Russland vil ha med FN i forhandlingane om våpenkvile.
Nå har Ukraina og USA nye samtaler i Riyadh, fortel ukrainsk kjelde til AFP.
Det seier den russiske diplomaten Grigory Karasin tysdag morgon.
– Vi skal fortsette samtalane, saman med det internasjonale samfunnet, seier han til nyheitsbyrået TASS.
Uttalen kjem ein dag etter delegasjonar frå USA og Russland møttest til samtaler om våpenkvile i den saudiarabiske hovudstaden Riyadh.
– Vi diskuterte alt, det var ein intens samtale, ikkje enkel, men veldig nyttig for oss og amerikanarane, seier Karasin.
Samtidig understrekar Karasin at de ikkje er i nærleiken av å løyse alt.
Møtet mellom partane var på måndag, og varte i 12 timar.
Før møtet mellom USA og Russland hadde delegatar frå USA og Ukraina samtalar på søndagen.
Tidslinje USA - Russland - Ukraina
Milepælar i arbeidet for våpenkvile og fredsavtale i Ukraina
Etter møtet fortalde den ukrainske forsvarsministeren på X at samtalane var produktive og fokuserte.
– Vi fokuserte på nøkkelpunkt, blant anna energi, skriv Rustem Umerov.
I løpet av søndag og måndag har både russiske delegatar og ukrainske delegatar våpenkvile-samtalar med USA på hotellet Ritz-Carlton i Saudi-Arabia.
Foto: ReutersVåpenkvile
Det kvite hus har tidlegare uttalt at dei vil ha ei våpenkvile innan 20. april, skriv Reuters som siterer anonyme kjelder avisa Bloomberg har snakka med.
Den amerikanske presidenten Donald Trump, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og Russland president Vladimir Putin.
Foto: SAUL LOEB, MAXIM SHEMETOV / AFP / NTBDette har ikkje opplysningar frå offisielt hald bekrefta.
Ukraina har sagt ja til USAs forslag om våpenkvile i 30 dagar.
Vladimir Putin har sagt nei til dette, men ja til å avslutte angrep på ukrainske kraftverk. Han har opna for forhandlingar om våpenkvile i Svartehavet og sagt ja til fangeutveksling mellom Ukraina og Russland.
Publisert 25.03.2025, kl. 09.03 Oppdatert 25.03.2025, kl. 09.17