– Vegetasjonen kan svært lett ta fyr: Ikkje bruk open eld, lyd varselet som gjeld til søndag.
Faren vil gjelde til det kjem nedbør av betydning.
Gult varsel for snø
Tørken i Sør-Noreg står i kontrast med vêret lenger nord. Samstundes som skogbrannfaren aukar langs vestlandskysten, er det sendt ut gult farevarsel for snø over 400–600 meter i delar av Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.
Heller ikkje i nord er vinteren heilt over.
– Vi ventar snø i høgda frå i ettermiddag til onsdag morgon i Nord-Norge. Snøen kan legge seg i vegbana, særskilt på nattetid, noko som kan gi lokalt vanskelege køyreforhold, skriv dei på X.
Publisert 20.05.2025, kl. 11.02