Ny Flåklypafilm neste jul: – Som å hoppe etter Wirkola

4 months ago 20


Flåklypa-universet til Kjell Aukrust er ikonisk for fleire generasjonar.

Det same er den melankolske balladen «Reodors Ballade» av danske Bent Fabricius-Bjerre.

Ny filmmusikk

Den nye filmen «Flåklypa- frå Paris til Pyramidene» får også heilt nykomponert filmmusikk.

– Det blir som å hoppe etter Wirkola, seier fiolinist og komponist Ola Kvernberg.

Han har fått det ærefulle oppdraget med å komponere filmmusikken, og han meiner det er viktig å rett og slett frigjere seg frå «Reodors Ballade».

– Ja, eg må det. Det er kanskje det beste filmscoret nokon gong. Og det er noko karakteristisk over det. Det bur vel i ryggrada på meg på ein eller annan måte, seier Kvernberg.

Ola Kvernberg spiller fiolin

Ola Kvernberg frå Fræna er mest kjent som jazzfiolinist.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Det er mellom andre Trondheim symfoniorkester som skal vere med og spele inn den nye musikken – som enno ikkje finst.

– Eg trur det er både viktig og riktig å prøve og starte eit nytt musikalsk kapittel. Så eg må lage noko nytt, slår Kvernberg fast.

Vil ikkje uttale seg før bilen er ferdig reparert

Det er Rasmus A. Sivertsen som skal regissere animasjonsfilmen «Flåklypa- frå Paris til Pyramidane».

Han er utdanna ved animasjonslinja ved Høgskulen i Volda, og står også bak suksessen «Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa», samt «Dyrene i Hakkebakkeskogen» og «Folk og røvere i Kardemomme by».

Skal du sjå Flåklypa-film i jula?

I den nye filmen melder Solan, Ludvig og Reodor seg på eit fartsfylt bilrace som går frå Paris, over Alpane, gjennom Italia og heilt til pyramidane i Egypt.

– Her blandar vi Kjell Aukrusts entusiasme for bilrace med hans utømmelege kreativitet og oppfinnsamheit. Gjer klar for utrulege farkostar i eit billøp utanom det vanlege, uttalar regissøren i ei pressemelding.

«Flåklypa- frå Paris til Pyramidane».

Det største animasjonsstudioet i Skandinavia, Qvisten Animation, skal vekke Aukrust sine figurar til live igjen på filmlerretet. Dei er knappe i kommentarane:

– Vi vil ikkje uttale oss om filmen før Reodor har reparert ferdig bilen, er alt dei vil seie.

Il Tempo Gigante med eier og mannskap.

Bilen Il Tempo Gigante med eigar og mannskap.

Barndomsminne

På Kampen i Oslo vekker det entusiasme at ein ny Flåklypa-film er på gang.

– Det er barndomsminne, julestemning. Eg har sett alle saman. Pappa tvingar meg. Det er koseleg, sigre Anya Abrahame.

– Eg forbind det med han eine gamle karen og den vesle karakteren, og det er så mykje rart som skjer, seier ho.

Emma Aleksandra Østby (til venstre) og Anya Abrahame seier Flåklypa får fram julestemninga.

Emma Aleksandra Østby (til venstre) og Anya Abrahame seier Flåklypa får fram julestemninga.

Foto: Iben Spillum Aam / nrk

Venninna Emma Aleksandra Østby er einige. Begge synest musikken er veldig viktig for stemninga i filmen.

– Dersom eg høyrer ein Flåklypa-song får eg veldig mykje meir julestemning enn alle andre julesongar.

Gil Tobias Rosentall Eide har sett Flåklypa-filmane saman med familien for lenge sidan.

– Eg knyter dei til familiestemning, ein familiefilm, seier han.

Gil Tobias Rosentall Eide står utenfor en skole på Kampen i Oslo på kveldstid, med sekk på ryggen, og en svart boblejakke. Gil har briller og krøllete hår.

Gil Tobias Eide meiner filmmusikk er veldig viktig.

Foto: Iben Spillum Aam / nrk

Komponisten Ola Kvernberg tur den nye Flåklypa-filmen vil slå like godt an hos alle generasjonar.

Det blir ei veldig artig film. Og så trur eg at den blir artig for alle. Både for dei unge og oss vaksne som har eit litt nostalgisk forhold til Flåklypa-universet, seier han.

Men fryktar du at det nostalgiske forholdet vårt også skal øydelegge litt?

Ja, det er alltid ein fare for det. Men eg må prøve å gjere det med så mykje hjarte og sjel som eg makter. Det er alt eg kan gjere, slår han fast.

Publisert 19.12.2024, kl. 15.13

Read Entire Article