Noregs VM-motstandar har vore prega av bråk – stjerna blei frosen ut

12 hours ago 5


Ein av Afrikas beste fotballnasjonar kom ikkje vidare frå gruppespelet verken i 2006, 2010 eller 2014 – men i motsetning til Noreg var dei kvalifiserte for den største scena.

Men nå har Elfenbeinskysten avansert i VM og skal altså opp mot Ståle Solbakkens utvalde i 16.-delsfinalen tysdag, takka vere to mål av Pépé i den tredje gruppespelkampen.

1–0 over Ecuador, 1–2 mot Tyskland og 2–0 over Curaçao gjer at folket i Guinea-bukta har fått nye forhåpningar for sine «Elefantar».

Men er harmonien i troppen sterk nok til å tole presset når det verkeleg gjeld?

Fotballspillere i blått og oransje drakter spiller kamp på en gressbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

NYGAMMAL HELT: Nicolas Pépé skårar sitt første mål mot Curaçao.

Foto: Peter Cziborra / REUTERS,NTB

Afrikameisterskapen i januar 2026 gjekk utan Nicolas Pépé, i Noreg mest kjent frå Arsenal-tida, men som nå speler i Villarreal i Spania.

Landslagssjef Emerse Faé heldt Pépé ute av troppen i januar og hinta om at det kom av utanomsportslege grunnar.

– Det er ikkje ein sportsleg sanksjon. Om vi berre skulle halde oss til det sportslege, ville han sjølvsagt ha vore med oss. Men når ein skal ta ut ein tropp, må ein ta omsyn til mange element, både på og utanfor banen, sa landslagssjefen ifølge L’Equipe.

Han forklarte ikkje meir kva han sikta til.

  • Elfenbeinskysten–Noreg kan du følge her tysdag frå kl. 19.00.

Utsett for rasisme

Emerse Faé

Elfenbeinskystens landslagssjef Emerse Faé valde å sette Nicolas Pépé ut av laget etter ein YouTube-kontrovers.

Foto: AFP

Velinformerte RMC Sport hadde likevel ei mogleg forklaring på avgjerda.

31-årige Pépé vekte oppsikt i ein You Tube-video med influensaren Just Riadh om Marokkos svake resultat i Afrika-meisterskapen – noko han seinare beklaga.

Han fortalde at han hadde blitt utsett for rasisme på nett som følge av dette, og skulda fotballforbundet i Elfenbeinskysten for manglande støtte, samtidig som han sette spørsmålsteikn ved om han ville fortsette landslagskarrieren, skriv The Business Standard.

Ifølge L’Equipe var Nicolas Pépé også skeptisk til spelarar som er fødde i Frankrike og som spelte for Frankrike på landslaget gjennom ungdomstida, og deretter valde eit afrikanske landslag, som Elfenbeinskysten.

Faé valde altså å droppe den tidlegare Premier League-spelaren i Afrikamesterskapen, men valde å ta han med til VM.

Og sist torsdag var han full av lovord etter at Pépé hadde skåra dei to måla mot Curaçao.

Dei skal ha skværa opp og vere vel forlikte nå.

Pokal i gull med en ball på toppen.

Hvem har størst sjanse til å vinne vm?

Akkurat nå er Brasil favoritten

PlasseringLandSjanse
1Brasil 10,1 %
2Frankrike 9,0 %
3Argentina 8,7 %

Basert på NRKs VM-prognose.

Bønn, song og dans

Nicolas Pépé har hatt ein bra sesong i Villarreal med åtte mål og åtte målgivande, og har halde fram med å produsere i VM.

Elfenbeinskysten er tilbake på øvste hylle etter at den «gylne generasjonen», med Didier Drogba som den mest kjente, rauk ut i gruppespelet i 2006, 2010 og 2014.

– Vi set ingen grenser for oss sjølve. Eg meiner vi har eit enormt potensial, sa Nicolas Pépé etter at avansementet var klart.

– Vi skal komme så langt som mogleg, og vi har spelarane til å klare det.

Det var emosjonelle scener etter kampslutt i Philadelphia torsdag. Nokre fall ned på kne i bønn ute på grasmatta. Sidan var det song og dans i garderoben.

Elfenbenskysten fans

Ivorianarar i hovudstaden Abidjan feirar at Elfenbeinskysten har gått vidare frå gruppespelet i VM for første gong.

Foto: Reuters

Emerse Faé har hatt ei rolle rundt Elfenbeinskysten sitt landslag sidan 2022. Gullet i Afrikamesterskapen i 2024 er den største prestasjonen til nå. Landslagssjefen har prioritert kynisk effektivitet over blendande enkeltmannsprestasjonar i eit lag der det kryr av kreative spelarar.

– Stoltheit er det første ordet eg tenker på, seier Elfenbeinskysten-trenaren til FIFA.com.

– Vi visste at vi kunne klare det, men vi visste også at det kunne bli vanskeleg.

Vill og uortodoks

Same Faé var på pressekonferansen etter den siste gruppespelkampen skeptisk til ei utsegn frå den tidlegare tyske toppspelaren Bastian Schweinsteiger, som nå er ekspert for TV-kanalen ARD.

Han uttalte tidlegare i VM at afrikansk fotball var «vill» og «uortodoks». Faé var «skuffa» over Schweinsteiger. Og heldt fram:

– Om vi skal kalle ein spade for ein spade, så er det rasisme, uttalte Faé.

Schweinsteiger har avvist at det var rasisme, og har blitt støtta av ARD.

– Eg snakka om fotball, ikkje om menneske, heitte det frå den tidlegare toppspelaren og TV-kanalen.

Publisert 30.06.2026, kl. 10.57 Oppdatert 30.06.2026, kl. 11.32

Read Entire Article