråden fast.

Bilde av en mann som ser inn i kamera. I forgrunnen er det kvister av et tre.

Klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen, meiner at tømminga ikkje vil påverke miljøtilstanden i Førdefjorden i behandlingsperioden.

Foto: Krister Sørbø / NRK

Vidare understrekar han at tømminga ikkje vil påverke miljøtilstanden i Førdefjorden i denne perioden.

– Ein stans vil no kunne skape uvisse for mange arbeidsplassar, ha negative konsekvensar for selskapet og dermed på sikt og kunne svekke tilgangen på råstoff til eit kritisk og strategisk metall.

På Facebook skriv Nordic Mining: «Vi er i drift. Vi produserer. Og vi held fram». Selskapet skriv vidare at det har vore krevjande dagar.

– Dagane sidan 17. juni har ved fleire høve vore tøffe. Tilsette som enkeltpersonar har stått i eit hardt mediebilete, sterke påstandar og stor merksemd. Og mange av desse påstandane kjenner vi oss ikkje att i.

– Heilt absurd

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, reagerer sterkt på at tømminga ikkje stoppar med ein gong.

– Først må verksemda stansast, så må regelverket oppdaterast slik Høgsterett har angitt at vassdirektivet skal tolkast i Noreg. Ein kan ikkje forskottere at dette anlegget skal få eit nytt løyve, berre fordi ein er misfornøgd med ein dom i Høgsterett, seier han til NRK.

Middelaldrende mann i grå jakke poserer i en hage med busker og blomster.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, reagerer sterkt på avgjerda.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Korleis vil de forhalde dykk til at regjeringa tolkar høgsterettsdommen på denne måten?

– For det første håpar eg at regjeringa snart vaknar og forstår at dette er fullstendig uakseptabelt og at dette er eit arbeidsuhell basert på dårlege rådgjevarar i Nordic Mining og Regjeringsadvokaten.

en bygning med et gjerde rundt

I bygda Vevring ved Førdefjorden har saka engasjert innbyggjarane i fleire år.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Politikarar er usamde om avgjerda

Også miljøpolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, er kritisk til regjeringa.

– Det er heilt utruleg at klima- og miljøministeren let Nordic Mining halde fram å bruke Førdefjorden som søppelplass, trass i den klare dommen i Høgsterett. Ministeren har openbert tenkt å legge opp til ein særs hurtig skinnprosess i arbeidet med å gi dei eit nytt utsleppsløyve.

Ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp), støttar avgjerda regjeringa har teke.

– Det er ei viktig og helt naudsynt avklaring. Etter mitt omgrep vil det vere heilt urimeleg å stanse drifta. Og det er viktig å få denne avklaringa for dei 130 tilsette som arbeidar der ute. Det er òg viktig for selskapet som har investert milliardar på dei løyva staten har gitt.

Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord.

Ordføraren i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp), meiner avgjerda frå regjeringa er riktig.

Foto: Bård Siem

Ein lang miljøstrid

Spørsmålet i saka har vore om gruveselskapet Nordic Mining skal få lov å tømme gruveavfall i Førdefjorden.

Dei hentar ut minerala rutil og granat frå Engebøfjellet, og hadde fått godkjenning av staten til å tømme 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom saksøkte staten i 2022, då dei meinte at dette ville skade livet i fjorden og bryte med EU sitt regelverk. Saksøkjarane tapte først i Oslo tingrett i 2024, før Borgarting lagmannsrett kom til motsett konklusjon i 2025 og understreka at vedtaket var ugyldig.

Denne dommen har Høgsterett no stadfesta.

Publisert 29.06.2026, kl. 16.51 Oppdatert 29.06.2026, kl. 20.31

Read Entire Article