Politiskytinga på Jæren: Avdød mann i 40-åra oppsøkte gamal kollega med våpen

4 months ago 44


Det fortel sjåførens forsvarar Hege Veland til NRK i dag.

Forsvararen fortel at dei to er gamle kollegaar, men at dei ikkje har hatt kontakt dei siste åra.

Det var derfor uventa når den avdøde 40-åringen kom på døra natt til laurdag.

Då mannen kom på døra til 50-åra natt til laurdag fortalde han at han hadde med seg eit våpen. Mannen i 50-åra valde derfor å bli med i bilen av omsyn til familien som var heime, forklarar Veland.

– Han opplevde det som ein trusselsituasjons, seier Veland.

Etter kvart skal dei to ha reist tilbake til heimen til sjåføren i 50-åra, som då skal ha varsla sonen om å ringe politiet.

Dei to skal deretter ha reist ut igjen, før dei blei stoppa av politiet. Det var då skotvekslinga oppstod.

Hege Veland, forsvarer

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Eining med politiet sin versjon

Veland fortel også til NRK at mannen i 50-åra, som kom uskadd frå hendinga, er eining med politiet si forklaring om at det var 40-åringen som først skaut mot politiet.

Publisert 30.12.2024, kl. 12.24 Oppdatert 30.12.2024, kl. 12.25

Read Entire Article