Rutetidene på hurtigbåten blei som frykta - Jan tør ikkje flytte til det nybygde huset sitt

4 hours ago 2


Dei 12 øybuarane på Store Hamnsund på Sunnmøre er heilt avhengige av hurtigbåt for å kome seg inn til byen Ålesund på arbeid og fritidssyslar.

Den siste tida har det igjen vore uro rundt båttilbodet.

I dag blei det nye rutetilbodet kjent, og fleire avgangar på kveld og helg er kutta heilt.

– Det er veldig dårleg. Her går det jo ikje an å bu, seier Jan Huse (60).

Han fortalte nyleg til NRK at han har bygd eit designhus til mange millionar saman med kona, men ikkje tør å flytte inn i det store huset.

Frykta er at dei ikkje kjem seg til fastlandet og heim igjen når dei treng.

  • Frå kjøkkenet til Jan og Ragnhild Huse som har bygd hus på Store Kalvøy

    Det er utsikt til havet frå kjøkkenet

    Foto: privat
  • et rom med seng og bord (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Huset kosta 6 millionar kroner, men mykje meir dersom ein reknar med all eigeninnsatsen gjennom fire år

    Foto: privat
  • en trekonstruksjon i skogen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Familien har bygd det meste av huset sjølv på kveldstid og helger

    Foto: privat

Skal spare pengar

Det er pengemangel som fører til at fleire turar til hurtigbåten blir kutta.

Fylkeskommunen skal spare pengar, og har vist til at det er få passasjerar på mange av avgangane.

Onsdag ettermiddag blei det kjent at selskapet Cruise Service AS er tildelt kontrakten, og dei nye rutetidene gjeld frå årsskiftet.

I ei pressemelding skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at dei no har sikra «eit stabilt og brukarvennleg tilbod».

Det er ikkje leiaren i velforeininga, Robin Stamnes Thorholm enig i.

– Det er som vi frykta. Dette blir starten på slutten på Kalvøya. Slik som det er lagt opp no er det ikkje mogleg å ha eit normalt liv der ute og ha ein kommunikasjon inn mot fastlandet, seier han.

Han kallar det ei styrt nedlegging av øya.

  • Et hvitt fergeskip seiler bortover en vannflate med snødekte fjell i bakgrunnen. Skipet lager et tydelig kjølvann bak seg. Det er flere andre fartøy synlige i det fjerne, samt en bygd som ligger langs kysten. Himmelen er overveiende klar med noen lette skyer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Det tar 15-20 minutt med hurtigbåt frå Ålesund til Store Kalvøy

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Tre menn sitter ved et bord i et skip. En mann i grå lue og briller sitter til venstre, mot en mann med mørk genser. Til høyre sitter en mann med blå jakke og bruker en bærbar PC. Utenfor vinduet sees en kystlinje med hus og båter. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Jan Huse, Karl Johan Skårbrevik og Robin Stamnes Thorholm bur alle på Store Kalvøy

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Tre menn står på en brygge ved siden av et havnebasseng. En av mennene er kledd i en brun frakk og et grått skjerf. Den andre mannen, som står i midten, har på seg en svart boblejakke. Den tredje mannen, som står til høyre, har også en svart jakke på seg. Bryggen er laget av metallgitter og har rekkverk. Det er noen hus og trær i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Det er 12 fastbuande på øya og no mobiliserer dei for å unngå rutekutt

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eit rimeleg greit tilbod

Geir Wingaard-Olsen er rådgjevar hos Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han er godt kjent med at folket på Store Kalvøy er skuffa over avgjerda.

– Utfrå folketalet synest eg det er eit rimeleg greit tilbod, men ut frå det tilbodet dei har hatt, så skjønar eg det.

Han seier det kan vere mogleg å endre noko, og at kontrakten først skal signerast neste veke.

– Rutetidene kan nok justerast noko på ettermiddagen, men kor mykje kan eg ikkje svare på, på strak arm.

Det samme gjeld rutene i helgane.

Kontrakten om drifta av ruta blir signert neste veke.

Leiaren i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Hans-Olav Myklebust (Frp) har tidlegare sagt at utgangspunktet var å legge ned båtruta heilt, men at dei no har klart å berge nokre av avgangane.

Ber kommunen om å trå til

Jan Huse og kona Ragnhild har brukt 6 millionar kroner på huset, i tillegg til fire år med eigeninnsats. Haram kommune kravde at dei bygde hus og ikkje fritidsbustad.

Huse meiner det forpliktar og foreslår at kommunen spyttar i og tek utgiftene med ein ekstra båt på kveldstid.

– Dette er svært skuffande, seier han.

  • Jan Huse og kona Ragnhild Huse eig kafeen Dråpe i Ålesund

    Jan Huse og kona Ragnhild eig kafeen Dråpe i Ålesund

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Ragnhild Huse er eigar og drivar av Dråpe kaffehus i Ålesund

    Ragnhild er dagleg leiar ved kafeen

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • To mennesker sitter ved et bord inne på en kaf og ser på hverandre mens de smiler. En kvinne med briller lener seg på hånden, og en mann med briller har en rød skjerf. Utenfor er det bygning og en bil synlig gjennom vinduet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    No tør ikkje paret selge einebustaden sin i Ålesund, så dermed har dei to hus

    Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 17.06.2026, kl. 18.10 Oppdatert 17.06.2026, kl. 18.47

Read Entire Article