– Eg har hatt nokre tøffe samtalar med spelarar som ikkje er med no.
Det seier Grainger til NRK før Noreg skal spele to viktige nasjonsligakampar mot Frankrike og Sveits 21. og 25. februar.
Overfor NRK fortel landslagssjefen at ho, før kvart einaste uttak, gjer eit poeng ut av å ringe alle spelarar som blir uttekne.
Men ho gir seg ikkje med det.
Også spelarane som er nærast troppen, men ikkje kjem med, får ein personleg telefon.
– Det er alltid tøffe samtalar, og eg ønsker alltid å vere ærleg, fortel ho.
TELEFONGLAD: Gemma Grainger er opptatt av god kommunikasjon.
Foto: NTBGrainger anslår at ho bruker rundt 20 minutt på kvar enkelt samtale. Og før denne samlinga gjennomførte ho 25 av dei.
Herrane får ingen beskjed
På herrelandslaget har det vore stikk motsett.
Ståle Solbakken har tidlegare fortalt NRK at han omtrent aldri ringer nokon spelarar, verken uttekne eller vraka, før offentleggjeringa kjem på ein pressekonferanse.
Det har ført til nokre morosame situasjonar. I NRK-dokumentaren «Draumen om EM» fortel Glimts Brice Wembangomo at han såg det på TV då han blei tatt ut på A-landslaget for første gong.
– Vi får ingen beskjed. Plutseleg blir namnet ropt opp på pressekonferansen, kunne Wembangomo-lagkamerat Patrick Berg fortelje i dokumentaren.
– Då hadde eg blitt trassig. «Skal de ikkje spørje meg om eg har lyst? Då kan de berre gløyme det», spøkte Morten Ramm då Glimt-spelarane fortalde om korleis uttak på herresida fungerer.
Sjå episoden her:
Kan Noreg slå tilbake etter katastrofestarten i EM-kvalifiseringa? Kaptein Martin Ødegaard viser magiske evner både på og utanfor banen.
70 prosent livet
Men for kvinnelandslaget er det altså lange samtalar – i forkant av kvart einaste uttak og i bakkant av kvar samling.
– Eg trur alle spelarar vil ha ærlegdom, og kommunikasjon er ein viktig del av kven eg er. Det er ikkje alltid mogleg for meg å sitte ansikt til ansikt med spelarane, men det går an via ein telefon. Så eg tar meg den tida, seier Grainger.
Ho fortel at ho av og til kan bruke tre–fire dagar på rad for å gjennomføre personlege samtalar med over 25 spelarar.
Innhaldet i samtalane varierer. Av og til kan det dreie seg 70 prosent om livet og 30 prosent om fotball, nokre gonger 70 prosent om fotball og 30 prosent om livet.
– Det er ein prosess som eg prioriterer, for det er slik eg vil jobbe med spelarar. Eg verdset dei, og kommunikasjon er nødvendig, meiner ho.
VIKTIG: Ada Hegerberg meiner Gemma Grainger gjer lurt i å prioritere kommunikasjon.
Foto: Egil Sande / NRK– Utruleg nok ikkje så vanleg
Ada Hegerberg har spelt under mange ulike trenarar. Ho full av lovord om Graingers tunge satsing på éin til éin-kommunikasjon.
– Det er utruleg nok ikkje så vanleg som ein skulle tru, i ein vanleg arbeidskvardag. Men kommunikasjon, ærleg og direkte kommunikasjon, må ligge i botnen for å skape gode miljø. Så eg set veldig pris på det, seier ho til NRK.
Maren Mjelde støttar Hegerberg i at Grainger gjer rett i å vie såpass mykje tid til oppfølging av alle enkeltspelarar.
– Eg er veldig glad i kommunikasjon. Eg tenker at det er viktig enten ein er ein del av troppen eller ikkje, at ein veit kor ein står og kva ein må jobbe med. Det kan også handle om å bygge ein god relasjon til sin eigen trenar. Eg synest det er eit viktig verktøy og har fungert veldig bra, seier Mjelde til NRK.
BLEI VRAKET OG RINGT: Maren Mjelde er glad for at landslagssjefen ringer også på dei dårlege dagane.
Foto: Haron Hussain / NRKBlei vraka – og ringt
Mjelde seier ho trur ho snakkar for «veldig mange» når ho fullrosar landslagssjefen for grepet.
I fjor blei Mjelde vraka av Grainger til ei landslagssamling. Då fekk ho ein lang telefonsamtale og ei forklaring på kvifor.
– Vi hadde fleire samtalar. Så av og til er det gode beskjedar, og av og til er det litt meir kjipt. Men eg set heller pris på at det er på den måten, meiner ho.
NRK-ekspert: – Ikkje høyrt om før
NRK-ekspert Carl-Erik Torp lèt seg overraske av Graingers telefongrep.
– Dette har eg ikkje høyrt om før. Det vanlegaste er jo at ein landslagssjef tar ut troppen, og så får spelarane vite det på pressekonferansen, seier Torp.
OVERRASKA: NRK-ekspert Carl-Erik Torp.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKHan rosar samtidig Noreg-sjefen for initiativet.
– Nokre spelarar vil sikkert føle at den forklaringa ein får er piss dårleg, men eg tenker i utgangspunktet at det er betre enn alternativet, legg han til.
- Noregs første landskamp i 2025 blir spelt fredag kveld borte mot Frankrike klokka 21.10. Den kan du høyre på NRK Sport eller sjå på TV 2.
Publisert 20.02.2025, kl. 05.52