Samtalane mellom USA og Ukraina er i gang

1 month ago 15


Tysdag møtest delegasjonane i den saudiske byen Jeddah for å diskutere ein fredsplan.

Rett over 10 meldte dei at møtet var i gang.

MENN I DRESS SITTER RUNDT ET BORD

Anton Gerasjenko, frå Ukrainas delegasjon til Jeddah, har delt dette bildet frå forhandlingsbordet.

Foto: X/Anton Gerashchenko

Zelenskyj møtte kronprinsen

Forhandlingane blir det første møtet mellom Ukraina og USA etter at Donald Trump skjelte ut Volodymyr Zelenskyj i Det kvite hus i slutten av februar.

Ingen av dei to presidentane deltar på dagens møte.

Zelenskyj er likevel til stede i Jeddah. Måndag kveld møtte han Saudi-Arabias kronprins Mohammed bin Salman. Dei to diskuterte Saudi-Arabias moglege rolle som meklar i forhandlingane mellom Ukraina og Russland.

en mann som håndhilser på en mann i kappe

Zelenskyj og Bin Salman i Jeddah måndag kveld.

Foto: - / AFP / NTB

Tysdag føremiddag skriv det saudiske nyheitsbyrået SPA at det blei diskutert ein «berekrafitg, rettferdig og omfattande» fred i Ukraina.

– Dei to sidene ser fram til å utforske samarbeid rundt olje og gass, står det i ei felles utsegn frå kronprinsen og presidenten.

Droneangrep før samtalane

Ukraina er hardt pressa av USA og Russland.

I aust gjer russarane framsteg. I vest har USAs president Donald Trump frose våpen- og etterretningsstøtta, etter det oppheita møtet i Det kvite hus.

Natt til tysdag forsøkte ukrainarane å skaffe seg ein betre forhandlingsposisjon ved å gjennomføre det største droneangrepet mot Moskva hittil i krigen.

– Det var forventa. Det handlar om relativ militærmakt, og Ukraina bruker det vesle dei har for å skaffe seg forhandlingsmakt overfor både USA og Russland, seier Janne Haaland Matlary om angrepet.

Ho er professor i internasjonal politikk ved Universitetet i Oslo og Forsvarets stabsskule.

Publisert 11.03.2025, kl. 10.25 Oppdatert 11.03.2025, kl. 10.31

Read Entire Article