Persen om Støre-striden: – Ikkje unaturleg at vi diskuterer ulike posisjonar

5 months ago 23


– Eg synest ikkje det er unaturleg når nærmar oss landsmøtet at vi også diskuterer ulike posisjonar.

Det seier Marte Mjøs Persen, stortingsrepresentant og fylkesleiar for Vestland Ap.

Stortingsrepresentanten og fylkesleiaren i Vestland Ap peikar på at persondiskusjonar heller ikkje er så rart når partiet har så låge meiningsmålingar.

Persen vil ikkje svare på om ho ønsker å byte ut Jonas Gahr Støre som partileiar i Ap.

– Han er vår partileiar inntil han ikkje er det lenger. Eg unner Jonas alt vel i livet. Eg har fått mange moglegheiter av han.

Fekk ikkje attval

Fylkesleiaren set ikkje pris på at den offentlege debatten om partileiaren skjer på bakgrunn av anonyme kjelder.

– Det er ubehageleg, og ofte er det også mediedrive og baserer seg kanskje på færre kjelder enn det kan sjå ut som på trykk. Vi i Ap har system for dette, med årsmøte i kommunepartia og landsmøte. Det er organa som skal ta stilling til dette, seier Persen.

Sjølv er den tidlegare bergensordføraren og statsråden på veg ut av politikken.

Nyleg vart ho vraka av vallista til Ap i Hordaland til stortingsvalet neste år.

– Når det var eit slags rop og krav om fornying, tenkte eg at det ønsker eg ikkje stå i vegen for. Vi må samle laget, sjå framover og utvikle politikk for neste år framfor personstrid, seier ho.

Marte Mjøs Persen

Marte Mjøs Persen ba Ap i Hordaland stemme fram Lubna Jaffery då ho ikkje fekk nok tillit sjølv.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Ber Støre lytte til medlemane

Persen håper partiet landar på beina, samla.

– Det viktigaste er at vi kan levere sosialdemokratisk politikk. Vi som enkeltpersonar og politikarar er mindre viktige i den samanhengen, seier Persen.

Ho oppmodar Støre til å vende seg mot organisasjonen og lytte godt.

– Han må lytte til medlemane om kva som rører seg ute blant folk, utfordringane folk opplever på kroppen med høgare prisar. Det er heilt essensielt, seier Persen til NRK.

Publisert 06.12.2024, kl. 16.24 Oppdatert 06.12.2024, kl. 16.42

Read Entire Article