1. Les snøskredvarselet for ditt område. Finn ut kva dei ulike faregradene og skredproblema betyr for di ferdsel i skredterreng. Les også teksten «skredproblem» for kvart varsel. Den gjev meir informasjon enn berre talet.
2. Planlegg turen din heime. Legg opp til tur etter vêr- og snøforhold, og turgruppa sitt erfarings- og kunnskapsnivå. Ved turstart må du også vurdere om lokale snøforhold er annleis enn du forventa. Gjer ei ny vurdering om svaret er ja.
3. Følg med på dei fareteikna på snøskred naturen gjev deg: ferske skred, sprekker i snøoverflata, drønn frå snødekket ved belastning.
4. Ha gode ferdselsrutinar. Viss du må gå i skredutsette område, gjer det éin og éin, og hald god avstand til kvarandre. Stopp eller vent berre stader der du ikkje kan løyse ut skred, og der du ikkje kan bli tatt av skred ovanfrå. Hovudregelen er å unngå ferdsel i skredterreng, altså terreng som er brattare enn 30 grader.
5. Ver i stand til å kjenne igjen snøskredutsett terreng. Kvar kan det gå skred, og kor langt kan skredet gå?
6. Gjer alltid gjennomtenkte vegval. Still deg sjølv spørsmålet «kvifor kan eg ferdast her»?
7. Ha med rett utstyr. Ved ferdsel i nærleiken av skredterreng må du alltid ha skredsøkar (sendar-og-mottakar) på kroppen, samt søkestand, spade og førstehjelpsutstyr i sekken. Tren på å bruke utstyret før du går på tur.
Kjelde: Røde Kors