I sjakkmiljøet har gjetorda om Aksel Bu Kvaløy gått heilt sidan han var sju år gamal.
For da knuste han all motstand i noregsmeisterskapen for elleveåringar og stod att på toppen av sigerspallen.
Akkurat den sigeren fekk folk til å sperre opp auga. For Aksel Bu Kvaløy på sju greidde det Magnus Carlsen ikkje fekk til før han var ni.
Han hadde smadra Magnus Carlsen sin rekord med heile to år.
– Det var klart den gongen eg vart løfta mest fram, seier Aksel Bu Kvaløy til NRK
REKORD: Sju år gamle Aksel Bu Kvaløy i 2016 da han vann U11-klassa i NM.
Foto: PrivatStavanger-guten heldt fram med å imponere: Som åtteåring vart han nummer 5 i U14-klassa i NM.
Og i ei turnering i København same år smadra han ein 42-åring som hadde over 500 høgare ratingpoeng enn han.
Da hadde allereie samanlikningane med Magnus Carlsen gått føre seg ei stund.
– Eg kjenner liksom at eg har blitt vant til det. Det skjedde vel gjerne da eg var ganske liten, og så har det vore slik sidan, seier no 16 år gamle Kvaløy.
- VM i lyn- og hurtigsjakk følgjer du på NRK frå 26. desember.
– Umogleg å oppfylle
Likevel er det ein person som aldri offentleg har haussa han opp: Torstein Bae.
Han fortel at spørsmålet om ein ny Magnus Carlsen er på gong kjem opp ofte. Det er ein naturleg ting seier han, men likevel ei heilt umogleg samanlikning.
– Vi kan prate lettbeint og drøyme om å få ein ny Magnus Carlsen, men la oss realistisk sett hugse på at det kjem ikkje til å skje dei nærmaste hundre åra. Og ikkje mange hundre år etter det igjen heller, seier Torstein Bae.
VM-KLAR: I romjula skal Aksel Bu Kvaløy prøve seg i VM i lyn- og hurtigsjakk for fyrste gong. Her frå Eliteserien i sjakk desember 2024.
Foto: Hans Solbakken / NRKDerfor har Torstein Bae heilt bevisst prøvd å unngå å nemne unge framstormande sjakkspelarar som Aksel Bu Kvaløy med namn når han har kommentert sjakk.
Han meiner at å byrje opphaussing av ein 10–11 åring på TV vil vere å leggje for mykje press på eit barn sine skuldrer.
– Når ein er i den alderen, skal sjakk vere moro og eit spel og noko ein kosar seg med, seier Bae og legg til:
– Men at det skal bli ei forventning om at du er den neste Magnus Carlsen, så blir det ei forventning som nesten er umogleg å oppfylle, og da endar det opp med å bli ei litt slik kjedeleg og trist affære.
På andre sida av fjernsynsskjermen har Aksel Bu Kvaløy følgt med på sjakkens tv-overføringar og tidvis håpa på å bli nemnt.
– Kanskje nokre gonger har eg kjent på det, men det er ikkje noko som har plaga meg, seier han.
- Sjå kjendis-NM på NRK på VMs kviledag, 29. desember.
Kan nå verdstoppen
Aksel Bu Kvaløy sine prestasjonar skaut aldri fart på same måte som Magnus Carlsen sine gjorde da han var 11–12 år.
Nå entrar han likevel den største sjakkscena fordi han som 15-åring vann NM sommaren 2024.
NM-gullet gav han ein plass i VM i lyn- og hurtigsjakk i New York i romjula.
NM-GULL: Aksel Bu Kvaløy på toppen av sigerspallen under NM 2024.
Foto: Ola KvaløySjølv om Aksel Bu Kvaløy ikkje kom som ein tenåringsrakett inn i sjakkverda på same måte som Magnus Carlsen ein gong gjorde, fortel Kvaløy at han innimellom har kosa seg med rekordane han sette som barn.
– Altså det var jo noko eg gjerne skrøyt av til vener, men eg har alltid visst inst inne at eg ikkje kom til å skyte like ut som han gjorde da han var 12–13 år.
Når Kvaløy nå skal inn og kjempe mot dei beste sjakkspelarane i verda, er Torstein Bae klar for å dele kva han tenkjer om potensialet til tenåringen frå Stavanger. Og la det ikkje vere nokon som helst tvil:
Bae er veldig positiv.
– Han er jo ein heilt ekstraordinær størrelse, seier Bae entusiastisk om Kvaløy og held fram:
POTENSIAL: Torstein Bae har store forhåpningar til sjakktalentet Aksel Bu Kvaløy.
Foto: Hans Solbakken / NRK– Aksel har moglegheit til å bli ein spelar i verdseliten. Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal vere mogleg. Han er allereie på eit høgt nivå, men han er framleis ein ung mann.
Aksel Bu Kvaløy sjølv trekkjer lurt på smilebandet når han får høyre rosen frå Torstein Bae, og innrømmer at det er smigrande.
– Det følast bra. Det er godt å få komplimentar av ein eg såg opp til som liten, seier Kvaløy.
Endte rett i reklameskiltet: – Flaueste jeg noen gang har gjort 00:55
Publisert 20.12.2024, kl. 16.48