– Det er inga sjølvfølge å bli invitert tilbake, så det er veldig, veldig stort, seier Renate Reinsve.
Ho er Noregs kanskje aller største filmstjerne for tida, og saman med den anerkjente regissøren Joachim Trier tek dei med seg sitt seinaste filmsamarbeid «Sentimental Value» til hovudprogrammet i filmfestivalen i Cannes.
Filmen har fått det norske namnet «Affeksjonsverdi».
– Det er umogleg å føreseie kva reaksjonar ein kan vente seg på ein film. Det er dødssårbart, og ein er nervøs kvar gong. Eg kjem til å gå opp den raude løparen og vere like shaky som sist, seier Joachim Trier.
Filmen «Sentimental Value» blir vist for første gong på Cannes festivalen i mai.
Foto: Kaspar Tuxen / NRK– Det blir ikkje større en dette
Filmfestivalen i Cannes er den desidert beste lanseringsplattformen for nye filmar, ifølgje filmmeldar i NRK, Birger Vestmo.
– Ein plass i den gjeve hovudkonkurransen betyr som regel stor mediemerksemd og ein breid og sikker distribusjon på verdas kinomarknader. Det blir ikkje større enn dette, slår Vestmo fast.
– Augneblinken eg hugsar aller best
For fire år sidan skjedde det Renate Reinsve beskriv som ei sjokkarta oppleving i nettopp Cannes.
Filmen «Verdens verste menneske», regissert av Joachim Trier og med Reinsve i hovudrolla var teken ut til hovudprogrammet på filmfestivalen.
Heilt ny i gamet tok Reinsve piruettar på den raude løparen for å lausne på snippen og roe nervane.
Og det enda med at ho, som første norske nokosinne, vann den prestisjetunge prisen for beste kvinnelege hovudrolle.
– Eg visste ikkje så veldig mykje om kva Cannes betydde. Dagen etter at vi hadde hatt visning av «Verdens verste menneske» kom det tre menneske springande mot meg og kasta seg rundt meg fordi filmen hadde betydd så mykje for dei. Det er kanskje den augneblinken eg hugsar aller best, fortel Reinsve.
For Trier var ikkje Cannes-festivalen ei ny oppleving på same måte, fordi han hadde vore der før med filmen «Louder Than Bombs» i 2015. Det var likevel ei heilt spesiell oppleving for ein regissør.
– Det er dødskult for ein regissør å bringe ein person som er så flink som Renate ut i verda, der ikkje alle har sett henne før. Det var jo kjempegøy. For meg var det også ein film som fekk ei anna type merksemd, ikkje minst på kino. Den blei sett av veldig mange folk i heile verda på kino. Og det betyr noko, seier Trier.
Renate Reinsve vann den prestisjetunge prisen for beste kvinnelege hovudrolle i Cannes 2021.
Foto: AFPGjensidig tillit
I dei fire åra som har gått har Renate Reinsve spelt i fleire internasjonale produksjonar, blant anna i «A Different Man», med Sebastian Stan.
Skodespelaren, frå Solbergelva utanfor Drammen, er blitt særs etterspurt i filmbransjen, men ho valte likevel å rydde plass til ein ny Trier-film.
– Eg har lært litt om film sidan sist. Og eg har forstått meir og meir kor sinnssjukt god Trier er til å lage film, konstaterer Reinsve.
Dei har ein gjensidig tillit til kvarandre, som verkar å vere sjeldan vare mellom ein skodespelar og regissør.
– Det er ikkje så lett å finne nokon som er så flink som Renate nokon stad i verda. Vi har eit veldig godt samarbeid, ein enorm tillit mellom oss i å prøve å utforske ting som vi syns er viktig, men også som vi ikkje er heilt sikre på, seier Trier.
Joachim Trier og Renate Reinsve under Cannes-festivalen i 2021.
Foto: Vadim Ghirda / AP / NTBGler seg til å vise filmen
I fjor haust gjekk dei i gang med filminga av «Sentimental Value» i Oslo.
– Det var heilt absurd. Vi sto på sett første dag som om inga tid hadde gått, seier skodespelaren.
Med på laget var også store skodespelar-namn som Stellan Skarsgård, Elle Fanning og Inga Ibsdotter Lilleaas.
I vinter har Joachim Trier sitte på eit mørkt rom der han og teamet har redigert filmen. I prosessen har han betrakta prestasjonane til skodespelarane igjen og igjen. Og han er over seg av begeistring.
Regissør Joachim Trier gler seg til å vise fram filmen for første gong.
Foto: Christian Belgaux / NRK– Det skodespelararbeidet som er styrken i filmen, slår Trier fast.
Renate Reinsve har ennå ikkje rekt å sjå det ferdige resultatet.
– Eg har jo ikkje sett filmen ennå, men nå føler eg at eg kjenner Joakim så godt. Eg kan sjå det i auga når han snakkar om den at han er nøgd.
I mai vil Reinsve, Trier og resten av gjengen vere på plass på den raude løparen i Cannes.
– Det er ein veldig fin stad å vise filmen første gong. Det er mange menneske der. Det er litt skummelt, men vi har fått det til før, så vi får håpe det går bra den gongen òg, seier Trier.
Publisert 10.04.2025, kl. 11.41 Oppdatert 10.04.2025, kl. 12.00