– Det er pudder i Jotunheimen!
Mari Arnøygard Wedum nesten hoppar av fryd når ho testar skia i laussnøen ved Leirvassbu.
Produktet den daglege leiaren i Visit Jotunheimen har som jobb å selje, viser seg nesten frå si aller beste side når ho er med NRK på tur til den kjende turisthytta.
Det einaste som manglar er strålande sol.
– Dette er berre heilt rått, eg blir huga til å køyre rett ned att med ein gong!



Pudderalarmen har gått i Jotunheimen.
Foto: Even Lusæter/NRKI mars har snøen lava ned.
No er snødjupna godt over meteren.
Det er nesten ein meter mindre enn det som er vanleg i midten av mars.
Likevel, det er meir enn nok snø til alle.
Skiguide Iver Lund Aakre kallar nysnøen redninga for vårskisesongen i fjellet.
– Det ligg godt til rette for både påska og ein lang og god skisesong utover april og mai.
Mens dei snakkar startar det å snø endå meir.
– No har det komme ei skikkeleg dump, seier Wedum, og legg leande til:
– No har vi pudder til pungen til påske! Det likar oss!
Lurer du på kor det blir snø i påska? Her er ei slags oversikt:
Generelt kan ein seie at det er mindre snø i fjella no enn det som er normalt for årstida.
For landet sett under eitt ligg snømengda no på om lag 61 % av normalen, ifølge senorge.no. Det betyr at me manglar nesten 40 % av den snøen me vanlegvis har på denne tida.
Men KOR er det skiføre no, utanom Jotunheimen?
NB: Det er umogleg å få med absolutt alle plassar det er skiføre, men vi håpar dette kan gje deg eit par gode tips til kvar du kan spenne på deg skia i påska!
Austlandet:
Pål Erik Skaugen driv Smuksjøseter Fjellstue ved Høvringen i Rondane.
Også der har dei nok snø til påske.
– Heile løypenettet er ope, vi køyrer framleis over vatnet, det er ingen smelting på gong no, seier han.
Og legg til at han gler seg til påske.
– Det er heilt normal vinter her, seier Skaugen.
Smuksjøseter fjellstue på Høvringen og skiløyper i påskevær. Biletet er tatt i mars 2026.
Foto: Smuksjøseter Fjellstue Pål Erik Skaugen
Smuksjøseter fjellstue på Høvringen og skiløyper i påskevær. Biletet er tatt i mars 2026.
Foto: Smuksjøseter Fjellstue Pål Erik Skaugen
- Ved Sjusjøen i Ringsaker, på Nordseter i Lillehammer og på Skei i Gausdal, er snødjupna rundt ein meter ei dryg veke før palmehelga.
- I Trysil og på Beitostølen ligg det rundt 80 centimeter akkurat no.
- I Kvitfjell er det 70 centimeter, i Hafjell 80.
- På Norefjell er det ein halvmeter snø.
- På Geilo er 90 centimeter i skisenteret, og i Hemsedal ligg det rundt 60 centimeter snø i bakken. Utanfor løypene er det betydeleg mindre.
– Det har halde seg kaldt om nettene, så vi er heilt trygge på at det blir ei fin påske. Vi ligg jo ganske høgt oppe, fortalde Jonatan Eklöf til NRK tidlegare denne veka.
Han er destinasjonssjef i Skistar Hemsedal.
Per Øystein Turøy og Solveig Askevold Ulsund er ute med pulk i skiløypene på Nordseter. Dei har tru på at snøen kjem til å halde seg til påske.
– Med alt som har kome dei siste dagane har eg tru på det, seier Turøy.
For paret er det viktig med snø i påska. Som nybakte foreldre har dei sakna å gå på ski det siste åra.
– I påska har vi barnevakt, så då får vi endeleg gått litt skikkeleg på ski igjen, seier Ulsund
Men i påskeferien går turen til hytta på Oppdal.
– Vi kryssar fingrane for snø der også, seier Turøy.
Per Øystein Turøy og Solveig Askevold Ulsund i skiløypene ved Nordseter i Lillehammer.
Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK
Per Øystein Turøy og Solveig Askevold Ulsund i skiløypene ved Nordseter i Lillehammer.
Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK
Midt-Noreg:
I Trøndelag og Møre og Romsdal er det varierande forhold. Det er bra med snø i indre strok og mot svenskegrensa, men bart og vått langs kysten.
- På Stranda skisenter er det 70 – 80 centimeter våt snø.
- I Sunnmørsalpane er det ein knapp halvmeter akkurat no.
- Oppdal Skisenter melder om 80 centimer i skisenteret, med nysnø på toppen. Det er elles lite snø utanfor løypene.
Nord-Noreg:
Det er varierande forhold i nord. Mykje nedbør, kombinert med høge temperaturar, gjer snøen tung og våt. Det er fare for sørpeskred i bratt terreng.
- Mest snø før påske er det på Gjerdvassbu i Lyngen og Sjufjellet i Balsfjord i Troms. Der er det over 2 meter begge stader.
- Målselv har 60 centimeter snø.
- I Narvik er det rundt 70 cm på toppane og 40 cm i dalen.
- I Finnmark er det Kautokeino som har mest snø med litt under meteren.
Lyngsalpan i Troms. Dette biletet er frå 2017.
Foto: Ukjent
Lyngsalpan i Troms. Dette biletet er frå 2017.
Foto: Ukjent
Sørlandet:
Våren har komne tidleg til kysten. Ein må opp på høgfjellet i Agder for å finne skiføre.
- På Hovden er det rundt ein halv meter snø.
- I Sirdal er det 60 centimeter akkurat no.
Vestlandet:
- Unntaket er Voss og Røldal, der det er rundt ein meter snø i fjellet.
- I Sauda det mindrre snø i terrenget, men rund halvmeteren i skisenteret.
- Oppe på Hardangervidda er det jamt over gode snøforhold.
Lite snø i vest. Bilete er frå Breimsbyda i Gloppen.
Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK
Lite snø i vest. Bilete er frå Breimsbyda i Gloppen.
Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK
Her kan du sjekke snøforholda sjølv!
– Ver merksam, hugs fare for snøskred
Skiguide Iver Lund Aakre ber folk vere merksame i høgfjellet.
Akkurat no er det betydeleg snøskredfare i Jotunheimen der han ferdast.
Skiløparane blir små i det mektige landskapet i Jotunheimen.
Foto: Even Lusæter / NRK
Skiløparane blir små i det mektige landskapet i Jotunheimen.
Foto: Even Lusæter / NRK
I Indre Troms, Ofoten og Salten er det sendt ut raudt farevarsel for stor snøskredfare dei neste dagane.
Lund Aakre seier folk må planlegge kor dei har tenkt å gå, og sjekke vêrmelding og skredvarsel på varsom.no.
Iver Lund Aakre held til i Lom og jobbar som skiguide i Jotunheimen.
Foto: Even Lusæter / NRK
Iver Lund Aakre held til i Lom og jobbar som skiguide i Jotunheimen.
Foto: Even Lusæter / NRK
– Og er du usikker, så spør lokale kjentfolk, seier han.
Likevel meiner han at folk må reise til fjells i påska.
– Gladmeldinga er at det mykje snø, det er vinter og fantastiske forhold her oppe. Så dette lovar godt, her får du eigentleg alt du søkjer etter til påske.
Publisert 20.03.2026, kl. 20.09 Oppdatert 21.03.2026, kl. 17.40










English (US)