Rundt 20 tilsette varsla om leiarstilen til konkurranse­direktøren

3 months ago 19


Måndag opplyste Tina Søreide sjølv at ho valde å gå av som direktør for Konkurransetilsynet i Bergen, tre år før tida.

– Det er mykje eg er fornøgd med, men ser no at eg heller bør ta fatt på nye oppgåver, skreiv Søreide i ein SMS til NRK.

No kan NRK fortelje at bakteppet er at rundt 20 tilsette sende inn varsel mot ho i haust.

– Det har kome inn ei rekke varsel om leiarstilen hennar og uforsvarleg arbeidsmiljø. Rundt 20 personar frå ulike delar av organisasjonen har varslarstatus, seier hovudverneombod Erling Espeskog.

Søreide stadfestar til NRK tysdag at det har kome varsel, men at det ikkje er innhaldet i varsla som gjer at ho går av.

– Ovanfor varsla, har eg vore igjennom ein omfattande kontradiksjonsrunde med arbeidsgivaren min. I den forbindelse har eg også lagt fram omfattande dokumentasjon.

Ho seier ho kunne ha halde fram i jobben med støtte frå departementet.

Gjennom ein konstruktiv dialog, fann me imidlartid ei anna løysning, seier Søreide.

– Dette har vore ein krevande situasjon, legg ho til.

«Omfattande og alvorlege forhold»

Hovudverneombod Espeskog vil ikkje kommentere innhaldet i varsla, men omtalar det som «omfattande og alvorlege forhold».

Varsla har blitt behandla i Nærings- og fiskeridepartementet, opplyser han.

– Dette er ei personalsak som har enda i det vi har sett no. Det har gått føre seg over ei tid og vore ei stor belastning for mange, seier Espeskog.

Det er Håvard Rusken i Juristforbundet og Kristjan Rustad i Samfunnsøkonomene som er hovudstillitsvalde i Konkurransetilsynet. Dei stiller seg bak Espskog si uttaling.

– Det har vore ei konflikt som handlar om leiarstilen til konkurransedirektøren. Vi er glade for at vi har komme til denne konklusjonen og at vi no kan legge det bak oss og sjå vidare. Vi ønsker ho lukke til vidare, seier Rusken.

NRK har så langt ikkje fått svar frå departementet om denne saka.

– Oppteken av arbeidsmiljø

Det var DN som først meldte at Søreide går av. Dei gir att ei internmelding Søreide har lagt ut på intranettet til Konkurransetilsynet.

Der skriv ho blant anna:

Og:

– Kva tenker du om det ho skriv i internmeldinga gjeve att i DN, Espeskog?

– Det er riktig at det har vore organisasjonsendringar, men det er ikkje der skoen trykker, seier hovudverneombodet.

«Koordinerte klager»

Søreide seier det har kome «kooridinerte klager», og at ho tenker at det «ikkje er hald» i varsla.

– Det har ikkje vore meldingar som har gjort at eg måtte forlate stillinga mi. Eg har vore ein engasjert og dedikert leiar. Eg har vore opptatt av å kome i møte forventningane frå departementet, seier Søreide.

Ho seier også at det er prosessen rundt varsla som gjer at ho går av.

– Det skapte ein situasjon som gjorde at eg ikkje ville gå tilbake, seier Søreide.

Søreide seier til NRK at Konkurransetilsynet har vore under eit veldig forventningspress.

– Det har vore eit høgt press om at tilsynet skal få ned prisar på daglegvarer. Det er eg ikkje er riktig at eg er adressat for. Eg føler det er svært, svært urimeleg, seier Søreide.

Søreide hevdar at alle varsla er tilbakeviste.

– Kunne du gjort noko annleis som leiar?

– Eg trur ingen leiarar er feilfrie, og heller ikkje eg. Det er ikkje konkrete ting eg ser at eg skulle gjort annleis. Eg har vore dedikert og ærleg, engasjert og venleg. Skuldingane som er kome er malplasserte og feil.

Svarer om leiarstil og personal sak

Søreide seier ho ikkje er kjend med at det har vore nokon «personalsak» mot ho, på noko tidspunkt.

Ho svarar følgande på epost til NRK tysdag føremiddag på spørsmål om leiarstilen hennar:

– Eg har hatt ein open og tett dialog med departementet som min arbeidsgivar sidan eg tiltredde mi stilling som konkurransedirektør, skriv ho.

Eg har vore open og inviterande, og lagt vekt på, at alle tilsette kan kome til meg med kva det skulle vere av kritikk og innspel til alle sider av vår verksemd, og om meg. Dette har jeg dokumentert overfor departementet.

Har du tips?

Veit du noko meir om denne saka?

Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? 

Send meg veldig gjerne ein e-post. 

Publisert 28.01.2025, kl. 11.22 Oppdatert 28.01.2025, kl. 11.24

Read Entire Article