I februar tok ei gruppe med ukjende aksjonistar seg inn i eit hus i Lillehammer, og okkuperte det i protest mot utbygging av ny E6.
Politiet var tysdag morgon til stades ved huset.
Gravemaskin ved huset
NRK sin reporter på staden bekreftar at det var tre politibetjentar ved huset, som etter kvart reiste derifrå.
Dei var i samtale med entreprenør AF-gruppa, som skal bygge E6. Huset er no eigd av Nye Veier AS, som har ansvar for å bygge ut E6.
Okkupantane befann seg ei periode på taket. Ei gravemaskin har begynt å grave ved huset.
Operasjonsleiar i politiet, Haagen Løvseth, seier til NRK like etter klokka 10 at politiet har vore der, men ikkje er der lenger.
Han har ikkje meir informasjon til NRK om kvifor politiet var der.
Politiet var i samtale med AF-gruppa utanfor huset.
Foto: Roar Andre Berntsen / NRKProtest mot motorveg
Huset ligg ved traseen der ny E6 med tunnel skal bli bygd. Dei okkuperte huset i protest mot E6-utbygginga som skal gå føre seg der.
E6-utbygginga har vore kontroversiell, fordi den vil gå gjennom Lågendelta naturreservat.
– Dette er siste moglegheit vi har. Dette huset skal bli rive i samband med prosjektet og vi nektar å forlate det fordi vi ikkje ynskjer veg, sa okkupantane til NRK i februar.
Tidlegare har okkupantane dekka seg til, og vil ikkje stå fram med namn.
Publisert 11.03.2025, kl. 09.57 Oppdatert 11.03.2025, kl. 10.11