Nye bombingar mot Khan Younis i Gaza

3 hours ago 2


Måndag morgon har eit israelsk åtak i Gaza øydelagt det framtasøytiske laboratorium på Nasser-sjukehuset i Khan Younis, ifølgje AlJazeera.

Det er meldt om fleire skadde og drepne, men myndigheitene har enno ikkje uttalt seg om åtaket. AlJazeera melder at minst seks personar er drepne.

Dette er andre gong på éi veke at dette sjukehuset blir bomba. Under åtaket 13. mai blei den palestinske journalisten Hassan Eslaih éin av to drepne.

Midtausten-korrespondent Åse Marit Befring fortel om Israel sin bakkeinvasjon i Gaza.

Sjukehuset er eitt av dei få sjukehusa som framleis er i drift i Gaza. Det ligg heilt sør på Gaza.

I løpet av morgontimane skal Israel ha gjennomført rundt 30 luftåtak mot mål i Khan Younis-området. Til saman skal minst 17 personar vere drepne av israelske styrkar på Gazastipa i løpet av måndag morgon.

Forhandlar om våpenkvile

Bombinga skjer etter at den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu kunngjorde at Israel skal starte ein omfattande bakkeinvasjon av Gaza snarast. Målet er å sende palestinarar på Gaza til andre land og ta kontroll over Gazastripa.

Israel leitar etter land som kan ta i mot palestinarar, men ingen land har førebels gått med på dette.

To menn bærer de døde kroppene til to barn som ble drept av Israels angrep på Nasser sykehus i Khan Younis, 15. mai.

Nasser-sjukehuset blei utsett for eit åtak av israelske styrkar tysdag førre veke. Biletet er frå 15. mai.

Foto: Hatem Khaled / Reuters / NTB

Samstundes forhandlar Hamas og Israelom ein avtale om våpenkvile og gissellauslating. Laurdag sa ein talsperson for Hamas at dei møter i Doha i Qatar og at forhandlingane er utan føresetnadar.

Forsvarsminister i Israel Israel Katz stadfestar også dette i ei utsegn laurdag.

Interessert i utanriks? Høyr podkasten vår her:

Publisert 19.05.2025, kl. 09.10

Read Entire Article