Regjeringa vil gjere det obligatorisk å ID-merke hundar

4 months ago 39


Dei vil òg regulere hundeavl.

Det kjem fram i regjeringa si nye stortingsmelding om dyrevelferd, der det også er fleire andre tiltak for sports-, hobby- og selskapsdyr.

– Regjeringa set i gang tiltak som skal hindre at folk kjøper dyr på impuls, og sikre at folk skaffar seg nødvendig kunnskap og kompetanse slik at dyra blir tatte godt vare på, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Dei vil og innføre registreringsplikt for store kattehald. I tillegg vil dei gjeninnføre forbodet mot herptilar (amfibium og krypdyr), men dei ønskjer at dei som allereie eig dyr, skal få behalde dei lovleg.

Her kan du lese alle forslaga frå regjeringa:

Publisert 20.12.2024, kl. 11.03 Oppdatert 20.12.2024, kl. 11.07

Read Entire Article