Redningsaksjon i Øygarden: Fått kontakt med siste kajakkpadlar

13 hours ago 9


Tredje og siste kajakkpadlar er funnen på land, melder politiet kl. 17.03.

– Han er komen på land og er i god behold, seier Tore Fanebust, vaktkommandør i 110 Vest.

Kl. 15.48 meldte politiet at to kajakkpadlarar hadde velta utanfor Ågotnes i Øygarden kommune.

Ein svømte i land og fekk meldt ifrå til naudetatane, og den andre var plukka opp av redningshelikopter kort tid etter.

Det var tre kajakkpadlarar i følget, opplyser Hovudredningssentralen.

Ein og ein halv time seinare kunne politiet melde om at den siste og tredje personen også var funnen.

– Han hadde padla i land der dei hadde avtalt å treffast, seier Fanebust.

Stor redningsaksjon

Ein større redningsaksjon er vart sett i gang i Hjeltefjorden utanfor Ågotnes, sør for Ramsøyna.

Både redningshelikopter, ambulansehelikopter, brannbåt, ambulansebåt og politibåt er ute.

DKHO

Etter ein time er framleis store ressursar med i søket etter den siste kajakkpadlaren.

Foto: NRK

– I tillegg har alle båtar rundt om har fått beskjed om å sjå etter vedkomande, seier Tore Fanebust i 110 Vest.

Det er framleis uvisst om dei to som er komne på land er skadde. Men dei vil bli tilsett av helsepersonell seier Fanebust.

Den tredje kajakkpadlaren kan ha padla vidare utan å få med seg at dei to andre velta.

– Det er litt urovekkande at vi ikkje har fått kontakt med vedkomande. Det kan vere han eller ho er komen på land, seier Fanebust i brannvesenet.

Publisert 03.05.2025, kl. 17.14 Oppdatert 03.05.2025, kl. 17.41

Read Entire Article