Dei siste månadene har debatten rast i Sunnfjord kommune, etter at forslaget til ny skulestruktur kom i fjor haust.
Kommunen må spare 70 millionar kroner, og foreslår å legge ned fire ungdomsskular og to barneskular.
Ein ny undervisningsvideo frå kommunen har vekt sterke reaksjonar. Videoen er laga internt og retta mot barn frå 3.- til 10.- klasse.
Sjå utdrag frå videoen:
Firda omtalte videoen først.
I videoen blir det å stenge skular mellom anna samanlikna med at to familiar flyttar saman. Alt fortald gjennom ei barnestemme.
– Då treng dei berre halde eit hus ved like. Kan dele på straumrekninga, og vaksne kan lage mat, vaske klede og hjelpe til med lekser på same tid. Fordi dei er fleire.
Foreldre ser raudt
Leiaren i FAU ved Førde barneskule, Silje Vangsnes, meiner videoen kan vere manipulerande. Ho har fått fleire reaksjonar frå andre foreldre.
– Vårt inntrykk er at kommunen nyttar ulike retoriske grep i filmen for å påverke elevane til sin fordel.
Silje Vangsnes er leiar i FAU ved Førde barneskule. Ho har sendt brev til kommunen etter at ho såg undervisningsvideoen.
Foto: Andrine Gald Myklebust / NRKForeldra reagerer også på korleis kommunedirektør Terje Heggheim blir framstilt i videoen.
– Videoane verkar å vere laga for å få elevane til å føle sympati og forståing for ein autoritetsperson som dei har null føresetnad til å forstå motivasjonen til.
Terje Heggheim er kommunedirektør i Sunnfjord kommune, men også ein gjennomgangsfigur i undervisningsvideoen «Terje har eit problem».
Foto: Arne Stubhaug / NRKKritikk fleire stadar
Kommunetoppar andre stadar har opplevd å få liknande kritikk.
Bodø kommune vart i haust skulda for å gjennomføre ein skinnprosess. Dei bad seksåringar om råd til korleis dei skulle løyse pengekrisa i skulepolitikken.
Eit av spørsmåla barna måtte svare på, var: «Korleis kan vi drive skular med færre elevar og mindre pengar»?
– Absurd, var ein av karakteristikkane den gongen.
I Sunnfjord er Janne Låver ein av fleire som reagerte sterkt då ho såg videoen.
Ho er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet, der ho ser nærare på innovasjon og regional utvikling. I denne saka uttalar ho seg som privatperson, ettersom ho har barn som snart skal byrje i skulen.
– Filmen som Sunnfjord kommune har laga er veldig skeivt framstilt.
Janne Låver er ein av fleire foreldre i Sunnfjord som no kritiserer undervisningsvideoen frå kommunen.
Foto: Katrine Sele / HVLHo meiner elevane berre blir fora med dei fakta som gagnar kommunens syn.
Låver meiner det er påfallande at det ikkje er nemnt at fleire elevar vil få betydeleg lengre reiseveg. Enkelte vil få rundt tre timar reiseveg til og frå skulen – kvar dag.
– Det høyrest ikkje akkurat ut som å flytte inn til naboen, for å seie det sånn.
Også ved Viksdalen skule har det vore markeringar for å redde skulen. Å stenge skulen kan gi elevane dagleg reiseveg på opp mot tre timar.
Foto: Privat– Eit partsinnlegg
Kjell Terje Ringdal, retorikkekspert og førstelektor ved Høyskolen Kristiania, trekk fram sider ved filmen han likar.
– Eg må gi kommunen honnør for å vere ganske kreativ. Filmen er morosam, søt, naivistisk og full av kontrastar.
Likevel er han tydeleg i konklusjonen:
– Det er eit partsinnlegg. Å kalle denne filmen eit oppspel til eigne vurderingar er berre tull. Filmen er manipulerande og trekker svaret i ei retning.
Kjell Terje Ringdal er førstelektor i retorikk ved Høyskolen Kristiania
Foto: Heiko Junge / NTBDet einaste som kan forsvare så sterke verkemiddel, ifølge Ringdal, er at kommunen oppfordrar elevane til å lage ein motfilm.
– Kva med å lage ein film som la opp til det motsette perspektivet? Nemleg at vi ikkje kan flytte elevane, og at vi ikkje kan slå saman skulane.
Forsvarar videoen
Kommunalsjef for skule, Åge Stafsnes, svarar at dei har forsøkt å formidle eit «komplekst innhald på ein pedagogisk og forståeleg måte».
– Om undervisningsopplegget blir oppfatta som manipulerande så er det sjølvsagt ikkje intensjonen. Vi meiner framstillinga og problemstillingane ikkje er framstilt manipulerande.
Han seier det er eit krav at barnas stemme skal høyrast i saker som dette.
Når det gjeld kritikken som samanliknar skulestenging med familiar som flyttar saman, svarar Stafsnes:
– Det kunne sikkert vore sider i filmen som kunne vore formulert annleis. Men det handlar om å konkretisere dersom du skal flytte to skular saman.
– Er det ei god samanlikning?
– Det kan ein diskutere, men vi har vald å gjere den samanlikninga der.
Kommunalsjef for skule i Sunnfjord, Åge Stafsnes, seier det har vore viktig å lage ein video som forklarar eit komplekst innhald på ein forståeleg måte.
Foto: Sunniva Fjærestad / NRKHan forsvarar også at utfordringar rundt lengre reiseveg ikkje er med i filmen. Dette er fullt mogleg å diskutere i bakkant.
– Vi tenker at det kan kome fram der. Elevar er veldig medvitne på slike ting. Dette er ein film som skal gjennomførast i klasserommet av lærarar. Så det er òg viktig at dei formulerer og jobbar med problemstillinga i klasserommet.
Publisert 30.01.2025, kl. 05.33