– Eg trur den eigentlege grunnen til Israels djupe skepsis mot UNRWA, er at den minner verda om at det finst millionar av palestinske flyktningar.
Det seier utanriksminister Espen Barth Eide om Israels forbod mot den største hjelpeorganisasjonen på Gazastripa, UNRWA.
Då staten Israel blei oppretta i 1948, måtte over 700.000 palestinarar flykte heimane sine. Dei blei spreidde i flyktningleirar i Egypt, Israel, Syria, Libanon og Jordan.
Ei livline på Gazastripa
Leveforholda i leirane er dårlege og mattilgangen lav. Behovet for velferdstenester var og er enormt. FN oppretta derfor ein hjelpeorganisasjon for dei palestinske flyktningane.
I dag er seks millionar palestinarar rundt om i Midtausten avhengige av UNRWAs tenester.
NAUDHJELP: To gutar ber ei eske med naudhjelp utdelt av UNRWA, i Deir al-Balah 4. november.
Foto: Ramadan Abed / ReutersFor palestinarane på Gazastripa, er UNRWA ei livline. Absolutt alle som lever der i dag, er avhengige av organisasjonen på ein eller annan måte.
– Men det er også slik at UNRWA legg til rette for alle dei andre hjelpeorganisasjonane. Så utan UNRWA, blir det eigentleg ikkje noko særleg naudhjelp inne i Gaza, seier Eide.
AVHENGIGE AV UNRWA: I dag er så godt som alle på Gazastripa avhengige av naudhjelp frå UNRWA.
Foto: Hatem Khaled / ReutersTerrorskuldingar
I oktober i år stempla Israel UNRWA som ein terrororganisasjon og forbydde dei frå å arbeide i Israel og israelskokkuperte område, altså Gazastripa og Vestbreidda.
Forbodet trer i kraft i slutten av januar, og kan i verste fall lamme arbeidet til UNRWAs 13.000 tilsette på Gazastripa.
Israelarar demonstrerer utanfor UNRWAs kontor på den okkuperte Vestbreidda.
Foto: Ahmad Gharabli / AFPIsrael hevdar organisasjonen er infiltrert av Hamas-krigarar og har skulda 450 tilsette for å vere tilknytt militante grupper på Gazastripa.
– Kvar einaste UNRWA-tilsett som har vore involvert i terrorverksemd, skal bli halde ansvarlege, sa UNRWA-sjef Philippe Lazzarini.
I august undersøkte FN saka og gav ni tilsette sparken.
– Det Israel gjer her, er i strid med folkeretten. Det å forby UNRWA, bryt med dei forpliktingane Israel har som okkupant. Dei er pliktige til å legge til rette for liv og helse for innbyggarane under okkupasjonen, seier Eide.
Prøver å overtyde naboland
Han vil at FNs øvste juridiske domstol, Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ), skal slå fast om forbodet mot UNRWA er i strid med folkeretten.
– Då er det ikkje lenger eit synspunkt, men gjeldande rett, seier Eide.
Men for at dommarane skal ta i saka, må forslaget få fleirtal i FNs generalforsamling.
Noreg, saman med 13 andre land, jobbar no på spreng for å sikre ei brei oppslutning.
På kvart sitt hjørne av verda prøver dei å overtyde sine naboland om å bli med på resolusjonsforslaget for å få saka til ICJ. Noreg jobbar særleg mot vestlege land.
Kvinner får utdelt naudhjelp i Khan Younis 6. desember.
Foto: Abdel Kareem Hana / AP– Spørsmålet om UNRWA-forbodet er i strid med folkeretten, handlar om Gaza, men dette handlar også om å stå opp for grunnleggande universelle, humanitære prinsipp, seier utanriksminister.
– Vi begynner her.
Forbodet trer i kraft i januar
Eide seier at det hastar. Både fordi det er ein månad til forbodet trer i kraft, og fordi det er omtrent like lang tid til at USA får ein ny president.
– Det vil vere nyttig å ha dette avklart før den nye amerikanske administrasjonen kjem inn, seier Eide.
– Kvifor skal Noreg bruke tid og ressursar på dette arbeidet?
– Vi er eit land som lever best med at folkeretten blir respektert. Det er viktig for vår eiga sikkerheit. Derfor står vi opp for prinsippa i folkeretten, anten det er våre motstandardar eller tradisjonelle vennar som bryt han, seier Eide.
Han viser til at Noreg sjølv nyt godt av folkeretten gjennom vår hausting av naturressursar i havet, som er vår rett gjennom havretten, innunder folkeretten.
– Folkeretten er ikkje noko vi berre har for andres del. Det er også avgjerande for eit lite land i ei stor og krevande verd.
Han håper at voteringa i generalforsamlinga vil skje i den kommande tida, forhåpentlegvis på torsdag.
MJØL: Ein gut kviler på ein haug med mjølrasjonar frå UNRWA, i Deir al-Balah i november i år.
Foto: Eyad Baba / AFP– Det er ikkje vits
Dei fleste partia på Stortinget støtter UDs arbeid med å få forbodet til Den internasjonale domstolen, med unntak av Framstegspartiet (Frp). NRK har ikkje lukkast i å få eit svar frå Kristeleg folkeparti.
Frps utanrikspolitiske talsperson Morten Wold kallar Israels UNRWA-forbod for «uproblematisk», og meiner at Israel ikkje bryt folkeretten ved å forby ein organisasjon å arbeide i eit område der dei har sikkerheitsansvar.
FrPs utanrikspolitiske talsperson Morten Wold meiner Israel er i sin fulle rett til å forby UNRWA.
Foto: Hakon Rusdal / Hakon Rusdal– Men dersom forbodet ikkje er i strid med folkeretten, kvifor er det då problematisk at FN-domstolen får slå fast nettopp det?
– Vi veit at representantar frå UNRWA deltok i terroraksjonen 7. oktober, og av den grunn meiner vi at det ikkje er vits i å bruke tid på å ta stilling til det i domstolen, seier Wold.
Eide meiner det er riktig å undersøke om UNRWA-tilsette har vore med på terrorhandlingar, og at desse må straffast.
– Men du kan ikkje straffe heile organisasjonen for det.
ICJ kan slå fast kva som er rett og galt etter folkeretten, men har ikkje sanksjonsmoglegheiter. Eide meiner det likevel er viktig å få på plass ei vurdering.
– Det vil vere ubehageleg for Israel viss det blir slått fast at forbodet er direkte folkerettsstridig. Eg trur det vil påverke politikken, utan at den israelske regjeringa nødvendigvis snur på dagen, seier Eide.
Publisert 17.12.2024, kl. 16.28