Det var Hennie Hayden-Rasmussen som vart funnen død på Nordnes i Bergen natt til fredag, melder bistandsadvokaten til dei pårørande.
Ho går ut med namn og bilde etter ønske frå dei etterlatne og i samråd med politiet.
– Familien er i sjokk og sorg og dei ønsker ro. Dei ønsker ikkje å sjølv uttale seg i media og dei ønsker ikkje at andre som kjente og stod Hennie nær, uttalar seg i media, seier bistandsadvokat May Britt Løvik.
– Familien ber om at pressa ikkje kontaktar familien eller Hennie sitt nettverk direkte, men at alle henvendingar blir retta til bistandsadvokat for avdøde og etterlatne.